Kategoriarkiv: vår

Eg gjekk meg ut i skogen

ein vårdag i april. Og på ein liten stubbe tok eg meg ein liten kvil.

Strofa er henta frå min favoritt Thorbjørn Egner sang. Akkurat denne sangen gav meg ein vekkjar i dag.

Ungar elskar song!

Tenk at eg – som syng heile tida, også trengte ei påminning på akkurat dette.

Den nye kvardagen

Me starta jo på måndag med den nye kvardagen – tida der me skal ha minst mulig med kvar andre å gjere. Me har ute-barnehage, med tre åringane (og dei to eldre gruppene), dvs at me er ute heile tida. Me går òg tur! Uteområdet vårt er eit stort edderkoppnett av sperreband, og ikkje særleg spennande å tilbringe ein heil dag på.

Slik ser uteområdet ut i barnehagen for tida.

I dag gjekk me tur oppover byggjefeltet, forøvrig eit smart val, sidan det betydde nedoverbakke på heimvegen. På veg nedatt, sette me oss ned for å vente på bakre tropp, der me sette oss, var det nokre stubbar. Og eg vart inspirert til Vårvise av Thorbjørn Egner.

Jeg gikk meg ut i skogen en vår dag i april, og på en liten stubbe tok jeg meg en liten hvil.

Og ungane fekk stjerner i augene. Og neste gong me skulle kvile, sette me oss ved nokre steinar. Då sa dei; kan du synge om steinar no? Nett slik som dei gjorde i fjor, når dei var to år, og kom bort med gule bilar og ville at eg skulle «synge den», eller griser for at eg skulle «synge den». No har me vore frå kvarandre i mange veker, einaste samlinga eg har hatt på lenge, er dei digitale samlingsstundene eg la ut på bloggen, sjå her og her. Eg får liksom ikkje plass til ein samlingsboks oppi kohort-tursekken min. Men sang er viktig for ungane uansett! Dei elskar at me syng, dei tykte det var fint å høyre at eg sang ein song dei ikkje har høyrt før!

Fin turdag!
Me har mange fine områder like i nærleiken til barnehagen.

I morgo trur eg at me tek ei kohort-samlingsstund med min og samarbeidskohorten. Den vert utan så mange konkretar, men eg trur det går fint alikevell.

Du finn samlingsboksen på Facebook og instagram.

Klem,

Gudrun

Songleikar

Eit av mine første minner om songleikar, er frå Jonsok-feiringane heime. Me leikte slå på ringen, både ungar og vaksne. Det var moro! Alt vart meir moro når dei vaksne var med.

Slå på ringen

Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på ringen, slå på ringen,
slå på den du vil.
Slå på kjærasten din om du vil.

Me song aldri «Den du slår…» Me stod i ein ring, ein gjekk utanfor, og slo på «kjærasten din om du vil», og så sprang begge, i kvar sin retning, så fort som berre pokker. Det var grisespennande!

Det var fint med eit slikt fellesskap av vaksne og ungar.

rosehagetorn

Eg føler at songleikar er ein del av barnekulturen som har gått litt i gløymeboka, ungane no til dags leikar ikkje songleikar, ikkje hoppar dei strikk heller, når eg tenkjer meg om. Det var det me gjorde i friminutta, leikte songleikar og hoppa strikk.

Eg fortalte ganske tidleg om mine første skuleår, på ein fådelt grendaskule med til saman 27 elevar, viss det var gode år. Det var år med berre ein i kullet òg, altså, men det var veldig skjeldan, eg veit berre om ein gong.

Men me leikte altså songleikar i friminutta. Og i gymtimane på grendaskulen min. No offence, men det er kanskje like greit at skulen vart nedlagt for 26 år sidan.

DSC01292 (600x800)

Mitt kull bestod av seks jenter og ein, stakkars, gut, men med så få elevar, så leika me saman med alle. Dei to klaraste minna frå songleikar-friminutta, har eg fortalt om tidlegare ein gong, men eg gjentek dei her. Begge er frå eg gjekk i første klasse.

