Kategoriarkiv: foreldretips

Bråkete kvardag? 5 tips til konflikthandtering i skulen.

Ein lærer så lenge ein lever. Og denne hausten har eg lært ein heil del. Av og til møter du ungar, i skulen eller barnehagen, som utfordrar deg. Her har eg samla mine personlege tips, tips eg har lært mest som mamma, men også ting eg har teke med meg gjennom jobben min som barnehagelærar. Kan godt vere at eg berre ser mitt eige synspunkt her, men eg håpar at råda kan ha litt univesell kraft, at du kan ta med deg noko og bruke i din kvardag. Tipsa er skrivne med tanke på skulen, men eg håpar du kan bruke det uansett kor du møter på konflikt.

samlingsboksen_gudrun_2

Har du utfordringar med ein unge i klassen din, så prøv dette;

Tips nr 1. Bygg RELASJON til ungen. 

Minn ungen på kjekke ting de har gjort i lag. Når som helst – kor som helst. Har du treft ungen på fritida? På fjelltur, sykkeltur, fritidsaktivitetar? Har de gjort noko kjekt på skulen? Kjenner du bestefaren? Har du gått på skule med mora? Veit du kva ungen likar å gjere på? Kva interesser har ungen? Korleis ser huset til ungen ut? Kjenner du naboen? Onkelen? Har han ein katt? Minn ungen på at du egentleg er ein kjekk person, at du egentleg er kjempe grei. SMIL!

smil

Tips nr 2. MEDVIRKNING og medbestemmelse. 

La ungen få vere med å medvirke til skulekvardagen sin, la han få fortelje korleis han vil ha det, korleis han vil lære. Korleis ser draumeundervisninga hans ut? Med fokus på læring, korleis trur han at han lærer best? Kva vil han ha meir av? Korleis kan alle få det bedre, han sjølv, lærarane og resten av klassen. Korleis kan de få gjort det de skal gjere på skulen? På ein bedre måte? La ungen verte høyrd. Men; Ungen skal ikkje bestemme, og det må vere med fokus på læring, det må vere seriøse forslag.

ikkje la deg knekke

Tips nr. 3. Ta på ROSA BRILLER

Du må gjere ei endring hjå deg sjølv, vondt, men sant. Er du i konflikt med ein av ungane i klassen, så kan du ikkje halde fram på samme måte som du alltid har gjort og forvente ei endring hjå eleven. Leit etter det som er bra! Ta på deg rosa briller og sjå alt i rosa skjær. Ja, ja, kallar han deg julegris, så er det iallefall mykje bedre enn hore. Og skriv han eit dikt på rim om ein lærar som er sær og manglar klær, så er det super bra og flott rim. Drit i bagatellane. Gi skryt på det som er bra nok. Det du fokuserer på, får du meir av. Det gjeld alltid, over alt! Og viss du endrar litt på synet du har på eleven din, så endrar kanskje han oppførselen òg?

Tips nr. 4. Hald på eit positivt FORELDRESAMARBEID

Dette er eit tips sett frå foreldre sida, og mine tankar om korleis foreldresamarbeidet bør vere, eller ikkje bør vere.

Ikkje gjer dumme ting overfor foreldra og deira unge. Ha fokus på ei løysning og ikkje berre less over på foreldra problema de har på skulen. Foreldra har ingenting med om du søv dårleg, om du ikkje har nokon plass å avreagere. Dette er ting de får ta opp innad i teamet, eller i samtale med rektor. Relasjonen mellom foreldra og skulen vert svekka, og relasjonen mellom foreldra og deira eigen unge vert svekka.

Ta det ved rota, ikkje la det utvikle seg. Er det problem dei tre første dagane etter sommarferien, ta kontakt, ikkje vent ein månad eller to før du snakkar med foreldra. Involver dei tidlegare, slik at de saman kan finne ein veg ut. La foreldra få vere foreldre òg. Dei må av og til ta ungen sin sitt parti. Og dersom du mistenkjer at ungen ikkje har det bra heime, så gjer noko med det, og la skulekvardagen vere so bra som mulig i ein slik situasjon.

Og når du involverer foreldra, ta det steg for steg. Personleg får eg bakoversveis og set på bremsen, dersom eg vert overvelda og brukt som søppelspann. Det er ungen min du snakkar om! Begyn med starten, og fortel litt og litt. Ikkje vent til du har fått meir enn nok.

Tips nr 5. Tenk over korleis du snakkar.

Tenk over kva uttrykk du bruker. Finst ordet PROBLEMELEV i ditt vokabular? Visk det vekk! Jobb med deg sjølv og dine eigne haldningar til ungar og medmennesker.

Veit du heile sanninga?

Ja, eg brukte konsekvent han om eleven/ungen. Det gjorde eg med vilje, for det er EIN unge og EIN elev, og fordi det kjendes rett å gjere det.

Kva meiner du? Er eg heilt på jordet? Lærte du noko? Har du fått tips til eigen praksis? Har du andre tips? Vert glad for tilbakemeldingar. Og del gjerne bloggen vidare, viss du trur andre kan ha nytte av å lese det.

 

-Gudrun-

Av og til må du sjå deg tilbake…

I dag vil eg snakke om 48-timars regelen. Alle med barn i barnehagealder og alle som jobbar i barnehage, veit kva eg snakkar om. Alle har høyrt om det, og alle veit noko om det, men no skal eg gi deg eit bilde som kanskje gjer det enklare å overhalde regelen, sjølv om ungen er super frisk og kjempe energisk i to dagar, og du har veldig mykje du skulle ha gjort på jobben.

Kvifor skal du ta hensyn til dei andre ungane og foreldra i barnehagen? De er jo ferdige med spysjuka, det er ikkje ditt problem meir.

Jau, det kan verte ditt problem att. Når du har hatt ein omgang med spysjuka, så er du imun i 14 dagar, før du kan få det att. (Og JA!! Eg veit av personleg erfaring at dette slett ikkje berre er ei myte, både eg og ungane har fått det att to – og tre – gonger i samme omgang.) Så det seier seg sjølv at det fort kan verte ditt problem att, viss du ikkje overheld 48-timars regelen, ikkje sant?

Viss du ikkje overheld 48-timars regelen med ditt barn, smittar ditt barn nye (eller dei som alt har hatt det ein gong) barn, som kanskje også har foreldre ikkje overheld 48-timars regelen, og som då smittar ditt barn igjen. Og du sit att med svarteper og må tørke spy.

sjuk_igjen

Det er her tilbakeblikket kjem inn. Når du får lyst til å sende ungen fortidleg i barnehagen att etter spysjuka, sjå nett tilbake på den dagen då ungen låg bleik og tusk på sofaen og sprang i skytteltrafikk mot do. Av og til rakk han det, av og til ikkje. Vil du gjere dette att om 14 dagar?

Neivel? Så overhald regelen då! 

Takk! Min peikefinger i dag, me er ferdig med dette barnehageåret sin første omgang, måtte det verte den siste!

-Gudrun-

 

Pelle Gris, den rettferdige storebroren

Pelle Gris er ein alvorleg og fornuftig liten gris, han er vant til å ta ansvar og er løysningsfokusert, ei evne han alltid viser fram i møte med Missjø Knit Grybin, ulven i nabolaget.

Mens småbrødrene er opptekne av å leike og ha det moro, gjer Pelle alltid unna plikter og oppgåver før han finn på leik og sprell. No skal du få høyre om kva han gjorde den dagen han skulle byggje seg hus.

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.

Pelle Gris gjekk rundt i nabolaget for å finne den perfekte plassen til huset sitt. Omsider fann han ut akkurat kvar han ville sette det opp. Han fann seg ein liten bakketopp, der han hadde fritt utsyn til alle kantar. Han likte å sjå om det kom nokon, viss vennene kom, kunne han lage klar saft og finne fram kjeks. Og viss det kom nokon som ville ete han, kunne han låse att døra og gøyme seg.

Då han hadde bestemt kor huset skulle stå, oppå den fine bakketoppen, begynte han å tenkje på kva han skulle byggje hus av. Han ville ha eit solid hus, som ikkje kom til å blåse vekk i Dagmar-stormar ein gong. (Dagmar var ein kraftig storm som velta trær og bles av hustak.)

Pelle Gris

Akkurat då han stod og tenkte, kom det ein bonde forbi. Han køyrde traktor, og bak traktoren hadde han ein tilhengar som var lasta med murstein. Pelle Gris spurde bonden om han kunne få kjøpe all mursteinen som bonden hadde i tilhengaren. Og det fekk han. Bonden kobla hengaren av og let Pelle Gris få låne traktorhengaren til han var ferdig med å byggje huset.

Pelle reiste så rett bort til murebutikken og kjøpte seg resten av utstyret han trengde, ei murskei, som ser ut som ein liten, rar spa, og nokre sekker med mørtel til å mellom mursteinane.

Så var han klar til å begynne med huset sitt. Han mura i veg og bestemte seg for å gjere seg heilt ferdig med huset sitt før han begynte med noko anna. Pelle Gris treivst med å jobbe, han tralla og song mens han mura stein for stein, heilt til huset var ferdig.

