Kategoriarkiv: bok

Gravemaskiner :)

Som dei som kjenner meg sikkert veit, så er gravemaskiner noko som er viktig for familien. Eg hadde egentleg ikkje tenkt å skrive blogginnlegg på ein laurdagskveld, men så kom ei venninne på døra med ei bok ho hadde kjøpt til meg; Storeting og andre barneviser av Nils Slettemark og Peter Plenne. (Tusen takk, Oddrun!! <3 ) Boka er frå 1977 og er eit utval av dei beste barnedikta til Nils Slettemark. Det er lyriske viser, skjemteviser, glade og alvorlege viser. Det var spesielt eit dikt (som er sett musikk til av Peter Plenne, så eg må lære meg melodien etterkvart!!) som eg fall for; Stor-eting. Eg er usikker på om det er lov å skrive det ned, men sidan eg har fått lov av eit forlag å bruke tekstar frå sangbøkene deira, dersom er ikkje skriv mange, så skriv eg ned dette. Eg har aldri høyrt om desse dikta før, og dei fortjener å komme fram i lyset!

Stor-eting
Gravemaskina på Åreklett åt opp ein åker,
men vart ikkje mett.
Sette så tanna glupsk i ei eik,
men likevel var ho så tynn og bleik.
Så saug ho seg i ei bjørkerot,
ein bekk og ei furu på førti fot.
Sleikte bort molda, vrei opp ein bolt.
Det var ein stor og umetteleg svolt.
Tok så ei steinrøys med mose på, 
eit hus og eit gjerde som gjekk på skrå.
Åt opp ein hage og heiv seg rundt,
og tørka sin trut på ein piggtråd-bunt.
No var ho endeleg god og mett
og pirka i tanna si med eit spett.
Trippa så heim att på lette tær,
for no var det gate med asfalt der.
Det er òg ein sang som heiter Hyggjestund, som eg skal ta i bruk, og mange mange fleire. Gleda meg til eg har lært meg å lese notar 😉 Så dette er ei anbefaling på ein laurdagskveld; sjekk ut dikta til Nils Slettemark! 
Bildet er frå årets ferietur, som blandt anna gjekk til Diggerland i Kent, ein familiepark fyllt med gravemaskiner. Rett og slett den ultimate familieparken for oss 😉 Det vert dagens andre anbefaling 😉
Ha ein fin kveld, alle saman!
-Gudrun-

Skumringstimen

Skumringstimen-boka!! Her fann eg endeleg boka eg snakka om. Eg har ikkje lært sangar frå denne boka, eg har lært dei slik folkemusikken skal lærast, frå person til person, og så vert sangen rett slik du hugsar den 😉

Mange av dei gamle folketradisjonssangane som eg har skrive om, finst i denne boka. For dei som bur i Sogn og Fjordane, finst sikkert boka på ein lokal bokhandel, så støtter du opp om ein butikk i nærmiljøet samtidig 😉

For ordensskuld så får eg ikkje betalt for å anbefale boka 😉 Men sidan ho er så fin, så anbefaler eg ho lell 😉

Kos deg med boka <3

Enkel sangbok

Mottoet mitt er som Rema sitt; «Det enkle er ofte det beste», så her kjem det eit enkelt, billig og morsomt ferietips. Då me skulle på vår første sydentur med barn, laga eg ei eiga sangbok med dei 5 mest brukte sangane våre. Jenta vår var 10 månadar gammal, så det var enkle sangar som gjalt, «Olle Bolle», «Ro din båt» osv. Eg laga boka slik; teikna ein enkel «fyrstikk»-illustrasjon på framsida og teksten på baksida (ikkje det at eg ikkje kunne teksten, men…), putta dei inni ein plastlomme og knytta saman alle 5 arka med tråd. Eg brukte A5-storleik på plastlommen. Den hadde stor underhaldningsverdi på den 5,5 timars lange flytiden. Ho kunne sitte og bla sjølv, og kunne velgje ut sangar me skulle synge.

Ynskjer alle ein flott kveld i sola.

-Gudrun-