Kategoriarkiv: tankespinn

Bråkete kvardag? 5 tips til konflikthandtering i skulen.

Ein lærer så lenge ein lever. Og denne hausten har eg lært ein heil del. Av og til møter du ungar, i skulen eller barnehagen, som utfordrar deg. Her har eg samla mine personlege tips, tips eg har lært mest som mamma, men også ting eg har teke med meg gjennom jobben min som barnehagelærar. Kan godt vere at eg berre ser mitt eige synspunkt her, men eg håpar at råda kan ha litt univesell kraft, at du kan ta med deg noko og bruke i din kvardag. Tipsa er skrivne med tanke på skulen, men eg håpar du kan bruke det uansett kor du møter på konflikt.

samlingsboksen_gudrun_2

Har du utfordringar med ein unge i klassen din, så prøv dette;

Tips nr 1. Bygg RELASJON til ungen. 

Minn ungen på kjekke ting de har gjort i lag. Når som helst – kor som helst. Har du treft ungen på fritida? På fjelltur, sykkeltur, fritidsaktivitetar? Har de gjort noko kjekt på skulen? Kjenner du bestefaren? Har du gått på skule med mora? Veit du kva ungen likar å gjere på? Kva interesser har ungen? Korleis ser huset til ungen ut? Kjenner du naboen? Onkelen? Har han ein katt? Minn ungen på at du egentleg er ein kjekk person, at du egentleg er kjempe grei. SMIL!

smil

Tips nr 2. MEDVIRKNING og medbestemmelse. 

La ungen få vere med å medvirke til skulekvardagen sin, la han få fortelje korleis han vil ha det, korleis han vil lære. Korleis ser draumeundervisninga hans ut? Med fokus på læring, korleis trur han at han lærer best? Kva vil han ha meir av? Korleis kan alle få det bedre, han sjølv, lærarane og resten av klassen. Korleis kan de få gjort det de skal gjere på skulen? På ein bedre måte? La ungen verte høyrd. Men; Ungen skal ikkje bestemme, og det må vere med fokus på læring, det må vere seriøse forslag.

ikkje la deg knekke

Tips nr. 3. Ta på ROSA BRILLER

Du må gjere ei endring hjå deg sjølv, vondt, men sant. Er du i konflikt med ein av ungane i klassen, så kan du ikkje halde fram på samme måte som du alltid har gjort og forvente ei endring hjå eleven. Leit etter det som er bra! Ta på deg rosa briller og sjå alt i rosa skjær. Ja, ja, kallar han deg julegris, så er det iallefall mykje bedre enn hore. Og skriv han eit dikt på rim om ein lærar som er sær og manglar klær, så er det super bra og flott rim. Drit i bagatellane. Gi skryt på det som er bra nok. Det du fokuserer på, får du meir av. Det gjeld alltid, over alt! Og viss du endrar litt på synet du har på eleven din, så endrar kanskje han oppførselen òg?

Tips nr. 4. Hald på eit positivt FORELDRESAMARBEID

Dette er eit tips sett frå foreldre sida, og mine tankar om korleis foreldresamarbeidet bør vere, eller ikkje bør vere.

Ikkje gjer dumme ting overfor foreldra og deira unge. Ha fokus på ei løysning og ikkje berre less over på foreldra problema de har på skulen. Foreldra har ingenting med om du søv dårleg, om du ikkje har nokon plass å avreagere. Dette er ting de får ta opp innad i teamet, eller i samtale med rektor. Relasjonen mellom foreldra og skulen vert svekka, og relasjonen mellom foreldra og deira eigen unge vert svekka.

Ta det ved rota, ikkje la det utvikle seg. Er det problem dei tre første dagane etter sommarferien, ta kontakt, ikkje vent ein månad eller to før du snakkar med foreldra. Involver dei tidlegare, slik at de saman kan finne ein veg ut. La foreldra få vere foreldre òg. Dei må av og til ta ungen sin sitt parti. Og dersom du mistenkjer at ungen ikkje har det bra heime, så gjer noko med det, og la skulekvardagen vere so bra som mulig i ein slik situasjon.

Og når du involverer foreldra, ta det steg for steg. Personleg får eg bakoversveis og set på bremsen, dersom eg vert overvelda og brukt som søppelspann. Det er ungen min du snakkar om! Begyn med starten, og fortel litt og litt. Ikkje vent til du har fått meir enn nok.

Tips nr 5. Tenk over korleis du snakkar.

Tenk over kva uttrykk du bruker. Finst ordet PROBLEMELEV i ditt vokabular? Visk det vekk! Jobb med deg sjølv og dine eigne haldningar til ungar og medmennesker.

