Simon i Støa

Eg var på fest i går, feira at mi kjære veslesyster fyller år i morgo. Og som seg hør og bør, var me innom ei mengd med forskjellege tema, bl.a. så vart det ein diskursjon om utedo og løe i Jakob Sande sin Simon i Støa og katten. Reknar med det er fleire enn oss som interesserer seg for det temaet, viss du går inn på linken finn du teksten, og ser at det var nok løe det var snakk om, og ingen utedo.

No var eg berre tilhøyrar til denne diskursjonen, og undrar meg framleis på kvifor folk kan dette diktet på rams. Egentleg er jo det rart at eg er forundra over slikt då, som hugsar omtrent alle songar eg har sunge 3 eller fleire gonger. Men det var ikkje noko eg hadde sett føre meg at dei to som diskuterte hadde noko forhald til.

Når det er sagt, er eg veldig glad i gamle sangskattar og dikt frå tidlegar tider, eg har jo tidlegare posta mange gamle songar frå nærområdet. Visst kjem det mange spennande nye sangar til, men det er ikkje nokon motsetning mot dei skikkeleg gamle, gode sangane.

Har du nokon gammal favoritt? Eg er veldig glad i Den fyrste song, og julesangen over nokon, er Det lyser i stille grender <3 Sler eit slag for det gamle i kveld <3 -Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *