Kategoriarkiv: tankespinn

Min adventskalendar; 13. desember – Lucia

I fjor som i år, må det verte ein post om Lucia. Me gjekk, som eg har nemt før, alltid Luciatog i barndommen. Eg hugsar at eg og søstra mi gjekk første gongen. Mamma hadde steikt lussekattar og me gjekk rundt i nabolaget og delte ut. Året etter var det eit større tog, og det auka på heilt til me slutta.

snø

I dag har eg sendt avgårde eit flott Lucia-tog med 6 deltakarar.

Natta går tunge steg
kring hus og låve.
Sola ho gjekk sin veg,
jorda må sove.
Brått her i stova vår,
lys over mørkre rår.
Santa Lucia, Santa Lucia.

Santa Lucia
med den kvite kjolen.
Kom til oss alle;
lær oss å vera snille.
Inn i vårt mørke hus,
stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia.

Den første er det verset dei fleste ungar i Sogndal syng no for tida. Den andre var den me alltid sang i Lucia-toget vårt når me var små. Eg hadde lyst å overføre denne tradisjonen til mine eigne barn, og ser for meg at to år framover vil det vere ei smal sak å gjennomføre, men so kjem Lucia dagen på måndag att…

Rart dette her, med tid. Me hadde so mykje bedre tid før, alt var rolegare. No spring me frå eine til andre og kavar på frå me er babyar og oppover. Då eg var liten, var eg med på 4H, som hadde møte ein gong i månaden, Miniklubben, ein eller to gonger i månaden (hugsar ikkje) og Miniklang (kor) antakeleg annakvar veke. Og eg var sikkert ikkje med på alt dette samtidig ein gong. Korleis står det til med ungane no til dags?

Så klart me hadde tid til å gå Lucia kvart år!

Slapp av litt! Ikkje stress rundt med alt mogeleg. Du får det ikkje bedre.

Klem,
-Gudrun-

Føler for ein liten presisering…

Vart eit litt «peikepinn»-innlegg forrige gong, og framstilling av meg sjølv som perfekt 😉 Det er eg ikkje, eg har ikkje alltid med meg alle som er på samling, ungane kan miste konsentrasjonen og engasjementet.

Viss det skjer, så gjer eg ein av to ting; anten trekker eg eit eller anna spennade ut av kassen, eller gjer noko sprøtt, eller så AVSLUTTAR eg samlinga. Det er ingen skam å snu, veit du. Avslutt med stil!

Eg har vel sagt det før; eg har fast start og fast slutt på samlinga, slik at ungane veit når me startar og veit når me sluttar. Eg var på ein førestilling her hin dagen, ein musikal, der det ikkje var nokon tydeleg slutt, eg var «lika vise» om det var slutt eller skulle fortsette. Det må me tenkje på når me «underheld» ungane òg, at det er faste rammer, slik at dei kva som skjer.

Eg var òg på eit stand up show forrige veke, har vore veldig kulturell av meg i det siste 😉 der stand up komikaren kom hoppande ut på scena, i rosa ticot. Kollegaen min snur seg automatisk og seier; «Det der, det er sånt som du kunne funnet på, du er sånn passe gal og kan gjøre sånt.» Ehe…javel, det stemmer vel for så vidt, eg trur eg hadde elska å stått på scena. Eg har jo for so vidt prøvd det, *knegg* på russerevyen i Sogndal i 1994 😉  og hadde det kjempe gøy! Hadde ein replikk; «Eg? Nei, eg skal til Kaupanger, eg…!!» Og hugsar det, gjer eg, nesten 20 år etter.

Men; innlegget var altså meint som ein unnskyldning til alle som har slike «skuletime»-samlingar, eller som har kjefta på ungane for at dei ikkje er i ro. Eg har gjort det, eg òg, men eg vert bedre og bedre, på å finne på sprell, eller avslutte samlinga. Gjer det du òg! Og lær for all del ungane om tresortar.

