Kategoriarkiv: oppstart

Kva treng ungane i barnehagen?

Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.

Her er den:

  • 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
  • Regnklær og støvlar
  • Tynn dress (haust/vår-dress)
  • Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
  • Vogn/vognpose for dei som treng det.
  • Koseklut/smukk for dei som brukar det.
Vinteren
  • Ulltøy/fleece til å ha under dressen
  • Tjukk og romsleg vinterdress
  • 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
  • Hue med god passform/halshue
  • Hals eller buff, ikkje skjerf.
Ønskjer alle ungar og foreldre ein fin oppstart i barnehagen, og avsluttar med det viktigaste; MERK ALT, ALLTID!! 😉

Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.

-Gudrun-

Navnesangar, vol 2

Navnesangar er det masse av rundt om i barnehagane. Her er nokon av «mine», samla gjennom mange år  😉 Desse tykkjer eg passar litt seinare på hausten, når alle ungane har lært alle navn og alle har vorte trygge og ikkje treng bekreftast heile tida. På småbarnsavdelingar kan ein jo halde fram med «Eit vers til kvar unge»-sangane, men på ei stor avdeling, kan det vere greit med sangar som tek fleire navn i eit vers, slik at ein kan bruke samlingstida på andre kjekke sangar 😉 (Ja, eller andre ting då, men her er det morsomme sangar som er i fokus 😉 )

Handdokker av dyr; larve, rev, bjørn, sjiraff
Handdokker; Bamse Brakar, Sjiraffen Laffen, Larven Aldrimett, Mikkel Rev

Eg hadde ein vikar på avdelinga mi for x antal år sidan, ein ung gut med rastafletter. Han lærde meg ein «Navnesang frå Zaire» Eg anar ikkje om den er frå Zaire, og eg veit ikkje kva det betyr, det blir nesten som den «Russiske kjærleikssangen» som eg skreiv om i eit tidlegar innlegg 😉

Oh Libala

Oh libala, oh oh,
oh libala naka songo jeje.
Gudrun indije, Kristian indije, Ingrid indije,
naka songo jeje.

Oh libala, oh mutema,
oh libala naka songo jeje.
Jens indije, Rolf indije, Trine indije,
naka songo jeje.

Viss nokon veit noko meir om denne songen, så må de seie det til meg, eg lurer veldig på kva det betyr 😉

Ein annan navnesang, som er utruleg morsom er «Napolion med sin hær» Eg pleier alltid passe på at mitt navn sitter på loftet og spelar «rokken roll», og får alltid protestsangar i retur, der eg dett i do 😉

 

Napolion på kjøkkenbenken

Napolion med sin hær over kjøkkenbenken dro’.
Kristian datt i vasken og Ingrid datt i do.
Jens han sklei på renna, og slo ut alle tenna.
Og Gudrun sat på loftet og spelte rock n’ roll.

 

Labbetussemann er òg ein gjengangar som navnesang, kanskje meir brukt før, men…

 

Labbe tusse mann

Labbe, labbe, labbetussemann.
Gudrun, Kristian og Ingrid heiter dei.
Dei er ikkje her, dei kjemme ikkje meir,
dei reiste på ei skuta til Amerika/
dei reiste ut i gangen for å kle på seg/vaske seg.

Tek gjerne i mot tips til fleire navnesangar, det er moro med navn!! 🙂

 

-Gudrun-

 

Vi vil vere venner, augustsangar vol 2

Eg deler jo barnehageåret inn i sangar… (Er det berre eg som gjer det?? ;)) I august og september er barnegruppa heilt ny, og nye vennskap skal knytast. Overskrifta kjem frå min aller første haust i barnehagen, eg jobba på ei blanda avdeling (alders) og hadde stort spenn i barnegruppa. Det var ein del knuffing, og me sette oss saman og lagde «Reglar». Ein gut på 5,5 år kom med denne; «Vi vil vere venner», me skreiv det opp med kjempe store bokstavar og hengde det opp i samlingskroken <3 Bæstevenna er ein skikkeleg augustsang. Og Forut/Geirr Lystrup sin «Nei, nå ble jeg gla'» frå Omis er ein favoritt! Og Skal vi være venner? Denne lærte eg på Lærarskulen for mange mange år sidan, men no har han fått ein oppsving med NrkSuper 🙂

Fleire augustsangar kjem 😉 Har du eit tips til ein VENNE-sang?

-Gudrun-

August- og septembersangar vol 1.

Handdokke sjiraff

Det finst to typar navnesangar i barnehagen (og elles). Det er navnesangar der kvar unge får kvar sitt vers, og songar der me syng mange ungar i samme verset. I oppstartsfasen i barnehagen brukar eg mest dei der kvar unge får sitt vers. Dette er ein periode der ungane har behov for bekreftelse. Me kan dele «Kvar sitt vers»-sangane i to òg, med og utan «svar». I august og september brukar eg helst dei utan svar som desse:

Hei på deg
Hei på deg, Gudrun,
hei på deg, Gudrun.
Håpar du har det bra.
Håpar at du trivest på denne fine dag.

 

Blomster små
Blomster små, gule, blå,
titter opp av marka nå.
Vinkar til Gudrun-lill,
for ho er så snill.

No spelar me
No spelar me på ei tromme,
og når me spelar så syng me høgt
HEI HÅ.
Goddag, goddag, korleis har du det i dag?
Håpar du har det bra.

Så sender me tromma til Gudrun,
og når du spelar så syng me høgt
HEI HÅ!
Goddag, goddag, korleis har du det i dag?
Håpar du har det bra.

Når ungane er vortne litt meir trygge, er det fint å ta navnesangar der dei må gi eit svar, som desse:

 

Alle killebukkane
Alle killebukkane på haugane sprang,
spurde om Gudrun var heime.
Mamma til ho Gudrun svara…. JA/NEI
Og alle killebukkane dei vart så glad,
dei klakka seg på låre og sa hahaha

Og alle killebukkane dei vart så lei,
dei sprang inn i skogen og gjemte seg.

 

Ke’ heite du?
Ke’ heite du?
Eg heite Gudrun.
Ke’ seie du?
Å-å-å-å, du heite Gudrun.

 

Det finst eit vel av navnesangar, skriv i kommentarfeltet viss du har ein favoritt. Det kjem fleire, eg har ikkje skrive opp dei der me syng fleire ungar i samme vers.

 

-Gudrun-