Kategoriarkiv: barnekultur

Vesle Petter Edderkopp

Vesle Petter Edderkopp er ein så genial sang, at den fortjener ein eigen post. Det er ein enkel sang, som er lett å lære, den har enkle bevegelsar som gjer det enklare for ungane å hugse den og etter kvart som ungane vert større, går det an å gjere bevegelsane vanskelegare. Og det som gjer den til ein av mine store favorittar; den kan varierast i det uendelege, og ungane kan vere med å komme med forslag.
Alle kjenner jo dei Vesle Petter Edderkoppen. Men så finst jo òg den Pitte Vesle, som må syngast med lys, lys pipe stemme og ørsmå bevegelsar. Den Store Petter Edderkoppen syng me med djup, høg røyst og svære bevegelsar. Den Gamle med skjelvande stemme og bevegelsar. Den raske syng me fort og med raske bevegelsar, den treige er skikkeleg treig. Den sinte, som jo er litt morsom å syngje, sidan me kan bruke sint stemme berre på tull. Den sinte har brå bevegelsar. Den Tyske har firkanta bevegelsar, den Amerikanske har store bevegelsar… osv. Og den Morsomme som eg skreiv om i første posten, han berre ler.
Edderkoppen over her, har eg kjapt laga på Paint. Ein enkel illustrasjon, som gjer det enkelt å sjå kva sang me skal syngje. Ungane likar illustrasjonar! Og det enkle er ofte det beste <3
-Gudrun-

 

Ollebolle med fleire vers

Oppe på fjellet
I dag har eg vore på fjelltur, og då kom eg til å tenkje på sangen «Oppe på fjellet» som sikkert dei fleste kan, men det er jo ikkje sikkert alle kan dei andre versa, og det er kanskje nokon som kan nokre andre vers?
Oppe På Fjellet
Oppe på fjellet der bur det tre trolle, 
Trollefar og Trollemor og vesle Olle Bolle.
BØ!! seier Trollefar.
BØ!! seier Trollemor.
Men den vesle Olle Bolle seier berre bøøøøø (kviskre)
Inne I Fjøsen
Inne i fjøsen der bur det tre griser,
Grisefar og Grisemor og vesle Grise Fise.
NØFF!! seier Grisefar.
NØFF!! seier Grisemor.
Men den vesle Grise Fise seier berre PROMP…
Oppe På Loftet
Oppe på loftet der bur det tre spøkelser,
Spøkefar og Spøkemor og vesle Lommetørkle.
UHUUU!! seier Spøkefar.
UHUUU!! seier Spøkemor.
Men det vesle Lommetørkle seier berre ATSHOO!

Og så det siste, Krabbelure-verset, som me hadde på skjortene våre hjå virrevapp denne våren, det er det Ann Kristin som har komme med forslag om.

Krabbelure
Nede i vannet der bur det tre krabber,
Krabbefar og Krabbemor og vesle Krabbelure.
Blubb! seier Krabbefar.
Blubb! seier Krabbemor.
Men den vesle Krabbelure ligger der og sover.

(Dette siste verset sang eg på alle mine virrevapp-visningar i vårsesongen 😉 Er man førskulelærar, så er man førskulelærar)
Har du fleire vers, så skriv dei i kommentarfeltet 🙂

-Gudrun-

Velkommen :D

Velkommen til bloggen min 🙂
Eg brenn for barnesangar, har alltid likt å syngje, og som førskulelærar og trebarnsmor, får eg syngje masse kvar dag. I bloggen min vil eg legge ut tips, linkar osv. Og startar med «Hiten» i barnehagen før tida. «Lille Petter Edderkopp» er ein sang alle ungar, alle som jobbar i barnehage og dei fleste foreldre kan, men har du høyrt om «Pitte vesle edderkopp», «Kjempe digre edderkopp», «Gamle Petter Edderkopp» og ikkje minst «Morsomme Petter Edderkopp»? Enkel og grei måte å «sprite» opp ein god, gammal slager.

Morsomme Petter Edderkopp ha-ha-ha-han kla-ha-ha-hatra på min ha-ha-ha-hatt! Så-hå-hå-hå begynt-he-he-he-he det å-hå-hå-hå r-he-he-hegne og Petter ned han da-ha-ha-hatt. Så-hå-hå kom so-ho-hola og ski-hi-hi-hinte på min ha-ha-ha-hatt, og morsomme Petter Edderkopp ha-ha-han kla-ha-ha-hatra på min ha-ha-ha-hatt.

Det er rett og slett umogeleg å syngje «Morsomme Petter Edderkopp» utan å le, berre prøv!

-Gudrun-