Og; gled deg til 1. desember, då begynner adventskalendaren min! Ungane valde Haribo kalendar, (eg gjer IKKJE pakkekalendar! Ungane får nok pakkar den 24.) Eg var veldig glad at dei tok godteri-kalendar i år, for dei andre plastræl-kalendarane vert liggande som rot og skrot i heimen. Godteriet vert iallefall oppete, og det er advent. Men den kalendaren eg driv og lagar her på bloggen, er meir som ein aktivitetskalendar, der eg deler juleoppskrifter og aktivitetstips. Var og handla litt stash på Søstrene Grene i dag, så no vert det masse fint 😉 Og det deler eg med deg! Og du, ikkje få dårleg samvittigheit over alt du ikkje får gjort, det er meint som inspirasjon! Første posten er nokre super gode italienske julekaker! Gled deg!!

Klem,

-Gudrun-

Kva er målet med samlingsstunda i barnehagen?

Eg har hatt «Utviklingssamtale» i barnehagen til min yngste son. Og eg og pedagogen begynte å diskutere samlingsstunda. Kom vel innpå det når ho sa at han ikkje alltid sat i ro i samlinga… Og eg har vore med på min del av kjedelege samlingar, og då har eg virkeleg problem med å sitte stille. Og for ikkje å snakke om kjedelege førelesingar, korleis oppfører du deg då?

DSC01292 (600x800)

Er samlingsstunda rette settingen å lære om dyrelydar og planteartar? For meg er det viktig å ha det moro i samlinga. Ungane skal elske samlingsstunda. Og dei kan lære masse sjølv om dei har det moro! Mine toåringar (treåringar) var (heilt ubeskjedent) dei som sang «best» i fjor. (Jaudå, de var flinke på dei andre avdelingane òg, men ungane mine var berre 2-3 år, hugsar de kor flott dei sang?)

For all del, du må berre lære ungane planteartar, det kan dei ta nytte av når dei er med på ein bildequiz som 38 åring, og nailar (nesten) alle tresortane 😉 Men det må gjerast moro! Og KORT!

Egentleg meiner eg at samlingsstunda kan vere fri for slike teoretiske læringar. Viss det sit 15 ungar i alderen 3-6 år, klarar du ikkje å fengje alle lell, og nokon byrjar å bråke, og du eller andre vaksne byrjar å kjefte. Ungane er ikkje skapte for slikt. Du KAN lage samlingsstunda magisk! Og moro for alle, både ungar og vaksne. Og eg VEIT at alle kan få det til. Det har eg vore så heldig å få oppleve. Det er kjekt det, å sjå ein vaksen blomstre opp frå kjedeleg og monoton til å bruke seg sjølv med stemme og fakter.

Viss du vil lære ungane om tresortar, som eg altså tykkjer er nyttig allmennkunnskap, og heilt naturleg, for meg er det ei sjølvfølgje at alle kan slikt, men eg har jo sett på den nemnde quizen at slett ikkje alle kan slikt, faktisk berre ein (meg) av åtte. Men altså, viss du vil lære dei tresortar, så kan du jo gjere det i grupper etter samlinga? Eller litt meir naturleg, når du går i skogen saman med ungane og kan vise dei det? Så kan du jo trekke eit blad opp av boksen neste samling, og spørje om nokon hugsar kva tresort det er…

DSC01295 (800x600)

Ja, for boks må du ha 😉 Eg fekk forresten støtte for mitt syn på samlingsstunda hjå pedagogen i barnehagen til sonen min, berre so det er sagt 😉

Samlinga brukar eg til å synge sangar, som er flott språktrening BTW, og til drama. Elskar dokketeater! Og det fengjer ungane, frå 1 til 6. Eg hugsar før i «gamle dagar» då me jobba med Kari Lamer sitt opplegg «Du og jeg og vi to». Då jobba me mykje med rollespel for ungane. Me hadde dette som tema i kommunen for mange år sidan, flott program, som er nyttig i dag òg! Lamer gav forslag om forskjellege rollespel til kvart av emnene i programmet. Når dei vaksne spelte kvardagsproblem for ungane, fekk dei eit anna perspektiv, og kom med løysingar til problema. Det vert som å høyre på ein god førelesar, eller stand-up komikar, du kjenner deg att i det som vert sagt og ler, egentleg av deg sjølv….

Kva meiner du, er eg heilt på viddene? Eller kan samlinga vere gøy, utan at du får dårleg samvit for at du skulle lært ungane om dyre ekskrementer? Korleis brukar du samlingsstunda? Har de det moro, du og ungane?

