Månedlige arkiver: desember 2013

Min adventskalendar; 15. desember – sjokoladekjeksbitar

OK, veit ikkje heilt om eg er snill eller slem no, det får du avgjere sjølv.

snø

Sjokoladekjeksbitar

200 g hakka lys sjokolade
2 ss lys sirup
185 g smør
2 ss fløyte
250 g hakka søt kjeks (gjende, bixit e.l.)
200 g mandelflak
1,5 dl kokos

Glasur
150 g mjølkesjokolade
15 g smør

Kle ei form, ca 20×30 cm med bakepapir, smør det. Bland saman sirup, sjokolade, smør og fløyte i ein stor kjele. Rør til alt er smelta, ikkje kok det! Ha i kjeks, mandlar og kokos. Trykk ut i forma, hell over smelta sjokolade/smør. Set kaldt og del opp i små firkantar.

Og set hengelås på boksen!

-Gudrun-
Kos deg!

Min adventskalendar; 14. desember – strull

Dette er mi favoritt julekake! Ingen over, ingen vedsidan av! Me-hen; det er ikkje kvart år eg steiker desse… Det tek laaaang tid, noko eg ikkje har so mykje av rett før jul.

snø

Strull

2,5 dl seterrømme/kremfløyte
100 g sukker
Visp
100 g kveitemjøl
ca 1/2 dl kaldt vatn
Rør inn. La røra svelle i 30 min.

Eit super-innside-tips; kjøp slike kvite bomullshanskar frå apoteket, sparar fingertuppane litt med det.

Trur eg skal få laga desse i år, dei er så gode!! Røra vert ca 25 kaker, så eg vil lage litt større oppskrift.

-Gudrun-

Min adventskalendar; 13. desember – Lucia

I fjor som i år, må det verte ein post om Lucia. Me gjekk, som eg har nemt før, alltid Luciatog i barndommen. Eg hugsar at eg og søstra mi gjekk første gongen. Mamma hadde steikt lussekattar og me gjekk rundt i nabolaget og delte ut. Året etter var det eit større tog, og det auka på heilt til me slutta.

snø

I dag har eg sendt avgårde eit flott Lucia-tog med 6 deltakarar.

Natta går tunge steg
kring hus og låve.
Sola ho gjekk sin veg,
jorda må sove.
Brått her i stova vår,
lys over mørkre rår.
Santa Lucia, Santa Lucia.

Santa Lucia
med den kvite kjolen.
Kom til oss alle;
lær oss å vera snille.
Inn i vårt mørke hus,
stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia.

Den første er det verset dei fleste ungar i Sogndal syng no for tida. Den andre var den me alltid sang i Lucia-toget vårt når me var små. Eg hadde lyst å overføre denne tradisjonen til mine eigne barn, og ser for meg at to år framover vil det vere ei smal sak å gjennomføre, men so kjem Lucia dagen på måndag att…

Rart dette her, med tid. Me hadde so mykje bedre tid før, alt var rolegare. No spring me frå eine til andre og kavar på frå me er babyar og oppover. Då eg var liten, var eg med på 4H, som hadde møte ein gong i månaden, Miniklubben, ein eller to gonger i månaden (hugsar ikkje) og Miniklang (kor) antakeleg annakvar veke. Og eg var sikkert ikkje med på alt dette samtidig ein gong. Korleis står det til med ungane no til dags?

Så klart me hadde tid til å gå Lucia kvart år!

Slapp av litt! Ikkje stress rundt med alt mogeleg. Du får det ikkje bedre.

Klem,
-Gudrun-

Min adventskalendar; 12. desember – lussekattar

snø

Dagen før Luciadagen, på tide med oppskrifta me alltid brukar til lussekattane. Godt mogeleg at nokon tykkjer eg bannar i kyrkja no, men eg tilsetter berre gurkemeie i den vanlege bolleoppskrifta mi. Då får eg mjuke, deilige, saftige bollar, istaden for dei litt tørre vanlege lussekattane.

3,5 dl mjølk
100 g smør
1 egg
50 g gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
8-10 dl kveitemjøl
ein desj gurkemeie.

lussekattar

Skal steike slike i dag, sidan eg har seinvakt i morgo, og har stor plan om å gå i tog, slik me alltid gjorde, saman med ungane, og kanskje naboungane?

