Kyllingen, ei vårsamling.

Snøen minkar på Snøhaugen min, og det er vår i lufta. I barnehagen er rugemaskina i full gong med utruginga av vårens kyllingar, i år skal dei få halde fram med å bu i barnehagen i eit splitter nytt hønsehus. Det vert eit spennande prosjekt, å få følgje kyllingane framover. (Eg har gitt beskjed om at eg ikkje vil ha noko ansvar viss eg må ta i dei…. Er litt småredd slike små skapningar… Ikkje sei det til nokon!)

samlingsboksen_vår_collage

 

Teikningane over her laga eg og ein medstudent då me hadde praksis i ein barnehage før påske, i 1995, altså for 20 år sidan. Eg har vokta og pleia dei, og brukt dei kvart år i barnehagen.

Me hadde laga ei samlingsopplegg som gjekk noko slikt som dette.

samlingsboksen_vår_egg_kylling

 

Kven var først? Høna eller egget?

Etter å ha starta samlinga, viste me fram eit egg, og spurde om ungane visste kva dette var. Me sende det rundt så alle fekk ta på det. (Dagens aktivitet var å måle på egg, dette fortalte me òg.)

Så byrja me med flanellografane våre. Hjå oss kom egget først.

samlingsboksen_påske_6

 

Deretter gjekk me vidare på korleis det ser ut inni.

samlingsboksen_påske_egget

Moro å forske, men for ein kvar pris?

Her er det òg sjølvsagt spanande å sjå korleis eit ekte egg ser ut inni, både rått og kokt. Ein ørliten historie frå barnehagen vår i fjor; Me forska, på dei egga som ikkje hadde levande kylling inni seg…. Tips; MÅ gjerast utandørs og med veldig mange lag gummihanskar på. Og ver førebudd på brekningar. Det luktar heilt hinsides. SÅ til samlinga; bruk ferske egg!

Inni egget er det ei oransje plomme, rundt ligg det noko blankt. Når me koker egget, vert dette blanke heilt kvitt.

Etter å ha sett på korleis egget ser ut inni, måtte me jo snakke om kva som kunne vekse inni egget.

Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.
Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.

Kyllingen har ei spesiell tann som han brukar til å hakke hol i egget med, og han er ferdig og klar til å komme ut etter å ha vorte ruga, anten i rugemaskin (slik som me har i barnehagen) eller av ei høne, som ligg oppå egga og varmar dei, i tre veker. I vår barnehage, har me kylling kalendar.

Songar om kyllingen høyrer påska til.

Her passar det godt med ein song, sjølvsagt slageren;

Ein liten kylling i egget låg,
han banka og banka og banka på.
Her er so trangt,
eg vil ut og gå,
peip han og ynka seg der han låg.
Hakk, hakke, hakk,
egget det sprakk,
og eit lite hovud ut av det stakk.

samlingsboksen_påske_kylling

Eg kan forresten ein annan song om kyllingar òg, og den handlar om kyllingane i hønsegarden.

Hanekyllingane

Veit du, veit du kva eg såg,
såg eit tidle morgon?
Hanekyllingane små,
sloss der uti garden.
Tvi, tvi, tvi,
men eg var først!
Tvi, tvi, tvi,
men eg er størst!
Kry av hanekammen
var dei alle sammen.

Heilt til slutt.

Likte du bloggen? Lærte du noko nytt? Del gjerne posten vidare! Neste post skal handle om mammaen og pappaen.

klem,
Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *