Månedlige arkiver: desember 2013

Min adventskalendar; 5. desember – sjokoladekake

Det snøar, Big Time, i Dalen i dag. I går var eg og gutane ute og sklei og laga snølykter (som vart både nedsnødde og vekkbrøytte, men det er ikkje nøye). Eg og minsten som har fri frå barnehagen i dag, bakar sjokoladekake (som står nedom her) og skal ein tur ut og brøyte før me skal på Tae Kwondo gradering!

Så i dag heiar eg på mellom guten i familien. Han er 8 år og skal graderast i tae kwondo i dag! Hurra!

snø

Då er det på plass med ei enkel platekake, som er rask og enkel. Takk til Karin, som var styraren min i gamle dagar for den geniale oppskrifta!

Langpannekake
6 koppar mjøl
4 koppar sukker
4 egg
2 koppar mjølk
300 gram smelta smør
3 ts bakepulver
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
Bland alt, rør kun med visp, ikkje mixmaster.
Steik på 180 grader i 30 min.

SJOKOLADEKAKE

Ferdig kake

Kaffi og sjokolade

Prøvesmaking…

Denne er grei å ty til når du skal ha bake-dugnad, t.d. til tae kwondo-gradering og slikt. Og viss du brukar o’boy i glasuren istaden for kakao, vert den lys og fin – så veit du det 😉

Hugs å nyte førjulstida. (Eg innrømmer glatt at førjulstida skjeldan vert koseleg for meg, eg stressar som ein gal. Men i år er eg tidleg ute 😉 Prøver eg stadig å overbevise meg sjølv om – i god NLP-ånd)

-Gudrun-

snø

Utsikten frå stoveglaset i dag tidleg, koseleg å sitte inne og sjå på snøen med kaffikoppen og vite at du ikkje treng køyre bil på Dalavegen i dag 😉

Min adventskalendar; 4. desember – rundstykker 1

I dag fyller eg opp frysen med rundstykker. Kjekt å ha heimebakt til julefrukostane.

snø

Begynner med oppskrifta frå Bestemor <3

Eg var so heldig at eg hadde besteforeldre på verdas vakraste øy, Bømlo. Kvar gong me kom til Lykling, fekk me desse gode rundstykka. Dei smakar best med rørt jordbærsyltetøy 😉 (Jepp, barndomsminne <3 )

 Bestemor sine rundstykker

1 l mjøl
1 ts salt
4 dl mjølk
4 barneskreier sukker
4 ss smør
1 pk gjær

 Smelt smør, ha den i mjølka. Rør gjæren ut i sukkeret.
Bland alt og rør forsiktig, ingen elting.
Trill ut lange pølser som kuttast opp i ca 32 stk.
Set ferdig trilla bollar til heving i ca to timar. (Ingen forheving)

 Steik i ca 10 min 200-225 grader

Bestemor bakte som sagt desse som me fekk til frukost, då eg var 12 år gammal, døde ho. Bestefar var enkemann i 16 år, men held tradisjonen ved like. Ganske imponerande av ein mann på 76 år.

Takk for gode minner <3

-Gudrun-

Min adventskalendar; 3. desember – juleverkstad

I dag trur eg rett og slett det vert julemusikk, julekaker og julegodis frå 1. og 2., gløgg og juleverkstad med mine tre små/store. Me har funne fram glanspapir og perlebrett og skal lage julepynt.

snø

Det er koseleg å ha både små og store ungar saman. Dei store kan lage litt meir utfordrande pynt, og dei kan hjelpe dei små.

Desse papirstjernene til BareBeppe har gått som ein farsott på instagram. Dei er kjempe enkle, og svært dekorative.

juleverkstad1

Slik ser det ut på bordet når me startar.

juleverkstad2

Men det eskalerer fort.

juleverkstad3

Her er litt av resultatet; ein boks, eit kort og tre deler til stjerna.

Det vart fem av BareBeppe sine stjerner, to boksar (kjem forklaring i ein seinare post), 4 julekort og sikkert noko meir som eg ikkje kjem på.

(Eg skal vere ærleg; me gjorde dette i går 😉 For å få med bilder ligg me ein dag føre. Tysdagar er ikkje dagar der me har tid til noko ekstra. Ungane kjem att med skulebussen kl 15, og me skal gjere lekser, levere veslebror til barnevakt og komme oss på trening til kl 17. Storesøster har tae kwondo-trening, mens eg og storebroren har, som eg muligens har sagt noko om før…, klatring. No er det øyeblikkeleg Bratt-kort på a’ mor!)

Kos dykk i førjulstida. Juleverkstad er kjempe moro, iallefall etter at me har lagt den yngste 😉 Kva lagar du til jul?

-Gudrun-

Min adventskalendar; 2. desember – sjokolade karameller

Så var det måndag. Eg delte karamell-oppskrifta mi i fjor, og tenkte at eg skulle gi deg jenta mi si oppskrift i dag. Kjempe gode, og heilt annleis enn mine. Desse vert meir sprø og smeltar på tunga.

snø

Hilde sine karameller

210 g sukker
210 g glukose (apoteket)
30 g smør
3,3 dl fløyte
50 g sjokolade
Kok sukker, glukose, smør og fløyte til den er lysebrun,
rør med visp.
Ta gryta av plata og tilset sjokoladen.
Rør godt og hell straks over på matpapir.
Kutt i bitar når den er kald.

I desember kosar me oss, det er greit! Viss du prøver oppskrifta, fortel oss korleis det gjekk! Sant det vart gode karameller?

Kos deg i adventstida <3

-Gudrun-

Min adventskalendar; 1. desember – italienske julekaker

Det er søndag, og første lyset er tent. (Viss du har funne att staken frå i fjor, vel og merke…)

Eg har ligg godt an i år, pga. stæroperasjonen har eg vore heime frå jobb, og dilla litt då. (Ikkje sant i det heile teke, eg ligg aldri godt an til noko som helst…)

snø

Så desember skal brukast til førjulskos i år <3 Har plan om det kvart år, å bruke desember til kos, og her kjem min 1. desember idè;

Eg fekk smake nokre fantastisk gode italienske julekaker på ein førjulsfest på skulen, så her kjem oppskrifta på desse <3

deig

Sarah sine julekaker

250 g mjøl
125 g smør – mjukt, smuldre
110 g sukker, ha i mjøl/smør
1 egg + ei ekstra plomme
Ha i mandel, hasselnøtt og sjokolade.
Deigen skal vere fast, la stå kaldt i ein time.
Kjevle ut og stikk ut kaker med pepperkakeformer.
Steik på 150 g til dei har fått farge.

Eg prøvde desse i fjor, mine vart ikkje så gode som dei eg smakte, men det trengs vel litt prøving og feiling før ein finn den rette blandinga med nøtter og sjokolade.

italienske julekaker

Nyt førjulstida, viss du prøver oppskrifta, fortel meg kva du tykkjer! 😀

-Gudrun-