-Gudrun-

Min adventskalendar; 11. desember – kolakaker

11. desember – det er onsdag, og mindre enn to veker til julafta. Er du stressa? Eg er ikkje det, eg har laaaang tid att til jul, begynner ikkje å stresse før 22. desember. Eller rettare sagt, eg begynner ikkje å gjere noko før 22. desember. Med «gjere noko» meiner eg rydding og vasking.

snø

Kakebaking og godteri laging er ting me likar, så det har me kontroll på.

I dag gir eg deg oppskrifta på KOLAkaker, og då meiner eg kola på svensk, som betyr karamell, og ikkje Cola. Kolakaker har ingenting med Cola å gjere.

Kolakaker

Rør saman 200 g sukker og 200 g smør.
Ha i 2 ts natron, 2 ts vaniljesukker
og 300 g kveitemjøl.
Ha i 1/2 boks sirup tilslutt.
Kjevle ut like store emner,
ca 1 cm tjukke, to på kvar plate.
steik på 185 grader i 15 min,
Skjer i bitar mens dei er varme.
(som brune pinnar)

Kos deg! Og ja, eg er veldig glad i karameller! Kva kaker bakar du til jul? Fortel meg om det viss du finn noko du brukar i adventskalendaren min! Veldig kjekt med tilbakemelding.

-Gudrun-

Min adventskalendar; 10. desember – om klatring og hobbyar

snø

I dag har me greidd å få to festar! Det er avslutning på klatrekurset som eg og 8 åringen har gått på, OG julefest med klassen til 8 åringen. Så det vert ørlite klatrefest og heile klassefesten på oss.

Men kanskje skrive litt om klatring i dag, då? Eg er godt oppi 30 åra, men i haust begynte eg å klatre, 12 meter opp etter ein vegg med sele, heilt frivillig. Eg er ikkje spesielt veltrent, eg er ikkje ein liten røysekatt, men opp i veggen kom eg, og Brattkort fekk eg!

Klatring er kjempe moro! No ønskjer eg meg klatresele til jul, slik at eg kan halde den nye hobbyen min ved like. Me var fire vaksne og 4-5 ungar på kurset, og me var tre + tre frå mitt nabolag. No bur eg relativt urbant og sentralt til, i eit middels stort byggjefelt;

lauvhaug

Jepp, i den vesle krøllen med hus, der alle kjenner alle, bur eg. Me var omtrent halvparten av mødrene i nabolaget på kurs. Ganske so sprekt, eller kva meiner du? (Ok, eg innrømmer det, eg bur i eit knøtt lite byggjefelt 4 km frå eit relativt lite «sentrum») Men eg trivst, så det er det viktigaste.

Hobbyen min dei siste åra, 11-12 åra… har vore barn og hus. Kanskje på tide å begynne med noko eige att? Har alltid hatt ein drøym om å synge i kor, og det har eg gjort tre gonger i mitt vaksne liv, tre Eg kan ikkje syngje-kor-kurs.  Men det har ikkje ført til hopp opp på eit skikkeleg kor. Nokon som har eit super-kor i Sogndal å anbefale? Elles har eg lukta på strikking og symaskin innimellom, men det vert berre periode-greier. Blogging er ein hobby som har vart ei god stund.

Fortel meg om dine hobbyar! Og gi meg idear til ting eg kan teste ut!

(Og viss det er nokon som har tips mot kjempe-forkjøling, så tek eg mot det òg)

Forkjøla klem frå

-Gudrun-

Min adventskalendar; 9. desember – smørkaker

Desse kakene baka me første gong for nokre år sidan, meiner eg fann oppskrifta på eit skravleforum, som var veldig «in» pre-Facebook. Desse er utruleg gode!

snø

Smørkaker
125 g smør
70 g sukker
180 g mjøl

Rør smør og sukker kvitt,
sikt inn mjølet og kjevle forsiktig
til 1 cm tjukk leiv.
Skjær/stikk ut sirklar
og dryss på litt ekstra sukker.
Legg på steikebrett,
set kaldt i 20 min.
Steik på 190 g i 15-20 min.
Avkjøl på rist.

Kos deg! Del gjerne viss du brukar oppskrifta.

Klem

-Gudrun-

Min adventskalendar; 8, desember – om tradisjonar

2. lyset brenn.

No tenner me det andre lys,
det står der stilt å skin.
Me ventar på at Gud vår far,
skal senda sonen sin.