Då han var ferdig, og godt nøygd med seg sjølv, fann han ut at han fortjente ein belønning fordi han hadde vore så flink. Han for avgårde glad og førnøygd til butikken, der fyllte han oppi ein stor pose med smågodt som han ville kose seg med om kvelden i det nye huset sitt.

(Ein annan gong skal eg fortelje deg om korleis det gjekk då han var på veg heim med godteposen sin og møtte Missjø Knit Grybin på vegen. Historia ligg klar på pc’en min.)

Det er moro å dikte nye historiar, kjekt å verte kjend med karakterane, som Pelle Gris i dette tilfellet. Eg lagar ofte historiar på direkten. Viss du har lese ein del historiar og har litt fantasi, spinner du berre vidare på ein idè. Her kan du lese det forrige innlegget mitt om då eg brukte dei tre små grisene og Grybin til å fortelje to åringane mine eit eventyr med likheitstrekk med Bukkane Bruse.

Likar du bloggen min, så fortel meg gjerne om det. Blir veldig glad for tilbakemeldingar og kommentarar. Ut veke 41 er det haustferietilbod på hand- og fingerdokker i nettbutikken. Blant anna settet med Puslegrisen, Sporty Bust, Pelle Gris og Missjø Knit Grybin.

Ha ei fin haustferieveke, om du har fri eller om du er på jobb. Eg har fått ein dag haustferie, kanskje eg får tid til å lage endå fleire historiar?

Klem,
-Gudrun-

Larver og sommarfuglar

Handdokka Lille Larven Aldrimett

Eg har, overraskande nok (eller ikkje overraskande i det heile tatt, i og med at eg likar boka så godt at eg har kjøpt fleire hundre Lille Larven Aldrimett handdokker), valt boka om Lille Larven Aldrimett som første bok i haust. Eg har lese ho, for heile gruppa, to gonger i samlingsstunda. Ungane sit som tende lys.

Det er litt diskutert dette angåande å lese i samlingsstunda, men så lenge den vaksne som les gjer det underhaldande nok, går det heilt fint.

Korleis gjer du det underhaldande nok?

1. Du kan boka så godt at du ikkje er bunden av teksten, dvs at du kan lese boka mens du viser ungane bilda.

2. Du bruker deg sjølv, stemme, kroppsspråk osv, mens du les. Du speler litt skodespel fpr ungane mens du les. Eg hadde hengt opp eit eple, to pærer, tre plomer, fire jordbær og fem appelsiner på veggen. Desse klipte eg ut av papp og laminerte. Og så brukte eg handdokka Larven Aldrimett og åt meg gjennom frukta på veggen. For å få inn litt tal, talte eg kvar frukt, eit eple, ein, to pærer, ein, to, tre plomer osv.

3. Sjå på ungane, få augekontakt og fang dei inn i historia. La alle ungane kjenne seg sett.

Larven Aldrimett

I boka om Lille Larven Aldrimett kan me finne masse læring.

  • Vekedagar; Larven Aldrimett et seg frå søndag til søndag.
  • Tal; Larven et seg frå eit eple til fem appelsiner.
  • Sunn mat; laurdagen et Larven Aldrimett alt for masse og får vont i magen. Dei andre dagane et ho frukt.
  • Fargar; kva farge er det på frukta?
  • Natur, teknikk, miljø; Korleis Larven Aldrimett utviklar seg til ein sommarfugl. Ungar og vaksne. Me skal ha Larven som tema på gebursdagskalendaren vår i år; ungane skal vere larver og dei vaksne skal vere sommarfuglar.
  • Osv. Kom gjerne med dine tips i kommentarfeltet.

Bestselgar

Larven Aldrimett vart som forventa bestselgaren i nettbutikken, i den grad ein kan seie det etter så kort tid og med relativt få varer. Men Larven Aldrimett er jo spesiell då, kanskje fordi dette er ei bok me kjenner frå då me var små, og så er boka minst like populær no. Det er kjekt å lese ei bok du sjølv høyrde når du var lita, til dine eigne små. Eg reknar med at det er grunnen til at nettopp denne dokka slo så pass godt an. Både barnehagefolk og foreldre kan gjere lesestunda mykje meir spennande med denne dokka, den vert ein skikkeleg bestevenn. Mine toåringar krever at dokka skal ha ein koserunde kvar gong ho er framme.

Kva er dine favorittbøker? Kva alder passar dei til? Larven Aldrimett passar godt frå 2 år, andre favorittbøker er Store Monster gret ikkje og Vesle Monster seier nei, som òg er fine frå 2-3 års alderen. Bøkene om Moi, 2-3 år og oppover, Pål-bøkene er fine første bøker, for 1-2 åringar. Eg har mange favorittar! Ja, og Vrimlebøkene! Sluttar no 😉

Kos deg med kjekke lesestunder. Lik gjerne samlingsboksen på Facebook, og del bloggen med andre viss du likar den <3

Klem,
-Gudrun-

 

 

Sjiraffen Laffen – gir alltid blaffen

Teaterdokkene til samlingsboksen.no har som sagt endeleg funne vegen til Sogndal. Først ute var ein boks med sjiraffar, endeleg kom Sjiraffen Laffen, det var kjærleik ved første blikk. Så forelska vart eg at eg til og med har lagt ut selfie på instagram, eg som aldri publiserer bilder av meg sjølv.

samlingsboksen_sjiraff_selfie

Sjiraffen Laffen er ein av mine (mange) favorittsongar, så min første tanke når eg fekk sjiraffen i hendene var, sjølvsagt, Sjiraffen Laffen. Første dagen gjekk eg og fire åringen rundt og song heile dagen. Naboen sa at gutungen hadde sunge Sjiraffen Laffen til dei òg, då han var borte og leika med venninna si.

sjiraffen_laffen_samlingsboksen

Så begynte eg å tenkje, det var rimeleg snevert å ha ei teaterdokke kun til Sjiraffen Laffen? Dokka var jo så fin, ho måtte kunne brukast til noko meir. Då fekk eg den geniale idèen å spørje mine følgjarar, her på bloggen, på instagram og på facebook. Og eg fekk mange flotte forslag.

Portveien 2

Alle som vaks opp omtrent samtidig med meg, veit kven Raffen i Portveien 2 er, den gode sjiraffen som gøymde seg for Eli og Jarl, men dukka opp slik at me ungane fekk sjå han. Me som vaks opp med 20-30 minuttar barnetv kl 18 på NRK, hadde litt felles oppdragelse. Dei som veks opp no, har fleire titals kanalar å velje mellom, som sender barneprogram heile døgnet.

Men iallefall, fleire av mine søte hjelparar, ville brukt sjiraffen på samme måte som Raffen i Portveien, ein usynleg, for ho, gjest som dukka opp i samlingsstunder i barnehagen og tøysa bak ryggen hennar.

Sjiraffspråket

Eit anna forslag på korleis sjiraffen skulle brukast, tykte eg var så flott at eg måtte sitere det.

Hadde eg vunne en giraff til meg og mine ville den fungert som informasjonssjef i heimen. Han skulle fortalt om dagens planar og vore lydhøyr for ungane sine ynskjeleg om dagens innhold. Måtte vore ein perfekt måte å starta dagen på etter frukost. Samstundes ville den nok blitt sentral under lese stund og oppsummering av dagen før legge tid med masse kos og klem å gi og få av både meg og ungane.

Den amerikanske psykologen Marshall R. Rosenberg har utvikla ein kommunikasjonsprosess som me på norsk har kalla sjiraffspråket. Sjiraffen har lang hals, som han får god oversikt med, store øyrer som er gode å lytte med, og eit stort hjarte med plass til mykje empati. Eg har virkeleg tenkt å ta i bruk sjiraffspråket oftare, og verte meir anerkjennande i min måte å kommunisere på. (Spesielt heime….) Eg skal skrive eit innlegg berre om sjiraffspråket ein dag, for å hjelpe meg sjølv til å få det under huda, og inspirere deg til å prøve du òg!

Det høgaste dyret i verda

Sjiraffen er det høgaste dyret i verda, hannane vert omtrent 5 meter høge! Flekkane på pelsen er kamuflasje… Kanskje me kunne prøvd å gøyme Sjiraffen Laffen på avdelinga? Ganske fantastisk at flekkane skal kunne kamuflere eit 5 meter høgt dyr! Mennesket sin hals har sju halsvirvlar, kor mange trur du sjiraffen har? HA!! Han har òg sju, akkurat som meg og deg! Og fordi dei er så store, har dei få fiendar. Når eg tek med meg Sjiraffen Laffen i samlinga, skal eg finne endå meir barnevennleg informasjon om sjiraffen sitt liv. Skal eg dele det med deg?

Magiske samlingsstunder

Og heilt til slutt, må eg fortelle deg kva ei av dei skjønne damene eg jobbar med sa; «Skulle brukt han til å skapa magiske samlingar!;) slik som du er så god på Gudrun!» Kjekt med fine tilbakemeldingar! (Tusen takk Hildegunn!) 

Sjiraffen Laffen er utruleg fin å snakke med, han er skikkeleg uttrykksfull, så eg trur nok du får til magiske samlingsstunder med han!