(Dette innlegget sat litt langt inne, har redigert det x antal gonger, og vurdert å slette det, men Here It Goes! Eg meiner Leik, Glede og Humor treng større plass, og at læring er mykje forskjelleg… Ikkje skyt meg, eg er eit fredselskande vesen, av og til, iallefall…)

-Gudrun-

Vore stilt ei stund

Eg har no fått skifta linsa på det andre auge òg. Og har begynt med lesebriller. Eg som alltid har teke ting nært, sidan eg har vore (svært) nærsynt, ser no absolutt ingenting på nært hald. Merkeleg!

Synet mitt er ikkje heilt som det skal endå heller, eg har fått etter-stær på begge augene, og ser gjennom eit skittent vindauga, omtrent som heime.. 😉 Etter-stær er visst enkelt å fikse på, med litt laser.

Fordi eg ikkje skal løfte eller bøyge meg, er eg sjukmeld frå jobb. Eg og tre åringen var på besøk i barnehagen min hin dagen, då konkluderte han med at eg kunne begynne å jobbe att, for han kunne vere med meg og løfte «babyane». Han følte seg stooor blant eit åringane, stas for ein veslebror!

Eg kjem sterkare tilbake, no nærmar det seg visst jul har eg høyrt, så då må eg vel plukke fram att julesangane mine att. Juletrall’en var ein Hit i barnehagen i fjor… Kanskje me skal ta den igjen i år òg?

klem,

-Gudrun-

Tida går fort… ny fuglejaging på gang!

No er det snart seks veker sidan forrige stæroperasjon, og eg  skal i gang igjen. No har eg hatt -4 på det eine auge og 0/+2/2,5 i lesebrille på hitt. Litt slitsomt, men greit når eg fekk vent meg til det. No er eg spent på korleis det vert å aldri sjå skarpt på nært hald meir… Og kor eg skal gjere av lesebrillene.

November er ein rar månad for meg, som deler året inn i sangar, november er liksom inneklemt mellom FN-sangar/Forut/soldaritet-sangar og julesangar. Eg er aldri tideleg ute med juleførebuingane, så julesangar er liksom litt fy-fy endå, og sangane som me sang til foreldrekaffien på FN-dagen treng me ein pause frå, sjølv om eg likar Malawi-popp.

Eg fekk spørsmål i barnehagen i går kva sangar me syng for tida…og måtte ærleg svare at me syng dei sangane som kjem opp av boksen… Høyres merkeleg ut, men det kan dukke opp all slags sangar frå boksen. På måndag dukka t.d. «MÆ sa ein liten grøn frosk»-opp. Såg ikkje den komme, for å seie det slik. 😉 Merkeleg, seier du? Sidan det er «mi» samling? Nei, ikkje i det heile teke, eg likar impulsivitet og plukkar opp dei sangane som boksen sender meg. 😉 Rar? Jau, det kan eg seie meg enig i. Men samlingsboksar er geniale i så måte! Prøv sjølv, ein boks full av ting, så får du assosiasjonar til sangar du nesten har gløymt.

Kva er dine november-sangar? Heime, når minsten skulle legge seg, sang eg Kurrin Bæ fem gonger hin dagen. Den hadde han sikkert ikkje høyrt før, men når han sa Bæ-bæ, så «kom» Kurrin Bæ, som er min all time favourite saue-sang. Og eg måtte synge den mange gonger, mens han lagra 😉 Spørs om eg må ta med meg Kurrin Bæ i barnehagen òg…

Ha ei fin helg, alle saman. Nyt dagane medan dei er her. Eg skal på den årlege, og før omtala, festen for søstra mi i morgo. Med kviss og Jakob Sande på rams, spennande å sjå korleis dette går…

Klem, Gudrun

 

Det er alltid mobbaren det er noko gale med

Det er alltid mobbaren det er noko gale med.

Den gyldne regel

Ungane mine dansa BlimE-dansen på skulen denne veka. Og på veg heim frå jobb på fredag, filosoferte eg litt over temaet mobbing. Eg høyrer ofte når det er snakk om mobbing at det vert leita etter feil hjå offeret, eller offeret sine foreldre. «Er ikkje løge han vert mobba, sidan han er slik og slik» eller «Foreldra kan no prøve å gjere slik eller slik, eller ikkje gjere slik eller slik.» Det kan t.d. gå på klede, oppførsel eller utsjåande til offeret.

