Månedlige arkiver: september 2012

God morgon

Det vert mykje «barnehagesangar» i bloggen no, men eg har ofte møtt foreldre som er frustrerte over å ikkje skjønne kva sang «skatten» syng på, og då med ein endå meir frustrert «skatt» sidan mamma og pappa ikkje skjønnar nokon ting.

(Bildet er frå virrevapp sin haustkolleksjon; flotte klær i god kvalitet = dagens reklame 😉 )

Samlingsstunda er nok ikkje lik overalt, (Hey, mine eigne samlingsstunder er ikkje like frå dag til dag ein gong 😉 ) men dei fleste samlingsstunder startar med ein God morgon sang.

God morgon alle sammen.
God morgon alle sammen, 
god morgon far og mor.
God morgon vesle syster,
god morgon store bror.
God morgon trær og blomster,
god morgon fuglar små.
God morgon kjære, lyse sol på himmelen klar og blå,
HEI HÅ!
God morgon alle sammen er med bevegelsar. Eg kan skrive dei opp dersom nokon vil det, berre skriv i kommentarfeltet så fiksar eg det 🙂 Dette er den mest brukte sangen til opningssang, svært uoffisiell undersøking av meg. Men det finst mange andre fine også.
Kom no her
Kom no her, set deg der,
kva skal me no gjere?
Synge litt og lese litt og eventyr få høyre.
God morgon, god morgon
God morgon, god morgon, 
her er me igjen.
Me kjemme so glade til barnehagen hen.
Me syng og me leikar, me har det so godt.
Me vil ikkje byta med kongens eige slott.
God morgon.
Og ein av mine all time favorittar, fordi den er så morsom å syngje:
Her i barnehagen
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy
Mykje rart å gjere – Mykje rart å gjere
Og så mykje skøy – Og så mykje skøy
Skvi skva skvadulia – Skvi skva skvadulia
Skvadulia åh- Skvadulia åh
Ari ari ari – Ari ari ari
Ari ari åh – Ari ari åh
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det kjedeleg – Her har me det kjedeleg
Mykje seigt å gjere – Mykje seigt å gjere
Å so mykje dumt – Å so mykje dumt
Skvi ska…..
Og første verset ein gong til
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy..
Det kan virke kjedeleg, men det er ganske OK å ha samme opningssangen kvar dag (evt. ein heilt anna til fellessamling, t.d. eller andre temasamlingar) Men å høyre den samme opningssangen kvar gong, gjer at ungane skjønnar kva som skjer, dei forbinder sangen med samlinga og veit kva som vert forventa. For meg, og sikkert andre, er det kjekt å synge forskjellige sangar, men eg vil halde meg til den samme, verfall ei stund framover. Så kan me skifte til ein ny etterkvart. Omtrent slik det pleier vere på treningar; når du først har lært programmet, så skifter leiaren til eit nytt program 😉
Eg er jo ein ivrig sangsamlar, så dersom de har andre opningssangforslag så ikkje nøl med å dele dei med meg 🙂 Eg elskar å lære nye sangar!
-Gudrun-

Godnatt sangar

Her i huset er det ein sang som er godnattsangen over nokon; Berg og båre. Eg lærte sangen på (jeps, here it comes, avsløringens time) «Kan-ikkje-syngje-koret»-kurs. Me syng denne på tilnærma nordnorsk, så nordnorsk som ein indresogning kan klare. Eg har hatt lyst til å skrive ein godnattsang-post, men kunne ikkje gjere det utan «Berg og båre». Så eg sende ein melding til Kari Bremnes og spurde om eg fekk lov til å bruke teksten hennar, og fekk raskt svar tilbake med positivt svar.

Så her er den mest sangen me syng mest i heimen. Eg begynte å synge den til ungane mine med ein gong eg lærte den, og sang den lenge til jenta mi, som fall like mykje for den som meg. Då ho skulle verte storesøster for andre gong, var ho 7,5-8 år (vart 8 rett før babyen kom), og sang denne sangen kvar kveld til babyen inni magen. Og det vart den sangen som roa babyen etter han vart fødd. No er babyen vorten godt 2 år, og velger alltid «De ko» (=»Der kor») som godnattsang.