Likar du bloggen? Fint om du deler den  vidare med andre <3 Viss du skriv i kommentarfeltet kva du vil bruke sjiraffen til, så er du med i trekkinga av ein <3

Klem,
-Gudrun-

ABC i sommarvarmen

Minstemann er vorten 4 år, og interesserer seg svært for bokstavar. Han elskar å bli lest for, akkurat slik som søskena. Storesøster leser sjølv no, all slags bøker, romanseriar, romanar, Harry Potter. På ferien starta ho på «Historien om Vakre Jente», ei bok eg ikkje anar korleis er, men ho likte boka godt. Godt mogeleg mora skulle ha lese ho òg. 12 åringen las ho iallefall ferdig.

Attende til fire åringen. Eg har drive som forhandlar for sjarmtrollparty i nokre år no. Så hans sommarlesing 2014 må verte dei flotte produkta derifrå. Moro med bokstaver, der han kan øve seg på å skrive bokstavane. Han likar helst å leike med dei som er litt eldre enn seg, naturlegnok sidan han er veslebror, så når kompisane nærmar seg skulestart, får han nok litt drahjelp derfrå. Han er òg veldig glad i ABC-aktivitetskorta, som også er ein av mine (mange) favorittar.  Både Moro med bokstavar og ABC-aktivitetskorta har samme flotte illustrasjonar, det er bokstavar med sjel, designa for at ungane skal lettare hugse bokstavane.

abc-aktivitetskort frå sjarmtrollparty
Aktivitetskorta frå Sjarmtrollparty.

 

Eigaprodusert Sommar-lesebok

Alle desse produkta er supre for å lære seg bokstavane, men kva med dei som treng lesetrening? Eg er igang med Leseboka om gravemaskiner, 2. utgåve. Eg har googla og funne masse informasjon om gravemaskiner, som eg har kopiert og limt inn, slik at me har ei spennande bok å lesetrene på i sommar. I år har eg fylt ho med teknisk informasjon, hyrdaulikk, skuffetypar osv. Tenkjer det er noko den maskuline delen av familien finn interesse av å lese om. Eit lite utdrag finn du her;

Ei gravemaskin består av undervogn, der belter eller hjul er montert, og ei overvogn med førerhytte og motorkasse. Bommen er den største delen av «armen», og den ytterste delen heiter stikke.

I fjor var ABC – boka vår litt for mange vanskelege ord i, fordi eg kopierte frå nynorskwikepedia, i år har eg funne bokmålstekst og omsett det sjølv, slik omtrentleg.

Det er det samme kva ungane les, likar dei Donald, la dei lese det, eller fotballblad. Spesielt om sommaren, er det viktig å gjere det lystbetont. La dei lese og lære om det som interesserer dei, som hjå oss; gravemaskiner og anna utstyr.

Elles føler me oss klare for sommarferie, iallefall den delen med lekser og morgostress, så får me prøve å smyge inn litt lesetrening og matteøving i sommarferien òg, og håpe det glir glatt og uoppdaga gjennom.

Ønskjer deg nokre flotte sommarveker!

 

Klem,

Gudrun

Min guide til barnebursdag.

No vil eg dele litt av min opptjente erfaring i temaet barnebursdag. Som eg har sagt i eit tidlegare innlegg, er mai bursdagsmånaden med stor B her i familien. Og eg har no feira barnebursdag 12+9+4 gonger, og begynner å føle meg erfaren.

Oppdekking

Eg likar at det er enkelt og fort gjort. Nokre likar ikkje pappkoppar, men det gjer eg! Pappkoppar med lokk og sugerøyr. Det sparer deg for mykje potensiell oppvask når glass veltar. Glass veltar, eg lovar!

Eit anna tips som funkar på det å spare oppvask og rydding, er ute-barnebursdag. Genialt!

Elles brukar eg òg eingongs tallerkar og eingongs dukar. Ein gong var eg ute i god tid, og bestilte på nettet, så viss du er god på planlegging, finst det masse flott å velge mellom.

Denne gongen, til fire års feiringa til minstemann, var eg ikkje ute i god tid. Eg klarte ikkje å oppdrive godteposar ein gong. Men så kom eg på, at i den tidlegare nemde konteineren, har eg mange plastkoppar! Miljøpoeng til meg i dag, vart gjenbrukbare-godteposar.

Mat

Eg skreiv i oppskriftsboka mi etter 5 års dagen til jentungen; ungane et kvar si 1/2 pølse i barnebursdag. Eg har no moderert det til 1,5 til små, to til store, og viss det er foreldre med, så rekn 3 pr forelder. I allefall viss det er barnebursdag ein kvardagsettermiddag. Då er dei fleste foreldra svoltne.