Dette er den sangen me syng når me tenner lys. Det var den me sang heime, og den syng eg saman med ungane mine eigne òg.

snø

Tradisjon er jo det jula handlar om. Kjekt med nytt òg, altså, men når det er jul, så er me vel alle litt tradisjonsbundne? Kva må du gjere til jul?

Eg må ha tomt vaskerom og skifte på alle sengene. (Hender det skjer elles i året òg, altså, men på julafta må det vere). Og me må bake smoltringar. Før, når eg var liten og så lenge som besta mi levde, baka me smoltringar hjå besta og besten. Dei budde nett over oss, og det var alltid «Texas» når me baka. No steiker me smoltringar hjå mamma og pappa, og «Texas» er det fortsatt. Karameller er ein annan tradisjon, det lagar me kvart år.

Lucia skreiv eg om i fjor, det var ein kjær barndomstradisjon. Me gjekk lucia-tog i nabolaget, sang og delte ut lussekattar. I år er Luciadagen på ein fredag, så i år vert det Luciatog på Lauvhaug òg. Luciadagen er ein ting som ofte har måtta vike pga tidspress. Viss me kjem heim i fem tida på ein skuledag, vert det ikkje tid til tog. Men me prøver alltid å bake Lussekattar iallefall.

Ungane har som tradisjon å bake kakemenn saman med svigermor, det er òg alltid koseleg. Då bakar dei saman med søskenbarna sine, og kjem heim med gode kaker.

Kva er det som gjer oss så tradisjonsbundne i jula? Eg høyrer stadig historiar om foreldre som prøver å gjere om på noko når ungane er vaksne, som møter sterk motstand: Det skal vere som det alltid har vore!

Posten kjem seint, men godt i dag. Grunnen er 1. Me har hatt den tradisjonelle smoltring-bakinga i dag og 2. I går fekk eg brev frå legen min at eg hadde husstøvmidd allergi. Så resten av dagen har vorte brukt til å eliminere litt husstøv midd …  Tek gjerne i mot gode tips til korleis eg kan lindre plagene mine.

Førjulsklem frå

-Gudrun-

Min adventskalendar; 7. desember – boksar

Dei to eldste ungane går på speidaren, ein nyoppstarta tropp som har vore i drift i 1,5 år. Kvart år har me juleverkstad, der me blant anna lagar pepperkake leir som me får stille ut i den lokale pepperkakelandsbyen, som er hakket mindre enn den som er i Bergen. (OK, mange hakk mindre.) Men der har iallefall min barnehage, minsten sin barnehage og dei to eldste sin speidartropp eit bidrag, så me er godt representerte.

snø

I fjor lærte me å brette boksar på speidaren sin juleverkstad. Og her kjem oppskrifta eg lova deg i 3. desember-posten.

Me startar med å klippe eit ark, kan godt vere frå eit blad, i eit kvadrat. Slik som når du brettar spå. Brett slik at det vert eit kryss. Brett alle hjørna inn på midten. Ta det så oppatt og brett inn til neste «strek».

boks12

No har du eit «rutemønster» (eg har streka det opp for illustrasjonen sin del, det skal ikkje du gjere). Du må brette ned dei ytterste kantane òg, men dei kan du godt brette andre vegen. Klipp så slik som eg har kryssa, fire klipp.

boks13

Så begynner du og brette til boksen slik som vist på bildet.

boks14

Lykke til! Spør viss det er noko du lurer på. Viss du lagar boksen, er det supert om du anten postar bilde på Facebook-sida eller taggar eit bilde med #samlingsboksen_no og @samlingsboksen på Instagram.

klem,

-Gudrun-

Min adventskalendar; 6. desember – peppermyntegriser

Fredag <3

snø

Det er taco-dagen over alle, også her i heimen. Men i dag vil eg dele ei oppskrift på mintgriser. (Grunnen til at det vart griser, er at me har nokre knøttsmå pepperkake former, der i blant ein gris) Oppskrifta fekk eg hjå Ann Kristin i fjor, min tidlegare Virrevapp.no-sjef.

griser

Ann Kristin sine mint griser
1 dl kremfløyte
1 ss kveitemjøl
Kok til tjukk jevning.
10 dråpar peppermynte + konditorfarge.
Tilset 500 g melis når det er avkjølt.
Kna saman til deig,
kjevle og trykk ut med små
pepperkake-former.
Smelt sjokolade og stryk over figurane.

Dei smakar kjempe godt! Eg skal gi deg oppskrifta på mamma sine mintstenger òg. Julemint er nydeleg!

-Gudrun-