Sangar for tyngre stunder

Det er ikkje alltid du er super-happy og glad, av og til kjem det tyngre dagar. For meg er 28. oktober den svartaste dagen i året.

broren

Eg var so heldig å vekse opp med ein storebror, som var verdens beste. Sjølv om eg og søstra mi vaks frå han på mange måtar, så passa han alltid på jentene sine, og tok storebror-pliktene alvorleg. Broren min er nok ein av dei som har påvirka meg mest her i livet, og gjennom han vart eg kjend med mange andre mennesker med psykisk utviklingshemming. Flotte og gode mennesker alle sammen.

I dag er det 9 år sidan me mista han, og me vart sittande ribba tilbake, kun med minna. Jenta mi var nesten 1,5 år gammal då han døydde, og sjølv om ho var så pass lita, leita ho etter Onkel, eller Kokkom som ho kalla han på den tiden

Når eg møter sorg, brukar eg rolege sangar, då er det ikkje tjo og hei. Ein flott sang om å miste er denne:

Sigla for utan vind
Kven kan sigla for utan vind?
Kven kan ro utan årer?
Kven kan skiljast frå vennen sin,
utan å felle tårer?

 Eg kan sigla for utan vind.
Eg kan ro utan årer.
Men ei skiljast frå vennen min,
utan å felle tårer.

 

Og ja, eg veit at denne i utgangspunktet er på svensk, men eg oversette den kjapt til nynorsk, sidan eg ikkje kan svensk rettskriving, og ikkje orka å google.

Eg spurde òg på facebook-sida mi i går om nokon hadde tips til sangar for tyngre stunder, og fekk svar frå Inger Merete og Irene, tusen takk <3

Blåmann
Blåmann, blåmann bukken min,
tenkj på vesle guten din.
Bjørnen med sin lodne fell,
kan deg taka seint i kveld

Ein annan sang det kom forslag om, er ein sang eg har høyrt i mange gravferder; Eg ser av Bjørn Eidsvåg.

Eg hadde forresten lenge eit trøblete forhald til ein annan Bjørn Eidsvåg sang, ikkje akkurat den tristaste han har laga, men dog; Shalala. Eg fekk alltid tårer i augene når eg sang «Livet e kje akkurat eit ball» for det visste eg jo veldig godt at det ikkje var.

Eg fekk òg eit tredje tips; Ikkje en spurv til jorden. Denne sangen kan eg ikkje, så her må det litt studiar til.

 Fager kveldssol
Fager kveldssol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

 Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
høyr kor strekt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokka bæra
honom kvilebod.

 Så mitt hjarte stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds fader arm.

DSC01292 (600x800)

 Må avslutte med denne <3 Det er ein song me i familien alltid har med når me følgjer våre til siste kvilestad.

Tenner eit lys i kveld <3

-Gudrun-

3 kommentarer til “Sangar for tyngre stunder

  1. Teksten til Ikke en spurv til jorden 🙂
    Ikke en spurv til jorden
    uten at Gud det vet.
    Ikke en sjel mot døden
    uten hans kjærlighet!
    Ikke en blomst er visnet,
    ikke en tåre falt
    uten at Gud vet om det,
    han som er over alt.

    Tro det når stormen herjer
    bladløse vintertrær!
    Tro det når brenning bryter
    over de nakne skjær!
    Tro det når ubeskyttet
    midt i en kamp du står.
    Tro det når helt alene
    du med en smerte går.

    Tro det når noe brister
    uten å vokse frem.
    Tro det når noen mister
    det som var alt for dem!
    Tro det når håp går under
    uten å reise seg:
    Ikke en spurv til jorden!
    Det er et ord til deg.

    ~ Ingeborg Prytz Fougner

    Inger Merete

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.