Veit du heile sanninga?

Ja, eg brukte konsekvent han om eleven/ungen. Det gjorde eg med vilje, for det er EIN unge og EIN elev, og fordi det kjendes rett å gjere det.

Kva meiner du? Er eg heilt på jordet? Lærte du noko? Har du fått tips til eigen praksis? Har du andre tips? Vert glad for tilbakemeldingar. Og del gjerne bloggen vidare, viss du trur andre kan ha nytte av å lese det.

 

-Gudrun-

Gratulera med dagen!!

036 (2)

Neidå, eg har ikkje sett feil på datoane. For meg er alltid 17. mai den dagen som kjem etter 16. mai.

16. mai er min dag – og i år er det min store dag! Eg går over i eit nytt tiår, til 40 åra. Som 20 åring var eg ny i livet, hadde brukt opp ein femte del, følte eg. 25 var heller ikkje så verst, ein fjerdedel, ganske grei fjerdedel. Hadde utdanna meg til førskulelærar, hadde bygd hus, var sambuar. Livet var der det skulle liksom.

samlingsboksen_gudrun_2

Jaudå, som 30 åring, gift på fjerde året, to barn, den yngste var baby. No slo det meg skikkeleg. Å herrebåddn, eg var ferdig med ein tredjedel! Hadde ein treåring, med dei utfordringane det gir, og ein baby som skulle ha mat annakvar time døgnet rundt. Eg var nok mest i koma. Men overgangen frå 20 åra til 30 åra var litt tøff.

Men i dag då, då går eg over i 40 åra, halvparten av livet er over. (Eg veit eg rekna 100 år på 20 og 25, 90 år på 30, og 80 no, men du skjønnar kva eg meiner.)

samlingsboksen_gudrun

Kva tenkjer eg no då? Eg har store ungar, ein tenåring, ein ti åring og ein fem åring. Eg jobbar som pedagogisk leiar, og det er 18 år sidan eg var ferdig utdanna førskulelærar. No byrjar det å surre tankar, er dette alt? Eg byrjar å tenkje at dersom eg vil gjere noko, så kan eg like godt gjere det no, tida ventar ikkje på meg.

profil_london

Kva gjer eg då? Jau, eg bloggar, om det eg føler eg har ein del å tilføre andre på, dvs. korleis ha artige samlingsstunder. 40 års krisa slo meg egentleg i starten på 30 åra, då eg heseblesande prøvde å halde følgje med 60 åringane som eg jobba med. Så eg byrja å trimme. (Hey, eg har til og med musklar i leggene!) Ikkje det at eg overdriver treninga altså, men eg er i mykje bedre form enn eg var i 20 åra.

Ungane er store vortne, så store at eg og gubben, som eg har vore saman med over halve livet, fann ut på familieferien (don’t know why dei tankane dukka opp akkurat der, på ferie med ungane… go figure…), at me burde hatt oss ein sydentur åleine, berre me to. Så no må me berre få barnevakt til tre galne ungar, samt ferie til å reise i… Jaudå, men neidå…

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Vel, denne flotte dama fyller altså 40 år i dag, gratulasjonar er virkeleg på sin plass! På førehand takk.

Klem, Gudrun <3

Korleis tilrettelegge for ein god oppstart?

Korleis kan ein gjere tilvenninga i barnehagen best mogeleg?

Godt med litt støtte i motbakkar.
Godt med litt støtte i motbakkar.

Dei fleste ungar byrjar i barnehagen når dei er rundt eitt år, og eg vil ikkje gå inn på diskusjonen om barnehage er bra for eittåringar eller ikkje. Eg vil heller fortelje litt om kva me gjorde i fjor haust, då me ved oppstart fekk 11 eittåringar på avdelinga, alle heilt ferske barnehagebarn.

1. Me gira ned. Alle dei vaksne sette seg ned på golvet, og laga plass til dei som trong det på fanget, det kunne til tider verte trongt. Me hadde overhovudet ingen fancy planar om ting me skulle gjennom. Me hadde eit mål og ein plan; å gjere ungane sitt møte med barnehagen så godt som mogeleg.

2. Song. Me song for ungane, heile dagen. Me skapte gode augneblikk. Er det eit oppstartstips eg vil trekke fram, så er det; SYNG!

3. Leikar med lyd. I starten så hadde me leikar med lyd i overflod. Funka fint som avleiing. Høyrest rart ut, men lydleikane var til god hjelp i oppstarten.

4. Tid og rom. Bruke barnehagen, uterom og innerom. Me skifta beite, var det mykje skrik inne, kledde me på oss og gjekk ut. Når ungane var leie og skreik ute, gjekk me inn. Eit sceneskifte hjelpte ofte på humøret.