Kaker;
Det går forsvinnande lite kaker. I klassen til eldste guten, er det ein som har gluten allergi. Ungane er så lite opptatt av fancy kaker, at eg meiner du kan ta hensyn til den eine ungen med allergi denne dagen. Eg bakar Toro si sjokoladekake til desse selskapa, slik at alle kan ete det samme. Du skal sikkert ha eit familieselskap, ta dei flotte cupcakesa og fantasifulle kakene då i staden for. Eg opplevde for første gong i løpet av 23 selskap at kaka vart oppeten når eg laga ei sjokoladekake som alle kunne ete (ja, Toro si) i barnebursdag. Det er uansett ikkje ungane du lagar fancy kaker til, det er show of til vaksne…

Men eg må skryte litt over kakene våre, her lagar me ofte ei kake med traktor- eller gravemaskin-tema til barnebursdag, i og med at me har to (+ ein pappa) gutar som er over middels interessert i gravemaskiner og maskiner generelt.

gravemaskin_samlingsboksen_no

Her er kaka eg laga til den nemde 4 års dagen. Eg reiste inn på leikebutikken, og kjøpte traktor (John Deer, ja, sjølv om det er JCB som er favoritten i heimen, med Deer’en på ein god andre plass) og gravemaskin. Ho som stod bak kassen spurte om det skulle vere bursdagspresang. «Nei», sa eg, «Det er kakepynt!» Den hadde ho ikkje høyrt før. Men dette var så absolutt kakepynting for alle. Eg fekk som kommentar på instagram, at det ikkje akkurat var ei finkake. NIKS, har du vore på ein byggjeplass nokon gong? Ser det fint ut der?

sjørøverkake_samlingsboksen (800x600)

Her er eit anna av mine kake-kunstverk. Sjørøver-barnebursdag til ein seks åring. Eg har aldri hatt Sabeltann-gutar, men greidde å lure inn eit sjørøvarselskap, slik at eg fekk kledd meg ut.

Invitasjonar

Føler vel egentleg eg har omtala invitering til barnebursdag grundig og vel tidlegare. Dette representerer mitt syn! Eg meiner at, iallefall frå 5 års dagen, bør du invitere alle i kullet, alle gutane/jentene i kullet, evt. alle på avdelinga, alle gutane/jentene. Sit med ein litt ekkel følelse i munnen no, fordi eg bad kun naboar i barnebursdag no på fire års dagen. Det er berre det at det er halvparten av barnehagen. Men eg argumenteret med at alle var i gåavstand. Neste år vert det alle gutane i kullet, pluss nabogutane i næraste alder. Mitt beste tips når det gjeld invitering til barnebursdag; spør personalet i barnehagen! Dei kan, veit og ser! Du vil ikkje vere den som har utestengt ein fordi du har gløymt han, eller ikkje tenkt på han.

Aktivitetar

Tja, med fare for å virke litt lat; la dei styre på! Me organiserer desse stakkars ungane våre omtrent heile døgnet. La dei bestemme litt sjølve. Viss du vil aktivisere, så er det forslag til songleikar her. Eg hugsar det alltid var moro når dei vaksne var med på dette!

Gåver

Til dine eigne ungar, vert det ikkje bra nok uansett kva du gir dei 😉

Lykke til med alle framtidige barnebursdag-selskap! You can do it!

Klem,

-Gudrun-

#barnebursdag #barneselskap #sjokoladekake

Gudrun elskar meg.

I dag fekk eg nok ei påminning om kor viktig det er å sjå andre i augo og smile til den du ser på. Ei mamma kom bort til meg og sa kva 4 åringen hennar sa;

Gudrun elskar meg, for ho smiler til meg kvar gong ho ser meg.

Tenk så godt for ein firåring, eller 38 åring, å kjenne seg elska i barnehagen. Og alt som trengst er augekontakt og eit hjarteleg smil. Anerkjennelse. Å verte sett i kvardagen.

Har du møtt folk på butikken, som ser på deg, og lyser opp i eit levande smil? Korleis kjenner du deg då? Eg vert glad, kjenner meg betydningsfull. Øyj, ho vart glad for å sjå meg.

Kva med folk som ser på deg, seier hei, med eit surt og reservert smil? Kva tenkjer du då? Eg tenkjer automatisk; Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort deg?

Merkeleg kor mykje eg kan legg i eit smil, ikkje sant? Eg reknar ikkje med at dette berre gjeld meg.

smil

Eit smil over midtgangen på bussen om morgonen, kan forhindre eit sjølvmord seinare på dagen, seier erkebiskop Fulton John Sheen. Hindre eit sjølvmord, det er kraftfulle saker. Men eg trur han kan ha rett. Viss alt kjennes håplaust, då er det godt å verte sett, og eit smil varmar mykje.

Blir du med på eit forsøk? Smil kvar gong du møter augo til nokon, så ser me kva som skjer. Min påstand er at du får eit smil tilbake, og gjer ein forskjell på dagen til den du smiler til. Kva trur du?

Og firåringen har forresten heilt rett <3

Light and love to the people! Og SMIL.
-Gudrun-

Mobbing – kva kan me gjere?

Det har vore mykje i media siste tida, om mobbing og bursdagsfeiring.

DSC01238

Utestenging er noko som eg er oppteken av, det kjem nok av sterk rettferdigheitssans, og eigne opplevingar. Eg fekk ein behandling med kinesologi, eller eg betalte for den då altså. Behandlaren fjerna bl.a. eit skal rundt hjarta. Eg kan ikkje nok om kinesologi til å gå inn på dette, men vil fortelje deg om ein følelse ho fjerna. Eg skjønte med ein gong kva ho snakka om, det var ei rar oppleving.

Ho fjerna ei kjensle av avvising frå då eg var rundt fem år (+/- eit år) Og akkurat den episonden sit som spikra, det er beklagelegvis eit av mine første barndomsminner. Eg gjekk i førskule to ettermiddagar i veka. Veka før hadde eg hatt fri torsdagen fordi eg var på hesteutstilling. Eg kom på forsida av avisa, sittande oppå ein hest. Vår hest, Bauna. Det var halvsidefoto. Tysdagen etter skulle me besøke den eine assistenten i førskulen, istadenfor å vere der me pleidde. Ein av dei vaksne ringde for å seie dette til mamma. Me kom fram dit, og alle saman fekk vere med inn i dokkestova til jenta som budde der. Ei jente som var like gammal som meg, og gjekk saman med meg i førskulen. Alle saman leikte inni dokkestova, unnateke ein, MEG, eg fekk ikkje bli med inn. Eg vart klart avvist. Eg hugsar dei vaksne sat inne og drakk kaffi og pratte, mens eg svirra litt rundt dei, og lot som ingenting. Var mest mogeleg usynleg. Eg trur ei av dei vaksne spurde om eg ikkje skulle ut og leike med dei andre, men eg trur ikkje eg svara på det. Og grunnen til at eg vart avvist denne dagen, var eg heilt inneforstått med, det var fordi eg ikkje var der forrige gang, og fordi eg hadde vore på framsida av avisa. Men det er ein av dei klaraste minna eg har frå tidleg barndom, kor åleine og einsam eg var denne dagen. Og kor skamfull eg var, kor hardt eg kjempa for å halde maska framfor dei vaksne, slik at dei ikkje skulle oppdage det. Eg ville ikkje sladre. Og eg fekk ikkje inn i dokkestova den dagen, eg var åleine heile tida, dvs eit par timar.

Eit  liknade minne er frå 4. eller 5. klasse. Me skulle gå opp på eit friområde eit stykke frå skulen, og eg oppvaksen frammi Dalen, hadde jo ikkje peiling på byggjefelt. Men eg hadde ingen å gå saman med opp. Eg fulgte etter nokon av gutane, som det viste seg skulle gå fordi der dei budde for å hente seg is. Og det var jo sjølvsagt ein omveg. På veg ned att, hugsar eg dei relativt dårlege venninnene mine erta meg med at dei hadde lese Gudmundur H på ein postkasse. Jepp, det var kallenavnet eg fekk når me skifta frå fådelt grendaskule og ned på ein skule med tre parallellar. Eg HATA det kallenavnet, djupt og inderleg. Eg er sikker på at kinesologen kunne ha funne avtrykk frå skuleåra 4.-9. klasse, ganske mange dersom ho hadde leita.

Jepp, utestenging ligg mitt hjarta nærme, og er noko eg snakkar meg ungane mine om mykje; «Er det nokon som er åleine?» Og eg er veldig obs på om nokon av ungane mine i barnehagen går åleine. (Ikkje i år då, sidan alle ungane er berre eit år.) Eg håpar eg hadde plukka opp meg sjølv viss eg var vaksen i den episoden.

Og så over på gebursdagsfeiringar. Om det å invitere alle og det å gå i gebursdag til alle. Det er kanskje kvardagen som tel mest, men mobbing og utestenging vert meir synleg, og meir skammeleg for ungen, når det er snakk om selskapelegheiter.

Problem ein; Familien har ikkje så god økonomi, og gåve til gebursdagsbarn er ei stor utgift. Til det har eg tre forslag til løysing. 1. Set ein fast sum, her brukar me 50 kr, på første foreldremøtet på skulen. 2. Tenk alternativt; gi vekk ei oppleving. Ungane no til dags har nok ting, men manglar kanskje litt på opplevelsesida. Kva med ein skogstur? Overnatting? Ein filmkveld? 3. Snakk med den andre sine foreldre. Eg hadde gladeleg, og diskret, kjøpt gåve frå ein klassekompis til min gut. Det aller verste som kunne skjedd i dette tilfelle, er at ungen aldri fekk gå i burdag. Og alt bunnar i; Dei vaksne må snakke saman.