Men på eit kurs me hadde på jobb, sa dei noko eg beit meg merke i; «Det er aldri offeret sin feil at han/ho vert mobba, det er alltid mobbaren det er noko gale med.» Dette utsagnet filosoferte eg altså på når eg køyrde heim frå jobb. Korleis forklare denne setninga slik at me alle skjønnar?

Då datt det ned i meg; Eg har jo treft mange rare folk på min veg gjennom livet. Mange som har kryssa min sti, har vore merkelege, eg har kanskje til og med ledd av dei for meg sjølv (OK; av og til saman med andre òg….)

Men dersom eg byrjar å plage nokon andre, så er det jo eg som er avvikaren.

Sjølv om eg tykkjer nokon er rare, gir det ikkje meg nokon rett til å begynne å mobbe dei. Det har med min empati å gjere, med mi evne til å sette meg inn i andre sin situasjon, til å skjønne at mine handlingar kan skade andre. Der ligg forklaringa på utsagnet; «Det er alltid mobbaren det er noko gale med.»

Det er den som utfører handlinga som er ansvarleg, ikkje offeret, ikkje foreldra til offeret, ikkje dialekta til offeret, det er den som mobbar som er avvikar, det er hjå han/ho problemet ligg.

Det er mobbaren som manglar evna til å sjå andre, til å sjå at det han/ho gjer påfører andre smerte.

Eg er veldig glad i Kardemommelova; «Du skal ikke plage andre, du skal vere grei og snill, og forøvrig kan du gjøre som du vil.»

Ein ting som eg har sett pris på, og som eg trur dei aller fleste foreldre set pris på, er å få beskjed dersom ein av ungane har vore ugreie med nokon andre. Eg skal ikkje vere so feilfri at eg ikkje fortel at eg har fått både telefonar og meldingar frå andre foreldre om dei to eldste ungane. Då har me fått snakka gjennom det, og funne ei løysing som fungerer for oss, og som alltid har fått skverra opp tinga med «offeret». Me må ikkje vere redde for å snakke med kvarandre! <3

-Og du; det er ikkje alltid mobbaren har det så greit. Viktig å tenkje på det òg…

Nok eit tankespinn-innlegg, og mi røyst i mobbedebatten.
Klem, Gudrun

Tankelaust prat…og små øyrer.

Mannen min er svært mørk til norsk å vere, dei to eldste ungane er òg mørkaugde og har gyllen hud. Mens minstemann då, har heilt blå auger og veldig blondt hår. Og gjett om han får høyre det, kven me enn treff, kor me enn går. Han får så mange kommentarar på augefarge og hårfarge, at han stadig spør «Kefør eg ha slikt haor?» eller «Kefør eg ha blaoe auge?»

Og då vil eg spørje deg her og no; Kvifor spør folk om slikt? Kvifor går folk rimeleg langt i å beskulde meg for å ha vore utru? Trur folk det er greit for mannen min, guten min og meg å stadig få det spørsmålet? Eller trur folk at ingen andre enn dei har sett at guten faktisk har lyst hår?

Dette får meg til å tenkje på kor viktig det er å ikkje snakke over hovudet på ungane. Ungane får det med seg, og skjønnar kva du meiner. Det er ikkje OK å alltid høyre «Nei, danna va jammen løgen, datta kan ikkje vera rette faren» for ein liten gut på tre år. Han skjønnar kanskje ikkje alt, men han skjønnar at alle folk meiner det er noko feil med han.

Når eg skal snakke med foreldre om ungane i hente- og bringesituasjonen, prøver eg å ha dette i tankane. Å ikkje snakke om ungen over hovudet deira, men heller prøve å involvere barnet, sjå like mykje på barnet som på forelderen, søke bekreftelse frå barnet; «Sant, Jens? Då hadde me det moro?» og kanskje spesielt når eg skal fortelje noko vanskeleg. Då ser eg på ungen mens eg fortel det, eller evt seier det til forelderen når ungen ikkje høyrer det.

Eg tenkte faktisk litt på det då eg vart operert for grå stær. Legen snakka berre til sjukepleiaren, som skulle snakke til meg. «Ho er litt for langt nede med haka, trur du ho kan komme litt lenger opp?» Eg aka meg lenger opp i stolen og legen vart overraska over det, sidan sjukepleiaren ikkje hadde bedt meg om det endå.. Trudde ho at eg ikkje kunne høyre? Det var augene mine, og synet, det var noko feil med.

Slik prøver eg å tenkje heime òg, men det vert ikkje alltid like vellukka. Ofte seier eg ting om dei stakkars ungane mine som er langt over streken. Er ikkje det rart? At det er med dei me er mest glad i at det skal vere vanskelegast å gjere rett?

Eit «ord» på Facebook seier noko slikt som «Dei neste 24 timane skal du late vere å klage, i det heile tatt, for så og sjå korleis livet ditt endrar seg.»

Nok eit innlegg i serien «Gudrun skriv ting ho ikkje er sikker på om ho vil poste, men so gjer ho det lell.»

Ver snill å arrester meg neste gong du høyrer meg snakke over hovudet på nokon. Og du, ikkje kommenter noko om ungar du møter… Dei høyrer.

Viss du likar blogginga mi, del med andre <3 Og snart.... eller om ei (lita) stund, skal me flytte inn på eit eige domene. Yuhuu!! Må berre finne ut korleis eg lagar nettside (evt betale nokon andre for å lage ho for meg) Snakkast <3 -Gudrun-

Alle fugler små de er… Eit innlegg om takknemlegheit og rausheit.

…kommer ei tilbake.

I dag har eg operert eine auga mitt for grå stær. Og er veldig spent på om dette vert bra. Slik det ser ut no, ser eg greit på avstand og ikkje noko særleg på nært hald. Så i løpet av nokre minuttar, har eg altså gått frå å vere svært nærsynt til å verte langsynt. Er heilt fantastisk at det går an.

Eg diskuterte med ei venninne i dag, kor flott helsevesen me egentleg har. Eg betalte rundt 300 kroner, og thats it, pluss litt augedråpar. I USA er det så dyrt å gå til lege viss du ikkje har dei rette, dyre, forsikringane, at dei ventar veldig lenge med å gå til lege. Me klagar ofte på at det ikkje er godt nok, men veit me egentleg kor godt me har det. Fødekvinner i Tanzania, som føder i flokk og ligg i sovesal med 30 andre, er super glade for å komme seg dit. Her klagar me, uansett kor trygt og godt me har det.

Takknemlegheit og rausheit var ord me brukte masse i dag. Finne det me er takknemleg for, og vere raus med oss sjølv og andre. Alt treng ikkje vere perfekt, og alle er faktisk ikkje like gode på alt. Men det er OK. Viss alle jaktar på det gode i andre, og fokuserer på det som er bra, trur eg verda vert ein bedre stad. Me gjer det litt slik på jobb. Me tok ein runde på kva me likar å gjere, og kva me ikkje likar, for å finne ut kvar me er. Tykkjer det er greit å starte med når me planlegger hausten.

Og for å avslutte med ein skikkeleg god opplevelse, som viser at det er bra å ha kompetanse på det du jobbar med uansett kor du jobbar, og som viser kor lite som skal til for å glede to vaksne damer. Oljelampa begynte å lyse på veg til sjukehuset, og me stoppa innom ein bensinstasjon for å få tak i olje. Me hadde opna panserert og funne ut kor me skulle peile og kor me skulle fylle, men me var ikkje så veldig høge i hatten. Men der opplevde me noko som me ikkje hadde forventa, den kjekke, unge mannen som jobba på bensinstasjonen, tok på seg hanskar og vart med oss ut for å fylle, utan at me bad han om det. Ein super start på dagen for oss! Og eg trur jammen det var fint for han òg, for me takka hjarteleg.

Så kan du kanskje seie at å skifte olje er noko me burde kunne sjølve, og det kunne me òg i utgangspunktet fått til. Men det diskuterte me faktisk òg i dag, me kan ikkje vere like gode i alt, så kvifor ikkje hjelpe kvarandre med det me er gode på?

Dette hadde ikkje mykje med sang å gjere, men det har mykje med livet å gjere. Ver raus og takknemleg.

-Gudrun-

Å kosa seg på jobb

Me hadde personalmøte med innleigd inspirator forrige veke, og eg tenkte eg kunne skrive ned litt av tipsa ho kom med.

Ho starta med at det var viktig å vere

  • Stolt over seg sjølv, 
viss ikkje du sjølv er stolt, er det ingen andre som vert imponert heller.
  • Bruke det den enkelte er god på,
positivt for alle, viss du kosar deg, utstrålar du det.
  • Bruke ord som gjer at ungane vert interessert,
t.d. «No skal me på skattejakt» istaden for at me skal ned i lavvoen. Ser at skulen kan lære litt her 😉 Matte t.d. kan heite hjernetrim, skriving kan kallas hemmelege tegn, engelsk glosar kan heite super hemmelege ord…
  • Dei vaksne må vere med, på lik linje som ungane, t.d. utkledning, skigåing osv.
  • Vere glad og stolt over jobben sin.
  • Leve litt på sparket, «Den døde mus-pedagogikk», følgje ungane sitt initiativ. 
  • Og; Jobben vert det du gjer den til. Du har ansvaret sjølv, for å ha det kjekt på jobb.
  • Bruke humor, og ikkje ta seg sjølv så høgtidleg.
Så, kos deg på jobb! Be someone you like! (med kryss over with)
-Gudrun-

Det er alltid to spørsmål som vert stilt.

Den gyldne regel

 

Eit innlegg om sjølvkjensle og sjølvtillit.

Korleis svarer du på desse spørsmåla? Eg veit at eg ikkje alltid svarer slik eg vil, men ved å verte meir bevisst på mine svar, kan eg verte flinkare til å gi den bekreftelsen barnet mitt (og andre relasjonar) vil ha.Spørsmåla er;
  1. Er eg elska? Er du glad i meg? (sjølvkjensle)
  2. Dug eg til noko? Tykkjer du eg er flink til dette? (sjølvtillit)

På eit rett ut spørsmål, er dette veldig enkelt å svare på. Men å hugse at det er desse to spørsmåla, om sjølvkjensle og sjølvtillit, som ligg bak når poden slår seg vrang, og då gi det rette svaret, er verre med.

Eg skreiv jo om ros i forrige post, fordi eg held på å lese «De utrolige årene». Og så har eg snakka med den tidlegare nemde barnepsykologen att, han med jonsok-bål av lesebøkene, veit du. Og han snakka om dette her, at alt egentleg bunnar i desse to spørsmåla, er du glad i meg? Og tykkjer du eg duger?

Hugsar me dette då, når ungen står og ramskriker at han vil ha saft? Eller når han, i mine auger, oppfører seg urimeleg? Når han set seg på bakbeina og ikkje vil legge seg? Eller når ho skrik og slamrar med dørane?

Øyøyøy, vanskelege saker, men viss me tel til 10? Går litt ut av situasjonen, ser litt objektivt på det? Me greier det då?

Avtale med meg sjølv; Prøv å sjå godt etter kva som ligg bak, kva barnet egentleg meiner, og svare på det. Og alltid tel til 10!! (Fekk ein test MENS eg skreiv innlegget…. Om eg «svara» rett, veit eg ikkje, men eg vart iallefall ikkje sint. **Flink**)

På eit kurs me hadde i fjor, om bl.a. «Tryggheitssirkelen», fekk me ei litt fin regle.

«Å vere ein god forelder kan oppsummerast i 25 ord: Alltid være: større, sterkare, klokar og snill. Når det er mogeleg; følgje barnets behov. Når det trengs: ta ansvar og bestemme.»

Og for å få inn litt sang òg, så avsluttar eg med ein av babysang-favorittane mine:

 

Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.

Føler dette vart eit litt personleg innlegg, men eg reknar med at det er fleire enn meg som kranglar med ungane mine, og som har lyst til å late det vere, og heller klare å telje til 10 og vere ein god forelder. Blir veldig glad for kommentarar og tilbakemeldingar, anten her eller på Facebook. Skal snart begynne å synge att på bloggen 😉

-Gudrun-

 rosehagetorn