5. Tilpassing. Med 11 ungar på mellom 11 og 16 månadar, hadde dei sjølvsagt ikkje like rutinar. Me hadde mat og soving heile dagen den første tida, slik at alle skulle få mat, og alle skulle få sove når dei trong det. Me prøvde ikkje å få ungane inn i same rutine, men let dei behalde si rutine, sjølv om me hadde matservering heile dagen.

6. Tilknyting. Så langt det let seg gjera, fekk ungane velje kven dei ville vere med. Så la me vaksne av oss alle våre såre kjensler, kontakten med alle kom etterkvart.

Lykke til med oppstarten alle søte små, alle foreldre og alle tilsette. Kjenner du nokon som kan ha nytte av tipsa? Del gjerne bloggen vidare! Og del i kommentarfeltet om du har gode tips andre treng.

Klem
-Gudrun-

Dumb ways to die

Ungane kjøpte seg iPad før ferien, og ein hit i sommarvarmen har vore eit spel som heiter Dumb ways to die. Eg kjenner spelet kun ved kjenningsmelodien, og kan ikkje uttale meg om kva det går ut på. Men det handlar iallefall om dumme måtar å dø på, reknar eg med.

Dumme måtar å leve på

Kjenningsmelodien på spelet, som eg har høyrt både frå baksetet og inne i campingvogna, får meg til å tenkje på dumme måtar å leve på. (Ja, det er ein svært irriterande song!! ;))

Eg og nokre venninner starta ein boksirkel tidlegare i år, der me les bøker me kan lære noko av. Den første me las, var var «Bli best med mental trening» av Erik Bertrand Larssen. Så du skjønnar sjangeren.

samlingsboksen_bok

No les me Dale Carnegie si bok «Lev livet uten bekymringer», ei bok han gav ut første gong i 1944. Den norske oversettinga er frå 2010, så det er ikkje berre me som les gamle bøker.

Dette er den dagen da jeg vil vere lett å ha med å gjøre. Jeg vil ta meg så godt ut som jeg kan, kle meg skikkelig, snakke lavt, handle høflig, gi rikelig med ros, ikke kritisere noen, ikke finne feil hos noen, ikke søke å rette eller dirigere noen. (s 145)

Boka handlar om å kvitte seg med unødvendige bekymringar, og leve livet på den beste måten uansett kva som hender. Det er aldri for seint å begynne på nytt. Og uansett, så er bekymringar berre eit energisluk som ikkje tjener deg i det heile teke.

Eg treng å lese slikt! Og er trur slett ikkje eg er åleine om å ha unødvendige bekymringar! Til dømes før kvar einaste legetime, trur eg at eg er kjempe sjuk. EG! Eg har knapt hatt feber i vaksen alder og veit ikkje kva influensa er. Og viss gubben er for sein heim frå jobb (noko han har vore kvar einaste dag i snart 20 år), trur eg at han har krasja bilen og er kjempe skada, eller død.

Krasja bilen trur forresten han at eg gjer kvar dag òg. Høyr no her, for 12 år sidan var eg høggravid (veke 36) og førstegongsfødande. Eg var ikkje heime då vatnet gjekk, eg ringer heim til gubben, og hue-gaular i telefonen, sjølvsagt. Og kva spør han meg om; «Har du krasja bilen?» Jepp, bil er det einaste mannfolk bekymrar seg for, heldige som dei er!

Her i vår fekk eg vont i ryggen. Eg gjekk som vanleg inn på Google og søkte «Vont i halebeinet». Og der  dukkar «og kreft» opp som alternativ før eg har tenkt tanken. Så det viser vel at det slett ikkje er berre meg som bekymrar meg i tide og utide? Sidan det er er eit so vanleg søkeord at Google føresler det, meiner eg.

Greit nok at fæle ting kan skje, eg seier ikkje at det er ingen som får kreft, eller at ingen krasjar i trafikken. Men det er mykje sant i uttrykket; «Livet mitt har vore fyllt av tragiske hendingar. Dei aller fleste av dei har ikkje skjedd!»

Og det hjelper meg ikkje å takle fæle ting bedre om eg har bekymra meg aldri så mykje på førehand. Ein er aldri førebudd uansett.

Førebur meg på det verste, då vert eg ikkje så skuffa

Det er dei som trur dei får det bedre med å førebu seg på det verste, for då vert ikkje fallhøgda så stor. Men eg trur ikkje det. Eg ville ikkje fått det bedre viss eg forventa det verste heile tida, då ville eg jo fått det fælt alltid.  Mottoet mitt er; «Eg har det mykje bedre mens eg ventar, viss eg håpar på det beste.»