(Bildet er ikkje akkurat Berg og båre, men eit bilde av ein stein med hjerte på

Berg og båre

Der kor berg og båre brytes blir det melodia
alt fra løstig sommarlåt te såre symfonia
Kvasse klippa knuses sund og smuldre bort i sanda
men her finns og steina som e god å ha i handa

Der kor berg og båre brytes vil det alltid tære
på den smale, skjøre stripa mella fjor og fjære
Men det går å leva her vi kan ha i minne
at uendelige slag vil ingen kunne vinne

Der kor berg og båre brytes kommer også sangen
langveisfra med seil av sølv heist av solnedgangen
Der den gamle kampen står åpne sæ det nye
skapt av sjø og stein og år og lys fra morragryet

Andre godnattsangar som har vore populære i heimen er «Pusekatt, kest laog du i natt?» og «Katten bad pusen» som begge står i Pusekatt-posten. Og klassikarane som «Sulla meg litt» «Byssan lull», «Når trollmor har lagt», Ivar Aasens «Den fyrste song» og Egners «So ro lillemann».

Byssan lull
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Byssan lull koka kittelen full
da kjemme tre vandringsmenn på vegen.
Den eine akk so halt,
den eine o’ so blind,
den tredje seier slett ingenting.

Sulla meg litt
Sulla meg litt du mamma mi,
skal du få snor i trøya di.
Vil du ha gule,
vil du ha bår,
vil du ha blanke,
skal du det få,
i trøya di,
du mamma mi.

Trollmors voggesang
Når trollmor har lagt sine ellve små troll,
og bunde dei fast i halen.
Då synger ho sakte for ellve små troll,
dei vakraste ord ho kjenner.
Aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboff
aiaiaiaiaiboffboff
aiaiaiaiaiboff

(Trollmors voggesang fungerer ikkje alltid like bra som godnattsang, nokre ungar tykkjer aiaiaiaiaboff er ustyrteleg morsomt 😉 )

Når me syng godnattsangar, syng me alltid roleg og mjukt, mens me sit tettinntil kvarandre og roar ned. Godnattsang er ein fin del av kveldsrutina. Dersom det samme skjer kvar kveld, i lik rekkefølgje, veit barnet at no er det natt, no skal eg sove. I motsetning til ingen rutiner, då kan det komme protestar, for ungen veit ikkje kva som skal skje. Så å halde fast på rutinar i kveldssamanheng, i legginga, er smart 😉 Særleg dersom legginga er eit problem. (Kanskje eg burde innføre faste leggerutinar på dei to eldste att òg… 😉 )

-Gudrun-

Gravemaskiner :)

Som dei som kjenner meg sikkert veit, så er gravemaskiner noko som er viktig for familien. Eg hadde egentleg ikkje tenkt å skrive blogginnlegg på ein laurdagskveld, men så kom ei venninne på døra med ei bok ho hadde kjøpt til meg; Storeting og andre barneviser av Nils Slettemark og Peter Plenne. (Tusen takk, Oddrun!! <3 ) Boka er frå 1977 og er eit utval av dei beste barnedikta til Nils Slettemark. Det er lyriske viser, skjemteviser, glade og alvorlege viser. Det var spesielt eit dikt (som er sett musikk til av Peter Plenne, så eg må lære meg melodien etterkvart!!) som eg fall for; Stor-eting. Eg er usikker på om det er lov å skrive det ned, men sidan eg har fått lov av eit forlag å bruke tekstar frå sangbøkene deira, dersom er ikkje skriv mange, så skriv eg ned dette. Eg har aldri høyrt om desse dikta før, og dei fortjener å komme fram i lyset!

Stor-eting
Gravemaskina på Åreklett åt opp ein åker,
men vart ikkje mett.
Sette så tanna glupsk i ei eik,
men likevel var ho så tynn og bleik.
Så saug ho seg i ei bjørkerot,
ein bekk og ei furu på førti fot.
Sleikte bort molda, vrei opp ein bolt.
Det var ein stor og umetteleg svolt.
Tok så ei steinrøys med mose på, 
eit hus og eit gjerde som gjekk på skrå.
Åt opp ein hage og heiv seg rundt,
og tørka sin trut på ein piggtråd-bunt.
No var ho endeleg god og mett
og pirka i tanna si med eit spett.
Trippa så heim att på lette tær,
for no var det gate med asfalt der.
Det er òg ein sang som heiter Hyggjestund, som eg skal ta i bruk, og mange mange fleire. Gleda meg til eg har lært meg å lese notar 😉 Så dette er ei anbefaling på ein laurdagskveld; sjekk ut dikta til Nils Slettemark! 
Bildet er frå årets ferietur, som blandt anna gjekk til Diggerland i Kent, ein familiepark fyllt med gravemaskiner. Rett og slett den ultimate familieparken for oss 😉 Det vert dagens andre anbefaling 😉
Ha ein fin kveld, alle saman!
-Gudrun-