Berre nett må…. om nettbutikk, larver og slikt.

Har du opplevd at du vil for mykje? (Sjølvsagt har du det, det har alle frå tid til anna.) Vel slik har eg det no!

Me har fått oss student på avdelinga vår, noko som er super spennande for meg, sidan eg ikkje har vore øvingslærar på ordentleg før. Har hatt nokre korte periodar, men no er det i heile fem veker. Den flinke og dyktige studenten vår skal ha ei mengde oppgåver når ho er hjå oss, så tida fram mot påske blir lagt litt opp etter hennar opplegg. I tillegg til alt anna som skal inn før påske, som ordinære påske aktivitetar, runging av egg osv.

Men allikevel då, så klarar eg ikkje å late vere å snike inn Lille Larven Aldrimett. Denne krabaten kom opp på veggen vår i dag.

larven aldri mett

Bokstavane du skimtar under, er forbokstaven til ungane våre. Sjølv om dei er små, vil me prøve å lære dei sin bokstav. Spennande å sjå!

larven aldri mett 2

Denne søte handdokka/teaterdokka er snart på veg i posten til meg. Eg har hoppa i det med begge beina, og ein del pengar, og kjøpt mange teaterdokker i Kina. Det er blant anna denne søte larva. Så med tida kjem det opp ein nettbutikk!! Yuhuu! Eg gledar meg!

Teaterdokker er kjempe moro å bruke i samlingsstunda. Eg hugsar frå eg sjølv var liten, eg trudde det var den nye kosepusen min som kom hoppande mot meg når ei gammal tante spelte skodespel for meg med han. Slik ser eg stjernene i augo til ungane òg, når eg tek med ei handdokke i samlingsboksen. Dokka har fullt fokus! Eg har bestilt inn 4 forskjellege teaterdokker som eg skal legge ut i min snart splitternye nettbutikk. Kva dokker lurer du kanskje på? Den som føl med får sjå!

Klem,
-Gudrun-

2 kommentarer til “Berre nett må…. om nettbutikk, larver og slikt.

  1. Hei Gudrun – dette var et spennende «bekjentskap»! Takk for at du ‘likte’ en av Alvens oppdateringer på Facebook, da kunne jeg gå inn å «hilse» på deg også 🙂 Lykke til med nettbutikk – blir gjerne kunde jeg! Lev vel hilsen fra Kari Anna

    1. Hei! Det var jo ein flott referanse du hadde fått 😀 Høyres supert ut med den vikartjenesta de har! Slike burde vore fleire plassar! Veit kor vanskeleg det er å få tak i gode vikarar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.