Me hadde ein stor, flat leikeplass, me held kvarandre i hendene og starta på den eine enden, med «Lang- lang- rekke». På hin enden av plassen, gjekk den høggravide læraren til 3. klasse. (Hugs eg var i første klasse, så ho kjente eg ikkje.) Eg var jo litt bekymra for korleis det skulle gå når me tok ho att, og, gode venner som eg alltid har hatt, enda det jo sjølvsagt med at eg vart most inn i rumpa til denne svære dama.

Lang lang rekke,
Gudrun ut av rekka gå.
Lang lang rekke,
Hilde ut av rekka gå.

Det andre minnet, handla om Berget det blå. Eg går framleis i første klasse, og det var gutar i 3. klasse. Desse kjenner eg sjølvsagt ikkje, er du gal! Eller eg kjenner sjølvsagt søskenbarnet mitt, som går i tredje. Men han er ikkje med i dette minnet. Berget det blå handlar om kjærestar og slikt, og det er ein som skal velge seg ein kjærest. Og ein av desse gutane i tredje, som er veldig skumle, velger vesle meg. Kjenner framleis kor pinleg det var.

Det kom to jenter frå Berget det blå,
og dei spurte jo som så,
er det kjærestar å få.
Og vil du vere kjæresten min,
så rekk meg handa di.

Eg skal skrive eit innlegg med fleire songleikar, både nye og gamle. Har du ein songleik du ikkje gløymer? Del han i kommentarfeltet, eller på Facebook, så kjem han med i neste songleik-innlegg.

Ønskjer deg ein flott forsommar. Me hadde sommarfest i barnehagen til guten min i dag, og der vart «Du skal ikkje tru det vert sommar» framført. Og eg må seie, med nattefrosta som var faretruande nær i natt, så var dette ein svært passande tittel.

-Gudrun-

Kyllingen – høner og haner

samlingsboksen_vår_collage

No er det skikkeleg påskestemning i barnehagen vår. Kyllingane våre har komme ut, me har starta med påskegrupper og i dag gav til og med sola oss den rette stemninga.

Me er fire avdelingar, og i to veker før påske, deler me ungegruppa og personalgruppa i fire grupper, på tvers av alder. Ei gruppe driv med forsking, ei gruppe har lesestund i lavvoen, ei gruppe bakar til påskefrukosten og ei gruppe lagar påskepynt. Forskargruppa forskar på egg som ikkje fekk levande kyllingar og korleis rense vatn, spennande saker.

Men attende til mine gamle påskesamlingnotatar, 20 år gamle. Som eg lova i forrige innlegg, skal eg gå vidare på mammaen og pappaen til kyllingen. Veit du kven det er? Mine to åringar har lært seg at det er hanen og høna. «Hanen stend på stabburshella» er ein song me har lært frå før, så den har fått vere med oss no i før-påsketida.

samlingsboksen_påske_høne

Skal eg fortelje dykk noko anna? Høner har ikkje tenner. Men korleis får dei då tygge maten sin? Dette kan me filosofere litt over. Ungane kjem sikkert med mange spennande forslag. Kva trur du?

Høner et masse grus og småstein som knuser maten nede i magen. Er ikkje det rart? Tenk om me hadde måtta ete småstein for å tygge maten! Jammen godt me har tenner til å tygge med!

Men du, veit du kvifor høner ikkje kan fly, sjølv om det er ein fugl?

samlingsboksen_påske_hane

Jau, no skal du høyre; Høna er for tung! Andre spennande fakta om høner; dei badar i sand og mold for å rense fjærene. Vert du rein av å rulle deg i sandkassen? Og når høna søv, likar ho å vagle, eller balansere, på ein pinne. Korleis klarar ho å sove mens ho sit slik?

Som du kanskje hugsar frå forrige innlegg, så teikna eg og medstudenten min desse illustrasjonane i første klasse praksisen i -95. Eg har teke vare på både teikningane og notatane mine, og her deler eg dei med deg. Det er visse fordelar med å vere samlar…

Likte du bloggen, så del han med andre, det er engasjement som gjer det moro å blogge. <3 Kan du andre spennande ting om høner, hanar, egg og kyllingar, så del gjerne i kommentarfeltet.

