I vår sang eg «Gå ein tur i Jungelen» for første gong for min eigen treåring, ein sang som eg hadde sunge nesten kvar dag saman med andre treåringar. Dette vart raskt ein favoritt som han valgde kvar gong han skulle legge seg ei tid.
Jungel-sangen
Gå ein tur i jungelen,
gå ein tur i jungelen.
Kva ser du der?
Kva ser du der?
Viss du høyrer lydar,
viss du høyrer lydar,
kva kan det ver’?
kva kan det ver’?
Eg trur det er ein slange, ssssss
eg trur det er ein slange, ssssss
eg trur det er ein slange, ssssss
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Gå ein tur i jungelen…osv
Eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
eg trur det er ein krokodille, klapp, klapp, klapp
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Gå ein tur i jungelen…osv
Eg trur det er ein tiger, wreeeel, wreeel,
eg trur det er ein tiger, wreel, wreeel,
eg trur det er ein tiger, wreeel, wreeel,
som ser etter litt mat,
som ser etter litt mat.
Eg hapa’kje da verte meg,
eg håpa’kje da verte meg.
(eller saman med min eigen gut håpar eg det ikkje vert meg og deg eller oss 😉 )
Denne er med rørsler, som ein gjer ørlite før teksten, slik at ungane enklare klarar å henge med.
Det var favoritten ei lang stund, heilt til eg starta på småbarnsavdelinga, og begynte å synge tre små griser. Då adopterte han den som favoritt, rett nok ikkje like lenge, berre lenge nok til at han hadde lært den. 😉 Den skreiv eg opp att i ein post tidlegare i veka. Men som sagt, måtte han alltid avslutte med at «So leste mammao atte døri» slik at han fekk ei god og trygg avslutting på det heile.
No er det ein ny favoritt, som han kallar sjiraffen blaffen. Dette er ein sang som eg sjølv òg er veldig glad i, men som eg har brukt alt for lite i det siste.
Sjiraffen Laffen
Sjiraffen Laffen, gir alltid blaffen,
i om det er fløyte nok i kaffe’n.
Sjiraffen Laffen, sa sist eg traff’en
Ka-raf-el-vaff.
Tjo og hei på deg gamle venn,
tiddeli-tuddeli, smått om senn.
Rumba, samba og så ein vals,
høyr no eg synger av full hals.
Taratta-ta-ta….
Når eg var på stor-avdeling, dansa me alltid samba rundt i rommet mens me sang denne sangen, det har eg ikkje gjort i dei siste to åra med småbarn. Men kanskje eg skal ta den med inn i gymsalen, små barn dansar vel?Ein gong, om ikkje so lenge (??), skal eg begynne ta opp video. Vil du ha video med Jungel-sangen? Skriv ein kommentar, eller skriv det på
Facebook.
-Gudrun-
som har greidd å ikkje løfte og ikkje bøyge seg so masse i dag, og går med ein nærsynt og eit langsynt auge enn so lenge.