Viss du førebur deg på at det skal gå bra, sparer du deg for bekymringane i ventetida, om det er ei ventetid du veit om, eller ei ventetid du ikkje er klar over. Då kan du heller ta slaget når det kjem, då har du iallefall ikkje kasta vekk verdifull tid i førekant. Og viss det går bra då, tenk så bortkasta bekymringane har vore!

Vær positivt innstilt og gjør det du skal med godt humør, og du vil føle deg glad.
Dale Carnegie

Dette flotte motivet fann eg i nærområdet mitt, det er enkelt å la seg bryte ned, men du er like vakker uansett.

ikkje la deg knekkeHa ein fortsatt fin sommar. Likar du bloggen, så del den med fleire <3

Klem,
-Gudrun-

 

Min guide til barnebursdag.

No vil eg dele litt av min opptjente erfaring i temaet barnebursdag. Som eg har sagt i eit tidlegare innlegg, er mai bursdagsmånaden med stor B her i familien. Og eg har no feira barnebursdag 12+9+4 gonger, og begynner å føle meg erfaren.

Oppdekking

Eg likar at det er enkelt og fort gjort. Nokre likar ikkje pappkoppar, men det gjer eg! Pappkoppar med lokk og sugerøyr. Det sparer deg for mykje potensiell oppvask når glass veltar. Glass veltar, eg lovar!

Eit anna tips som funkar på det å spare oppvask og rydding, er ute-barnebursdag. Genialt!

Elles brukar eg òg eingongs tallerkar og eingongs dukar. Ein gong var eg ute i god tid, og bestilte på nettet, så viss du er god på planlegging, finst det masse flott å velge mellom.

Denne gongen, til fire års feiringa til minstemann, var eg ikkje ute i god tid. Eg klarte ikkje å oppdrive godteposar ein gong. Men så kom eg på, at i den tidlegare nemde konteineren, har eg mange plastkoppar! Miljøpoeng til meg i dag, vart gjenbrukbare-godteposar.

Mat

Eg skreiv i oppskriftsboka mi etter 5 års dagen til jentungen; ungane et kvar si 1/2 pølse i barnebursdag. Eg har no moderert det til 1,5 til små, to til store, og viss det er foreldre med, så rekn 3 pr forelder. I allefall viss det er barnebursdag ein kvardagsettermiddag. Då er dei fleste foreldra svoltne.

Kaker;
Det går forsvinnande lite kaker. I klassen til eldste guten, er det ein som har gluten allergi. Ungane er så lite opptatt av fancy kaker, at eg meiner du kan ta hensyn til den eine ungen med allergi denne dagen. Eg bakar Toro si sjokoladekake til desse selskapa, slik at alle kan ete det samme. Du skal sikkert ha eit familieselskap, ta dei flotte cupcakesa og fantasifulle kakene då i staden for. Eg opplevde for første gong i løpet av 23 selskap at kaka vart oppeten når eg laga ei sjokoladekake som alle kunne ete (ja, Toro si) i barnebursdag. Det er uansett ikkje ungane du lagar fancy kaker til, det er show of til vaksne…

Men eg må skryte litt over kakene våre, her lagar me ofte ei kake med traktor- eller gravemaskin-tema til barnebursdag, i og med at me har to (+ ein pappa) gutar som er over middels interessert i gravemaskiner og maskiner generelt.

gravemaskin_samlingsboksen_no

Her er kaka eg laga til den nemde 4 års dagen. Eg reiste inn på leikebutikken, og kjøpte traktor (John Deer, ja, sjølv om det er JCB som er favoritten i heimen, med Deer’en på ein god andre plass) og gravemaskin. Ho som stod bak kassen spurte om det skulle vere bursdagspresang. «Nei», sa eg, «Det er kakepynt!» Den hadde ho ikkje høyrt før. Men dette var så absolutt kakepynting for alle. Eg fekk som kommentar på instagram, at det ikkje akkurat var ei finkake. NIKS, har du vore på ein byggjeplass nokon gong? Ser det fint ut der?

sjørøverkake_samlingsboksen (800x600)

Her er eit anna av mine kake-kunstverk. Sjørøver-barnebursdag til ein seks åring. Eg har aldri hatt Sabeltann-gutar, men greidde å lure inn eit sjørøvarselskap, slik at eg fekk kledd meg ut.

Invitasjonar

Føler vel egentleg eg har omtala invitering til barnebursdag grundig og vel tidlegare. Dette representerer mitt syn! Eg meiner at, iallefall frå 5 års dagen, bør du invitere alle i kullet, alle gutane/jentene i kullet, evt. alle på avdelinga, alle gutane/jentene. Sit med ein litt ekkel følelse i munnen no, fordi eg bad kun naboar i barnebursdag no på fire års dagen. Det er berre det at det er halvparten av barnehagen. Men eg argumenteret med at alle var i gåavstand. Neste år vert det alle gutane i kullet, pluss nabogutane i næraste alder. Mitt beste tips når det gjeld invitering til barnebursdag; spør personalet i barnehagen! Dei kan, veit og ser! Du vil ikkje vere den som har utestengt ein fordi du har gløymt han, eller ikkje tenkt på han.

Aktivitetar

Tja, med fare for å virke litt lat; la dei styre på! Me organiserer desse stakkars ungane våre omtrent heile døgnet. La dei bestemme litt sjølve. Viss du vil aktivisere, så er det forslag til songleikar her. Eg hugsar det alltid var moro når dei vaksne var med på dette!

Gåver

Til dine eigne ungar, vert det ikkje bra nok uansett kva du gir dei 😉

Lykke til med alle framtidige barnebursdag-selskap! You can do it!

Klem,

-Gudrun-

#barnebursdag #barneselskap #sjokoladekake

Gebursdag i barnehagen

Me er i mai månad, kva månad passar bedre for eit innlegg om gebursdagar? I vår familie på fem, er det tre som er fødd i mai, inkludert underteikna.

Kaffi og sjokolade

Etter nokre år i barnehagen, har eg vore med på ein del variasjonar av markeringar gebursdag.

I starten av karrieren min, vart kvar unge feira med krune og valg mellom gele, sjokoladekake, is eller vafler. Dagen vart markert, anten på rette dagen eller dagen før. Dette gjekk stortsett smertefritt, bortsett frå ein gong då me putta varm gele inn i kjøleskapet. Det var ikkje lurt! Eg hugsar ikkje om noko mat vart øydlagt, men geleen vart iallefall ikkje litt stiv. Me feira òg sjølvsagt med song og rakettar eller kasting opp i lufta.

Eg har vore innom ein variant med at gebursdagsbarnet har fått velgje varmmat og frukt til dessert. Dette var jo stas, men det var mykje arbeid. Sunt var det forresten, med frukt framfor usunne alternativ til dessert.

No har me månadsmarkering i vår barnehage. Alle dei ungane som er fødde i ein månad, får saman velgje varmmat og dessert, og dagen vert oftast markert når den første ungen fyller år. I tillegg markerer me, på småbarnsavdelinga, med song, krune og eit laminert bilde av gebursdagsbarnet. På storavdeling har dei positiv runde. Alle ungane og dei vaksne seier noko positivt om den som fyller år, dette vert notert ned og printa ut som gåve frå avdelinga.

Nokre tips til ekstra markering, som alltid slår godt an når det er snakk om gebursdag;

1. Rakettar; Me skyter opp rakettar ved  å klappe oss på låret og seie ååååå, fører hendene over hovudet og seier sjyyyyy. Me skyter opp så mange rakettar som ungen er år, ungane får velgje farge på kvar rakett. Hent fram skodespelaren i deg og slå deg laus.

2. Kaste ut av glaset; To vaksne tek tak i armar og bein på gebursdagsbarnet og kastar det «ut» glaset så mange gonger som barnet fyller år.

Korleis feirer de i din barnehage? Har de andre tips til aktivitetar?

Klem,

-Gudrun- som fyller år om 9 dagar <3

PS; Viser til innlegget om gebursdagsfeiring og mobbing som eg skreiv i vinter.

Ups….eg smiler ikkje til alle…

Eg har virkeleg prøvd å smile masse til alle eg møter no dei siste dagane, nesten. Men kom eg fram til at eg smiler ikkje til alle, eg smiler ikkje til pene, unge menn og pene, eldre menn. Og ikkje til kjendisar, lokale eller meir kjente. Og heller ikkje tilsynelatande vellukka, pene jenter eller damer.

Fekk meg ein i fleisen der, ja. Kvifor gjer eg ikkje det? Dei treng sikkert eit vennleg smil like mykje som alle andre.

Eg trur dette har med barne- og ungdomsskulen å gjere, igjen. Eg var ikkje blant dei kuule på skulen, som eg var innom i innlegget om mobbing. Men det er jo mine eigne fordommar mot kuule folk som gjer at eg ikkje smiler til dei som eg tykkjer ser vellukka ut.

Eg og jentungen møtte Kurt Nilsen utanfor apoteket på senteret (lokalkunnskap, men du skjønnar biletet uansett om du aldri har vore på Sogningen storsenter). Det er mange år sidan, 9-10 reknar eg med. Han hadde hatt konsert her i bygda og var innom senteret dagen etter. Og han snakka til jentungen, som var ca 2,5 år. Det normale hadde jo vore å smilt og snakka til han, men det gjorde ikkje Gudrun. Neidå, då slo Jante til for fullt inni meg. «Han trur nok han er noko svært!» Hallo!!?? Eg likar jo i utgangspunktet Kurt Nilsen! Både musikken og fyren. Godt mogeleg eg gav han eit avmålt smil, sikkert av dei sure, reserverte eg ikkje likar å få sjølv, dei som får meg til å tenkje «Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort mot deg?»

Låner denne teksten for å minne meg sjølv og dykk andre på dette viktige bodskapet.

Anti-janteloven
– Tekst og musikk av Peter Bjaastad og Grete Karin Hovde

1.
Du har noko ingen andre har
Ingen er som deg
Du kan mykje, har litt av kvart å lære meg
Glad for at eg møtte deg

2.
Eg er glad for at du lever.

No skal eg jobbe med å smile til alle, ikkje berre dei eg tykkjer fortjener det. For eg veit ikkje korleis den eg smiler, eller ikkje smiler, til har det inni seg den dagen.

Les det forrige smile-innlegget for å få med deg bakgrunnen for dagens innlegg.

Smil og ver glad for kvar dag som går,
så skal du sjå kor mange venner du får.
Sjølv om du gløymer at ei og ein er to,
så må du ikkje gløyme å vere snill og god.

Det skreiv me i minnebøkene til kvarandre før i gamle dagar. Minnebøker, det er forresten heilt vekke.

Nok ein gong;
light and love to the people! Og SMIL!

-Gudrun-

Gudrun elskar meg.

I dag fekk eg nok ei påminning om kor viktig det er å sjå andre i augo og smile til den du ser på. Ei mamma kom bort til meg og sa kva 4 åringen hennar sa;

Gudrun elskar meg, for ho smiler til meg kvar gong ho ser meg.

Tenk så godt for ein firåring, eller 38 åring, å kjenne seg elska i barnehagen. Og alt som trengst er augekontakt og eit hjarteleg smil. Anerkjennelse. Å verte sett i kvardagen.

Har du møtt folk på butikken, som ser på deg, og lyser opp i eit levande smil? Korleis kjenner du deg då? Eg vert glad, kjenner meg betydningsfull. Øyj, ho vart glad for å sjå meg.

Kva med folk som ser på deg, seier hei, med eit surt og reservert smil? Kva tenkjer du då? Eg tenkjer automatisk; Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort deg?

Merkeleg kor mykje eg kan legg i eit smil, ikkje sant? Eg reknar ikkje med at dette berre gjeld meg.

smil

Eit smil over midtgangen på bussen om morgonen, kan forhindre eit sjølvmord seinare på dagen, seier erkebiskop Fulton John Sheen. Hindre eit sjølvmord, det er kraftfulle saker. Men eg trur han kan ha rett. Viss alt kjennes håplaust, då er det godt å verte sett, og eit smil varmar mykje.

Blir du med på eit forsøk? Smil kvar gong du møter augo til nokon, så ser me kva som skjer. Min påstand er at du får eit smil tilbake, og gjer ein forskjell på dagen til den du smiler til. Kva trur du?

Og firåringen har forresten heilt rett <3

Light and love to the people! Og SMIL.
-Gudrun-

Er du flink i matte?

Eg vil dele eit tankekors med deg i dag! Det var vekkande for meg då eg høyrde det, og så sant så sant!

Eg var i London forrige helg, på Experts Academy med Brendon Burchard. Ein svært fornuftig mann. Ein av dei tinga han sa, var at me ikkje skulle vere redde for å ta kontakt med folk. Grunnen til at me var det, stamma ofte frå ein tosk som hadde såra eller avvist oss ein gong. Me sat 500 mennesker i salen, og han gjorde ein liten demonstrasjon med oss, på kor dårleg matte det var å late dette styre oss. Han byrja med å få dei som kunne navngi ein som hadde avvist, så det sette spor, om å reise seg. Noko sjølvsagt alle gjorde, så gjekk han oppover, han stoppa på 20. Då reiste tre i salen seg. Så tok han det omvendt. Alle som kunne navngi ein som hadde vore grei, skulle reise seg. Alle reiste seg på 500 og 1000… (Me var jo 500 greie folk i salen, og eg snakka med dei fleste av dei… på engelsk ja, og gav dei mine innerste tankar.) Viss du hadde 500-1000 til å cover your back, så kunne du ta dei med deg og storme dei 20 som hadde avvist deg.