Klem,

-Gudrun-

Kyllingen, ei vårsamling.

Snøen minkar på Snøhaugen min, og det er vår i lufta. I barnehagen er rugemaskina i full gong med utruginga av vårens kyllingar, i år skal dei få halde fram med å bu i barnehagen i eit splitter nytt hønsehus. Det vert eit spennande prosjekt, å få følgje kyllingane framover. (Eg har gitt beskjed om at eg ikkje vil ha noko ansvar viss eg må ta i dei…. Er litt småredd slike små skapningar… Ikkje sei det til nokon!)

samlingsboksen_vår_collage

 

Teikningane over her laga eg og ein medstudent då me hadde praksis i ein barnehage før påske, i 1995, altså for 20 år sidan. Eg har vokta og pleia dei, og brukt dei kvart år i barnehagen.

Me hadde laga ei samlingsopplegg som gjekk noko slikt som dette.

samlingsboksen_vår_egg_kylling

 

Kven var først? Høna eller egget?

Etter å ha starta samlinga, viste me fram eit egg, og spurde om ungane visste kva dette var. Me sende det rundt så alle fekk ta på det. (Dagens aktivitet var å måle på egg, dette fortalte me òg.)

Så byrja me med flanellografane våre. Hjå oss kom egget først.

samlingsboksen_påske_6

 

Deretter gjekk me vidare på korleis det ser ut inni.

samlingsboksen_påske_egget

Moro å forske, men for ein kvar pris?

Her er det òg sjølvsagt spanande å sjå korleis eit ekte egg ser ut inni, både rått og kokt. Ein ørliten historie frå barnehagen vår i fjor; Me forska, på dei egga som ikkje hadde levande kylling inni seg…. Tips; MÅ gjerast utandørs og med veldig mange lag gummihanskar på. Og ver førebudd på brekningar. Det luktar heilt hinsides. SÅ til samlinga; bruk ferske egg!

Inni egget er det ei oransje plomme, rundt ligg det noko blankt. Når me koker egget, vert dette blanke heilt kvitt.

Etter å ha sett på korleis egget ser ut inni, måtte me jo snakke om kva som kunne vekse inni egget.

Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.
Her ser de den vesle kyllingen som prøver å komme seg ut av egget. Han bankar og bankar.

Kyllingen har ei spesiell tann som han brukar til å hakke hol i egget med, og han er ferdig og klar til å komme ut etter å ha vorte ruga, anten i rugemaskin (slik som me har i barnehagen) eller av ei høne, som ligg oppå egga og varmar dei, i tre veker. I vår barnehage, har me kylling kalendar.

Songar om kyllingen høyrer påska til.

Her passar det godt med ein song, sjølvsagt slageren;

Ein liten kylling i egget låg,
han banka og banka og banka på.
Her er so trangt,
eg vil ut og gå,
peip han og ynka seg der han låg.
Hakk, hakke, hakk,
egget det sprakk,
og eit lite hovud ut av det stakk.

samlingsboksen_påske_kylling

Eg kan forresten ein annan song om kyllingar òg, og den handlar om kyllingane i hønsegarden.

Hanekyllingane

Veit du, veit du kva eg såg,
såg eit tidle morgon?
Hanekyllingane små,
sloss der uti garden.
Tvi, tvi, tvi,
men eg var først!
Tvi, tvi, tvi,
men eg er størst!
Kry av hanekammen
var dei alle sammen.

Heilt til slutt.

Likte du bloggen? Lærte du noko nytt? Del gjerne posten vidare! Neste post skal handle om mammaen og pappaen.

klem,
Gudrun

Tips til påske

Eg jobbar med berre dyktige folk! Her i Indre Sogn driv me og spesialiserer oss på fagområder. Eg melde meg sjølvsagt kjapt til å bli ein del av Kunst, kultur og kreativitet-nettverket. Eg er ikkje super dyktig på formingsbiten, men eg tykkjer eg har andre kvalitetar som veg opp. Er RÅ på sang og samlingsstund.