Problem to; Ungen min er redd for gebursdagsbarnet og tørr ikkje gå. Ungen din er kanskje ikkje den einaste som er redd bursdagsbarnet. Skal ungane få bestemme om dei skal gå eller ikkje? Eg diskuterte dette med ei anna mor. Her hjå oss er det ein regel på at alle skal inviterast i gebursdagen. Men ho meinte at det òg burde vere regel på at alle skal gå i selskapet òg. Ja, det var eg sanneleg enig i. Viss ungen din er redd snakk med foreldra til den andre. Dei kan vere litt obs? Det kan vere litt vanskeleg å seie dette til dei andre foreldra. Men prøv å set deg i den andre stolen; Nokon er redd for min gullunge. Ville du ikkje likt å få vite dette, heller enn å sitte åleine i selskapet? Då kan du vere litt i forkant for å hindre «bråk».

Problem tre; Ungane leverer ikkje invitasjonen heime for å sleppe selskap. Eller kastar invitasjonen til ein som dei ikkje vil invitere i sitt selskap. Dette er vanskeleg å plukke opp. Men løysinga er vel også her å snakke saman! Snakke med ungane sine, og snakke med andre foreldre. Det er kjempe sårt å oppdage at din unge er den einaste som ikkje er invitert, men det er like sårt å oppdage at din unge har vore med på å stenge ute ein annan.

Problem fire; Ungen min vil ikkje be den og den, og sidan det er min unge sin gebursdag, så let eg han/ho bestemme. Løysing; SKAM deg!! Du er den vaksne og bør ha så pass innsikt at du set deg inn i den utestengde sin situasjon. Ikkje rart det vert mobbing viss me som foreldre godtek slikt! Og det kan godt hende at de velger å utelate 3-4, desse inviterer sikkert kvarandre, tenkjer du kanskje. News to you; Det er alltid EIN som då ikkje vert invitert til nokon. Det vert som læraren min sa på teorikurset til billappen. Alle syklistar du køyrer forbi kjem til å velte! Det har pr dags dato ikkje skjedd (og tru meg, eg køyrer Dalavegen dagleg og køyrer ofte forbi syklistar), men det er greit å ha i bakhovudet. Sjansen for at ein ikkje vert invitert til nokon er ganske stor! Mykje større enn at ein syklist skal velte når du køyrer forbi (men eg tenkjer fortsatt på det kvar gong eg køyrer forbi ein syklist, og bereknar veltesone. Syklistar kan vere takknemlege for Edith sine læresetningar.)

Eg har (også) opplevd å vere den einaste utan invitasjon til eit selskap. Eg gjekk i første klasse saman med 5 andre jenter, gebursdagsbarnet gjekk i andre klasse og var den einaste jenta, og det var tre jenter i tredje klasse. Eg var den einaste jenta på skulen som ikkje var invitert, men berre ei lita stund. Eg fekk kjapt invitasjon, dei hadde berre gløymt meg. (åååå-kor trist er det å vere den einaste dei ikkje hugsa på???)

Svar på spørsmålet i overskrifta; Me snakkar saman!!

Godt nytt år alle saman! 2014 skal verte mitt super år, det beste året hittil. Dette innlegget er nok eit tankespinn-innlegg, som eg kvier meg for å publisere. Men viss eg kan få nokon til å bruke hovudet, så er det OK. Viss berre ein unge får det bedre, viss eg berre hjelper til litt mindre mobbing, så gjer det ingenting at du les nokre av mine mest skamfulle augneblikk. For skamfullt, det er det, veldig! Ikkje no lenger, ikkje so kjempemasse iallefall, men då det skjedde, då var det fælt!

Klem,
ta vare på dei rundt deg.

-Gudrun-

Julegåve til meg sjølv

Eg hadde verdas beste lærar i musikk på lærarskulen. Me lærde mange spennande sangar. Og ho har gitt ut sangbok. Og den fekk eg hjå meg sjølv til jul i år! 🙂

kirstiese

Eg hugsar ein del av sangane, eg har brukt mange av dei masse i barnehagen. Men det var òg sangar som hadde gått i gløymeboka, men no, med bok OG CD kjem dei inn igjen!

Svært godt nøygd med julegåvene i år 😉 (Eg fekk termodress òg, den gamle gikk i søpla i vår, men no er eg kledd for vinteren igjen!)

Håpar romjulstida di er fin! <3

Klem,
-Gudrun-