Og det er jammen sant. Jadå, du kan treffe på ein tosk, viss du strekker ut handa og ber om noko, eller tilbyr noko, men sansynlegheita for at det er ein grei person er mykje større.

Tenk på det!

gylne regel

Eg hadde ei flott oppleving då eg kom att på jobb på måndag, kunne nok hende at det var søvnmangel som gjorde at eg vart litt rørt, men no skal du høyre. Me er jo ei gruppe med eit åringar, og i samlingane pleier me å spele marakass mens me syng «Hei på deg». Me sender instrumentet rundt, og syng eit vers for kvar unge (og av og til for kvar vaksen.) Dei største i barnegruppa, som vert to i løpet av våren, har vore litt meir deltakande med å sende vidare og å spele på marakassen, men på måndag, då spelte alle ungane og alle sende den vidare til neste mann. Det var stas å sjå! <3 Ta vare på dei små gledene i livet!

Klem,
-Gudrun-

Mobbing – kva kan me gjere?

Det har vore mykje i media siste tida, om mobbing og bursdagsfeiring.

DSC01238

Utestenging er noko som eg er oppteken av, det kjem nok av sterk rettferdigheitssans, og eigne opplevingar. Eg fekk ein behandling med kinesologi, eller eg betalte for den då altså. Behandlaren fjerna bl.a. eit skal rundt hjarta. Eg kan ikkje nok om kinesologi til å gå inn på dette, men vil fortelje deg om ein følelse ho fjerna. Eg skjønte med ein gong kva ho snakka om, det var ei rar oppleving.

Ho fjerna ei kjensle av avvising frå då eg var rundt fem år (+/- eit år) Og akkurat den episonden sit som spikra, det er beklagelegvis eit av mine første barndomsminner. Eg gjekk i førskule to ettermiddagar i veka. Veka før hadde eg hatt fri torsdagen fordi eg var på hesteutstilling. Eg kom på forsida av avisa, sittande oppå ein hest. Vår hest, Bauna. Det var halvsidefoto. Tysdagen etter skulle me besøke den eine assistenten i førskulen, istadenfor å vere der me pleidde. Ein av dei vaksne ringde for å seie dette til mamma. Me kom fram dit, og alle saman fekk vere med inn i dokkestova til jenta som budde der. Ei jente som var like gammal som meg, og gjekk saman med meg i førskulen. Alle saman leikte inni dokkestova, unnateke ein, MEG, eg fekk ikkje bli med inn. Eg vart klart avvist. Eg hugsar dei vaksne sat inne og drakk kaffi og pratte, mens eg svirra litt rundt dei, og lot som ingenting. Var mest mogeleg usynleg. Eg trur ei av dei vaksne spurde om eg ikkje skulle ut og leike med dei andre, men eg trur ikkje eg svara på det. Og grunnen til at eg vart avvist denne dagen, var eg heilt inneforstått med, det var fordi eg ikkje var der forrige gang, og fordi eg hadde vore på framsida av avisa. Men det er ein av dei klaraste minna eg har frå tidleg barndom, kor åleine og einsam eg var denne dagen. Og kor skamfull eg var, kor hardt eg kjempa for å halde maska framfor dei vaksne, slik at dei ikkje skulle oppdage det. Eg ville ikkje sladre. Og eg fekk ikkje inn i dokkestova den dagen, eg var åleine heile tida, dvs eit par timar.

Eit  liknade minne er frå 4. eller 5. klasse. Me skulle gå opp på eit friområde eit stykke frå skulen, og eg oppvaksen frammi Dalen, hadde jo ikkje peiling på byggjefelt. Men eg hadde ingen å gå saman med opp. Eg fulgte etter nokon av gutane, som det viste seg skulle gå fordi der dei budde for å hente seg is. Og det var jo sjølvsagt ein omveg. På veg ned att, hugsar eg dei relativt dårlege venninnene mine erta meg med at dei hadde lese Gudmundur H på ein postkasse. Jepp, det var kallenavnet eg fekk når me skifta frå fådelt grendaskule og ned på ein skule med tre parallellar. Eg HATA det kallenavnet, djupt og inderleg. Eg er sikker på at kinesologen kunne ha funne avtrykk frå skuleåra 4.-9. klasse, ganske mange dersom ho hadde leita.

Jepp, utestenging ligg mitt hjarta nærme, og er noko eg snakkar meg ungane mine om mykje; «Er det nokon som er åleine?» Og eg er veldig obs på om nokon av ungane mine i barnehagen går åleine. (Ikkje i år då, sidan alle ungane er berre eit år.) Eg håpar eg hadde plukka opp meg sjølv viss eg var vaksen i den episoden.