Men dette var ikkje eit skryte innlegg om meg sjølv, men eit skryteinnlegg over dei flinke folka eg har med meg. Eg har ein ørliten produksjonsfeil, eg vert så glad i dei eg jobbar med, og samarbeidar godt med alle eg møter (tykkjer eg sjølv iallefall). Og no vil eg skryte litt av ein assistent på avdelinga mi.

påskeboks

Ho har fått Religion, etikk og filosofi som fagområde, og er superflink til å vidareformidle det ho lærer til oss andre i barnehagen. No har ho laga ein gul boks om påske. (Jepp, boksar er eit must her hjå oss!!) Inni boksen, som ho kallar ein undringsboks (Fantastisk ord, btw!), har ho samla påske dill-dall oppi der. Og boksen er under utvikling. Og skal vere med oss i markeringa av påske i åra framover.

påskeboks2

Den tredje me jobbar med, skal innom Europris og handle kylling i dag. Me jobbar fint saman på avdelinga vår 😉

Kos deg med påskeførebuingane.

Klem, Gudrun

Fleire blomar

Det har ikkje komme noko særleg blomar på Lauvhaug no heller, men snøen syng på siste verset. Takka vere alt regnet me har hatt siste veka 😉 Veldig sytete å snakke om regn, me som har hatt tidenes flottaste vinter, med klart og kaldt vær. Me trengde vel egentleg regn no.

Eg og 8 åringen min har øvd på Prøysen sin April-sang i kveld.

Den siste snøen som finst i skaret,
den tiner jeg, for jeg er april.
Jeg gir deg blåveis i bekkefaret,
og regn og solskinn og mere til.
Men som eg har avslørt tidlegare, er det ikkje dette som er min favoritt Prøysen-sang. Det er og blir Puslegrisen. Viss du ikkje kan den, lær den! <3
Birte og Jan Sivert kom med forslag om «Ein fin liten blome i skogen eg ser» på Facebooksida til bloggen. Det er ein så fin og god sang å synge, tykkjer eg. Sjølv om eg berre har sunge den i triste anledningar. Det er ein vanleg gravferdssang her, og den passar som oftast veldig bra til den som har gått bort.
Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom han vil sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogsblome, eg.
Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din?
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.
Ein annan av mine (mange) vårsangfavorittar, og som fleire av Facebook-likarane kom med forslag om, er Den første løvetann (Eg har starta lobby verksemd for å få Alf Prøysen inn som forfattar for neste barnehageår 😉 ) Men når eg tenkjer meg om, har eg vel vore lobbyist for lokale sangskattar òg…hmmm, kva skal «eg» velgje 😉

Eg fekk òg forslag om Bed of Roses. Den passa jo fint, sidan Bon Jovi er eit av mine favorittband 😀 For å nevne fleire av mine favorittar, så var Smokie mitt favorittband i oppveksten, eg kjøpte alle KASSETTANE!! 😉 Og Guns n’ Roses, sjølv om det helst var søstra mi sitt favorittband. Men eg har nemt det før, eg kan òg alle Sputnik-sangane, for der var broren min blodfan!

Her er min Smokie favoritt; My Woman (Og ja, eg VEIT at den er frå 1975, men alt som kom det året var bra, inkludert underteikna 😉 )

No syng me på siste strofane av Vårvisa, i morgo er siste dagen i april. (Men eg er ikkje framand for tanken om å syngje aprilsangen vår vidare heller, eg altså, det er jo Egner-favoritten min)

Eg elskar å få kommentarar og tilbakemeldingar, så ikkje nøl viss det er noko du vil seie til meg.

klem-
-Gudrun-

Blomar

Egentleg passar det framleis best med snø her hjå oss, blomane ligg gøymd under snøen. Men eg ser på kalendaren istaden for å sjå ut stoveglaset, og då passar det bra med blomar.

Ein vårsang, som ikkje handlar om blomster, men likevel er ein av mine vårsangar er denne;

Gauken
Gauken, gauken, klukkar og ler.
Høyr kor det ljomar,
snart er det somar.
Våren, våren, våren er her.
Men min absolutte favoritt vår/sommarsang sang, er «Hysj, kan du høyre» frå Portveien. Eg prøvde meg på google, men fann berre den bokmålske varianten. Sangen er omsett til nynorsk, og finst i den sangboka med spiralrygg. (Skal sjekke kva ho heiter) Eg dristar meg iallefall til å skrive nynorskvarianten her:

Hysj, kan du høyre
Hysj, kan du høyre, graset gro?
Hysj, kan du høyre ein meitemark som lo?
Hysj, kan du høyre ei bille sin song?
Då skal du seia kvar einaste gong;
Hei alle insekter, alle små dyr, 
alle som krabbar og kravlar og kryr,
eg er eit menneske og eg er snill,
ver i min hage so lenge du vil.

Eg spurde på Facebook-sida om forslag til blomstersangar, og eg fekk mange gode forslag!!
Cathrine foreslo Mai-vår, som er ein flott vårsang, som har drukna litt i Blomster små. Eg velger å gøyme denne til i mai, men har bestemt meg for å bruke denne i år. Den fortjener å komme framatt framom Blomster små!
Blomster små,
gule blå,
rundt omkring på marka står.
Vinkar til
Gudrun-lill,
for ho er så snill.
Det er ein søt navnesang, som små barn likar godt.
Else-Maria og Maria kom bl.a. med forslag om denne;

Bind deg ein blomekrans,

kom så til leik og dans,

fela ho læt no så vakkert i lund.

/: Sit ikkje stur og tung, syn at du og er ung,

veks fri som fagre lyng, dans no og syng. :/


Maria kom òg med forslag om Blåveispiken og den fekk meg til å tenkje denne. Eg og søstra mi sang denne for full hals på kvar einaste biltur i oppverksten. Eg fattar ikkje at foreldra våre holdt ut!
Mor, å mor
hvor skjønne små blåveis
vokser her,
og hvor de er vakre der de står,
midt i alt det grønne
den blåe fargen er,
mor, hun smiler,
for hun skjønner det er tegn på vår.
Ein annan «for full hals» sang som me pledde synge er denne;
En liten pike,
på en fem-seks år,
så jeg i parken, 
der jeg turer går.
Da hun fikk se en svale,
jublet hun så glad,
jeg ble så rørt da så den lille sa.
Fly lille fugl med små vinger som du har… osv

Det kom fleire forslag til blomstersangar, og ikkje ver redd, eg har ikkje gløymt dykk. Men fann ut at det var best med to blomsterpostar 😉
Eg trur eg har nemt det før, men me var iallefall tre søsken, søstra mi som er 2,5 år yngre enn meg og storebroren vår som var 6 år eldre enn meg, og så har me då sjølvsagt ei mamma og ein pappa. Broren min var veldig musikkavhengig, og det var nok han som innførde Frem fra glemselen for oss. (Der desse to siste sangane var henta frå). Elles gjekk det mykje i Sputnik og anna norsk musikk. Og alle som har snubla innom bloggen min, veit jo at eg er litt over middels sangglad. Søstra mi er òg veldig glad i musikk, om enn ein litt anna tilnærming enn meg, som druknar i barnesangar. Berre slik at du skal få litt innblikk; ho skaffa oss billettar til den første Guns n’ Roses konserten som var for nokre år sidan, og den vart veeeeldig raskt utseld. Men den SKULLE ho på! I allefall, me gaula og sang då me var ungar (og nokon av oss gjer det fortsatt), og du reknar sikkert med at mamma og pappa også sang masse med oss. Vel svaret er nei, slett ikkje, eg har aldri opplevd at dei har sunge til meg, dei er rett og slett ikkje sangfolk (men veldig gode foreldre altså, men sang- og musikkinteressen har me ikkje arva derfrå). Me lærte sangar frå kassettane (jadå, i gamle dagar) til broren vår, og det funka som fjell. Og moralen er; Du må ikkje synge for barna dine for at dei skal verte glade i sang og musikk, men gjer det gjerne, for det er veldig moro. Og ungane bryr seg ikkje om kor reint du syng! (Eg syng som ei kråke, men eg syng likevel, hender nokre vaksne klagar, men eg har aldri opplevd at ungane gjer det.)

