Me er i mai månad, kva månad passar bedre for eit innlegg om gebursdagar? I vår familie på fem, er det tre som er fødd i mai, inkludert underteikna.
Etter nokre år i barnehagen, har eg vore med på ein del variasjonar av markeringar gebursdag.
I starten av karrieren min, vart kvar unge feira med krune og valg mellom gele, sjokoladekake, is eller vafler. Dagen vart markert, anten på rette dagen eller dagen før. Dette gjekk stortsett smertefritt, bortsett frå ein gong då me putta varm gele inn i kjøleskapet. Det var ikkje lurt! Eg hugsar ikkje om noko mat vart øydlagt, men geleen vart iallefall ikkje litt stiv. Me feira òg sjølvsagt med song og rakettar eller kasting opp i lufta.
Eg har vore innom ein variant med at gebursdagsbarnet har fått velgje varmmat og frukt til dessert. Dette var jo stas, men det var mykje arbeid. Sunt var det forresten, med frukt framfor usunne alternativ til dessert.
No har me månadsmarkering i vår barnehage. Alle dei ungane som er fødde i ein månad, får saman velgje varmmat og dessert, og dagen vert oftast markert når den første ungen fyller år. I tillegg markerer me, på småbarnsavdelinga, med song, krune og eit laminert bilde av gebursdagsbarnet. På storavdeling har dei positiv runde. Alle ungane og dei vaksne seier noko positivt om den som fyller år, dette vert notert ned og printa ut som gåve frå avdelinga.
Nokre tips til ekstra markering, som alltid slår godt an når det er snakk om gebursdag;
1. Rakettar; Me skyter opp rakettar ved å klappe oss på låret og seie ååååå, fører hendene over hovudet og seier sjyyyyy. Me skyter opp så mange rakettar som ungen er år, ungane får velgje farge på kvar rakett. Hent fram skodespelaren i deg og slå deg laus.
2. Kaste ut av glaset; To vaksne tek tak i armar og bein på gebursdagsbarnet og kastar det «ut» glaset så mange gonger som barnet fyller år.
Korleis feirer de i din barnehage? Har de andre tips til aktivitetar?
Klem,
-Gudrun- som fyller år om 9 dagar <3
PS; Viser til innlegget om gebursdagsfeiring og mobbing som eg skreiv i vinter.