Og så over på gebursdagsfeiringar. Om det å invitere alle og det å gå i gebursdag til alle. Det er kanskje kvardagen som tel mest, men mobbing og utestenging vert meir synleg, og meir skammeleg for ungen, når det er snakk om selskapelegheiter.

Problem ein; Familien har ikkje så god økonomi, og gåve til gebursdagsbarn er ei stor utgift. Til det har eg tre forslag til løysing. 1. Set ein fast sum, her brukar me 50 kr, på første foreldremøtet på skulen. 2. Tenk alternativt; gi vekk ei oppleving. Ungane no til dags har nok ting, men manglar kanskje litt på opplevelsesida. Kva med ein skogstur? Overnatting? Ein filmkveld? 3. Snakk med den andre sine foreldre. Eg hadde gladeleg, og diskret, kjøpt gåve frå ein klassekompis til min gut. Det aller verste som kunne skjedd i dette tilfelle, er at ungen aldri fekk gå i burdag. Og alt bunnar i; Dei vaksne må snakke saman.

Problem to; Ungen min er redd for gebursdagsbarnet og tørr ikkje gå. Ungen din er kanskje ikkje den einaste som er redd bursdagsbarnet. Skal ungane få bestemme om dei skal gå eller ikkje? Eg diskuterte dette med ei anna mor. Her hjå oss er det ein regel på at alle skal inviterast i gebursdagen. Men ho meinte at det òg burde vere regel på at alle skal gå i selskapet òg. Ja, det var eg sanneleg enig i. Viss ungen din er redd snakk med foreldra til den andre. Dei kan vere litt obs? Det kan vere litt vanskeleg å seie dette til dei andre foreldra. Men prøv å set deg i den andre stolen; Nokon er redd for min gullunge. Ville du ikkje likt å få vite dette, heller enn å sitte åleine i selskapet? Då kan du vere litt i forkant for å hindre «bråk».

Problem tre; Ungane leverer ikkje invitasjonen heime for å sleppe selskap. Eller kastar invitasjonen til ein som dei ikkje vil invitere i sitt selskap. Dette er vanskeleg å plukke opp. Men løysinga er vel også her å snakke saman! Snakke med ungane sine, og snakke med andre foreldre. Det er kjempe sårt å oppdage at din unge er den einaste som ikkje er invitert, men det er like sårt å oppdage at din unge har vore med på å stenge ute ein annan.

Problem fire; Ungen min vil ikkje be den og den, og sidan det er min unge sin gebursdag, så let eg han/ho bestemme. Løysing; SKAM deg!! Du er den vaksne og bør ha så pass innsikt at du set deg inn i den utestengde sin situasjon. Ikkje rart det vert mobbing viss me som foreldre godtek slikt! Og det kan godt hende at de velger å utelate 3-4, desse inviterer sikkert kvarandre, tenkjer du kanskje. News to you; Det er alltid EIN som då ikkje vert invitert til nokon. Det vert som læraren min sa på teorikurset til billappen. Alle syklistar du køyrer forbi kjem til å velte! Det har pr dags dato ikkje skjedd (og tru meg, eg køyrer Dalavegen dagleg og køyrer ofte forbi syklistar), men det er greit å ha i bakhovudet. Sjansen for at ein ikkje vert invitert til nokon er ganske stor! Mykje større enn at ein syklist skal velte når du køyrer forbi (men eg tenkjer fortsatt på det kvar gong eg køyrer forbi ein syklist, og bereknar veltesone. Syklistar kan vere takknemlege for Edith sine læresetningar.)

Eg har (også) opplevd å vere den einaste utan invitasjon til eit selskap. Eg gjekk i første klasse saman med 5 andre jenter, gebursdagsbarnet gjekk i andre klasse og var den einaste jenta, og det var tre jenter i tredje klasse. Eg var den einaste jenta på skulen som ikkje var invitert, men berre ei lita stund. Eg fekk kjapt invitasjon, dei hadde berre gløymt meg. (åååå-kor trist er det å vere den einaste dei ikkje hugsa på???)

Svar på spørsmålet i overskrifta; Me snakkar saman!!

Godt nytt år alle saman! 2014 skal verte mitt super år, det beste året hittil. Dette innlegget er nok eit tankespinn-innlegg, som eg kvier meg for å publisere. Men viss eg kan få nokon til å bruke hovudet, så er det OK. Viss berre ein unge får det bedre, viss eg berre hjelper til litt mindre mobbing, så gjer det ingenting at du les nokre av mine mest skamfulle augneblikk. For skamfullt, det er det, veldig! Ikkje no lenger, ikkje so kjempemasse iallefall, men då det skjedde, då var det fælt!

Klem,
ta vare på dei rundt deg.

-Gudrun-