Eg har plass til fleire blomstersangar, så ver ikkje redd for å komme med forslag <3 -Gudrun-

Beklagar…og tusen takk!

Beklagar så mykje at mine førehandslovte bloggpostar ikkje kom i mars! Planen for mars var påske og nytt liv/vårsangar.

Første veka i mars gjekk egentleg over av seg sjølv, utan tanke for blogging, eg hadde jo heile månaden føre meg. Og så kom andre veka i mars, la meg illustrere med ein sang;

Går du på glattis
 og faller min venn,
le med dei andre
og røys deg igjen.
Eg skulle på jobb, hadde tidleg-tidlegvakt, og skulle opne to avdelingar. Det hadde komme 5-10 cm med nysnø, sikkert pudder som skikøyrarane likar så godt, og under var det klink is, og umogeleg å sjå kvar det var trygt å gå. Ned til barnehagen er det ein bratt bakke, og det gjekk som det absolutt ikkje burde gå, og som eg absolutt ikkje hadde tid til; eg datt, og virkeleg klakka bakhovudet hardt ned i isen. Vel det var den veka, eg klarte ikkje å sjå på pc’en lenge nok til å få skrive eit blogginnlegg ein gong. Fekk prøve meg inni ein slik klaustrofobi-kasse som tok røntgen av hjernen min og alt. Aldri prøvd det før eg, spennande 😉 Vel det er iallefall unskyldningen for andre veka. Og dei to siste, vart tilbrakt på Gran Canaria. Så mars berre flaug vekk som ein vind.
Påsken er, utan tvil, over, så det vert ikkje påskesangar på bloggen dette året. Men det hadde nok vorte nokre kylling sangar og eit par påskesalmar. Eg er ikkje spesielt religiøs, men eg er glad i å synge påskesalmar, eller salmar generelt. Dei er så gode å synge, du kan trøkke i, og det høyres fint ut. Eg trakka mine første skuleår på ein grenda skule frammi Dalen, der me alltid sang salmar i starten og slutten av dagen. Og dei tre neste åra, 4.-6. klasse, fekk eg òg ein sangglad, for ikkje å seie salmeglad lærar. Salmar er ein del av oppveksten min, rett og slett. Eg gjekk jo i tillegg på søndagsskule frå eg var halvtanna år til eg var ca konfirmant eller nokon slikt, samt gjekk i det kristelege barnekoret me hadde frammi Dalen, Miniklang. 
Når det gjeld vårsangar då, så er det framleis tid. Me reiser ofte til sydlegar strok rundt påske, og kjem alltid heim til omtrent snøfri plen og vårstemning. Men i år då, så hadde dei fantastisk påskevær her heime òg, sol og skyfri himmel. Det einaste som skilte Gran Canaria og Indre Sogn var temperaturen, som låg 40-50 grader høgare på Gran Canaria. Med andre ord hadde dei ein flott og sol rik påske, men den låge temperaturen gjorde at det ikkje akkurat smelta noko særleg med snø. Tunet og plenen er snø og isdekt framleis. I går hadde eg på meg broddar (!!!! Har lært ja!!!) når eg henta posten.

Så vårsangar kjem nok godt med sjølv om me skriv april. Eg skriv opp første verset av månadssange vår for april. Ein sang som eg tvinga gjennom i august. Lat oss seie det slik, me har fire avdelingar i barnehagen vår, og assistentane og fagarbeidarane fekk i oppgåve frå styraren å velge månadssangar frå forfattaren «vår», Thorbjørn Egner. Berre at dei fekk to ark med forslag, eit frå styraren og eit frå underteikna… Jepp, det var iallefall ei enkel oppgåve for dei, dei måtte berre samanfatte dei to listene frå dei to ganske bestemte damene. Eg la iallefall ned veto; i april SKAL og MÅ månadssangen vere «Vårvise». Og ingen torde å motseie meg, så slik blei det.
Eg skriv den slik eg lærte den dei første åra eg jobba i barnehage, eg jobba med ein sangglad assistent, Evy Ann, som lærte meg mange flotte sangar.
Vårvise
Eg gjekk meg ut i skogen
ein vårdag i april.
Og på ein liten stubbe,
tok eg meg ein liten kvil.
Eg sat der musestille,
og høyrde våren spille.
Det klukka mellom stein og strå,
og tusen bekkar små,
og lerka sang så glad og fri,
høgt oppe i det blå.
Tilbake til den først sangen, den om glattisen. Det er ein oppvarmingssang som eg lærte på Kan-ikkje-syngje-koret. Det er lurt å varme opp stemma! Flott sang! Som alle ungar likar!
Og, dette vart jo berre beklaginga.
TAKK var fordi sjølv med få oppdateringar og lite spennande aktivitet på bloggen denne månaden, er den like mykje besøkt som vanleg! Tusen takk for at de leser om sangskattane mine sjølv om eg hadde ein dårleg månad! De er dei beste!!
Kom gjerne med forlag på dine vårsangar, og sangar om blomster og dyr, som egentleg står på planen for april.
<3 
-Gudrun-

Sol – sol

Om det ikkje passa så veldig med snøsangar i januar, så er iallefall SOL sangar på sin plass no <3 Bildet er frå i går, og viser korleis me har hatt det siste veka! Me kosar oss!! Januar var tung, mørk og kald, men no er sola tilbake og varmar oss på dagane sjølv om det er kaldt på natta. Eg veit mange solsangar, t.d den som Maria nemde for meg på Facebook-sida til bloggen; «Viss eg fekk verra sola di» og «Soltrall«, Alf Prøysen sin klassikar. Men desse er jo opphavsbeskytta, så eg vil ikkje skrive ned teksten før eg evt. får lov.

Ein sang eg skal lære meg, er Skin på meg sol. Ungane har hatt den som vekessong på skulen, men eg har aldri heilt lært meg korleis den er, men det er ein sang eg likar. (Jepp, det vart ein rar setning, og gav vel ikkje meining i det heile, men eg skal lære meg denne sangen når eg får sjansen…) Eg kan den nesten 😉

Skin på meg sol
Skin på meg sol,
skin på min arm,
skin på mi hand,
sol gjer meg varm.
Skin på meg sol,
skin i denne stund,
skin på mitt auge, mitt kinn og min munn.
Sola er god
Sola er god,
sola er toppen.
Sola er varm
og ho brunar på kroppen.
Sola som skin her,
kvar morgon for meg,
sola i Sogndal er best, tykkjer eg.
Sol, sol
Sol, sol, kom igjen.
Sola er min beste venn.
Vekk med sky og paraply,
hald no opp med regnet.
Sol, sol, kom igjen,
sola er min beste venn.
Varm meg her og varm meg der,
og varm meg alle stader.
Det finst mang sol sangar, lovsangar til sola. Og dette er berre eit lite knippe. Kva er din favoritt sol-sang? Er du glad i sola? Eller likar du best mørk vinter?
Eg må innrømme at eg er veldig glad i sol, men endå meir glad i månen! Eg er ikkje nattperson i det heile, men ingenting er så vakkert som månen på klar himmel. Eg vert heilt trollbunden!
Kos deg i sola, som eg håper varmar heile landet no i kalde vintermånadar. Kommenter gjerne i bloggen, kjekt å høyre kva du som er innom meiner. Og takk for at de jevnleg besøker bloggen min sjølv om eg no berre oppdaterer to gonger i månaden. Kjekt å sjå at bloggen vert besøkt <3
-Gudrun-