Kategoriarkiv: vinter

Min adventskalendar; 3. desember – juleverkstad

I dag trur eg rett og slett det vert julemusikk, julekaker og julegodis frå 1. og 2., gløgg og juleverkstad med mine tre små/store. Me har funne fram glanspapir og perlebrett og skal lage julepynt.

snø

Det er koseleg å ha både små og store ungar saman. Dei store kan lage litt meir utfordrande pynt, og dei kan hjelpe dei små.

Desse papirstjernene til BareBeppe har gått som ein farsott på instagram. Dei er kjempe enkle, og svært dekorative.

juleverkstad1

Slik ser det ut på bordet når me startar.

juleverkstad2

Men det eskalerer fort.

juleverkstad3

Her er litt av resultatet; ein boks, eit kort og tre deler til stjerna.

Det vart fem av BareBeppe sine stjerner, to boksar (kjem forklaring i ein seinare post), 4 julekort og sikkert noko meir som eg ikkje kjem på.

(Eg skal vere ærleg; me gjorde dette i går 😉 For å få med bilder ligg me ein dag føre. Tysdagar er ikkje dagar der me har tid til noko ekstra. Ungane kjem att med skulebussen kl 15, og me skal gjere lekser, levere veslebror til barnevakt og komme oss på trening til kl 17. Storesøster har tae kwondo-trening, mens eg og storebroren har, som eg muligens har sagt noko om før…, klatring. No er det øyeblikkeleg Bratt-kort på a’ mor!)

Kos dykk i førjulstida. Juleverkstad er kjempe moro, iallefall etter at me har lagt den yngste 😉 Kva lagar du til jul?

-Gudrun-

Karneval :D

Det er karnevalstid, og det betyr sambarytmar!

Min favoritt sambasang, som var gjengangar kvar einaste februar i mange år (dvs mens eg jobba 100 % som ped.leiar og bestemte alt sjølv 😉 ) er denne danske favoritten frå lærarskuletida.

Byen er måla

Byen er måla raud, gul og grøn og blå.
Alt det triste og grå,
har fått farge på.

Kvifor er byen raud,
gul og grøn og blå.
Kvifor har alt det grå,
no fått farge på?

Jo,
for det er karneval i gatene,
solskin på fasadene.
Heile byen vil danse,
all trafikken må stanse.

Dei dansar på fabrikkane
og inne i butikkane.
Heile byen vil danse,
er ikkje til å stanse.

Ba-barab-ab-bababa osv…
improvisasjon

Ein annan sang, som passar godt i desse karnevalstider, er Giraff-sangen. Denne sangen går ikkje an å synge utan at me dansar….
Giraffen Laffen
Giraffen Laffen, gir alltid blaffen,
i om det er fløyte nok i kaff’en.
Giraffen Laffen, sa sist eg traff’an
KARAFELL VAFF
Tjo og hei på deg gamle ven,
tiddeli tuddeli, smått om sen.
Rumba, samba og så ein vals,
sjå no eg syng her av full hals:
Improvisasjon
Kva er dine favoritt karneval- og samba-sangar? Kva forhald har du til karneval? Moro? Pes? Kler du deg ut? Korleis er det å levere barna denne dagen? Har barnehagen din/barna dine sin barnehage tradisjonelt karneval?
Tok verkeleg av med spørjinga i dag, men eg er veldig interessert i temaet. 😉
Kan fortelje korleis det er her hjå meg og sonen min. Sonen min sin barnehage hadde eit vanleg, tradisjonelt karneval i dag, der ungane fekk velgje sjølv kva dei ville vere. Eg spurde om gutungen ville vere prinsesse, men han svara resolutt at han skulle vere Tantein Ta-el-ann. Noko som gleda meg stort, sidan storebroren allerede hadde sjørøvar-kostyme. Eg gløymde å ta med i betraktningane at storebroren på snart 8 slett ikkje var interessert i å låne vekk kostymet sitt til veslebroren på 2,5… (Kostymet var litt for stort til to åringen og alt for lite for åtte åringen.) Etter visse overtalelsar fekk han låne kostymet og vart ein glad og fornøygd Kaptein Sabeltann.
I min eigen barnehage, jobbar me med Hakkebakkeskogen no. Me skal ikkje ha tradisjonelt karneval, men jobbar med å lage kostymer i barnehagen. Eg og gjengen min skal vere Mikkel Rev (for dei som ikkje veit det… 😉 Mulig eg har nemd det tidlegare…)
Håpar du hjelper meg å lage litt engasjement på temaet, anten i kommentarfeltet eller på Facebooksida mi. Eg har med vilje ikkje sagt noko om kva løysning eg tykkjer er best 😉
Ha ein flott dag, i dag er det Valentinsdagen, så eg burde jo teke med nokre kjærleikssangar, men… Det vart sambarytmar i standen for. Eg har plass til fleire samba- og karnevalssangar.
-Gudrun-
PS; bildet hadde ikkje noko med karneval å gjere egentleg, men er eit bilde av ein smilande bolle 😉 Have fun!

Snø

Eg veit ikkje korleis det er elles i landet, men her er det ikkje så voldsomt mykje snø akkurat. Det er så vidt kvitt, men heller ikkje meir. Til gjengjeld er det styggkaldt, vore rundt -10 lenge no.

Men min plan seier Snøsangar, så då vert det snøsangar uanlell 😉

Eg gjekk tur hin dagen, oppover ein times tid, der fann eg dette flotte motivet <3 Nedatt gjekk det eit kvarters tid, med livet som innsats, på rompeakebrett. Heilt åleine, vaksne dama. Moro var det, sjølv om det rista som berre pokker i "hestaspori" (les turvegen min er ein ynda turveg for hestar òg) Så dagens treningsanbefaling i sangbloggen min; ta med rompeakebrett eller anna akebrett, og ha det moro ned att ;)
Som eg har fortalt på Facebook-sida mi, er favoritt snø sangen min «Kom vesle kvite snøfnugg» Sangen er omsett til nynorsk tidlegar, men eg prøver meg med ei ny omsetting, som held seg litt nærmare bokmålsvarianten. Etter ei lita google-økt, fann eg ut at sangen var dansk (eg såg ikkje den komme!!) Men sjølv om eg no har uttrykt undring over at danskane har laga ein SNØ sang, så kjem mange av mine favorittar (som er langt over 100 sangar)frå Danmark.
Kom vesle kvite snøfnugg
(mi oversetting)
Kom vesle kvite snøfnugg
og set deg på mi panna.
Fortel om alle stjernene
og om dei fjerne landa.
Kom vesle kvite snøfnugg 
og hels på mine hender.
Fortel om kor du kjem i frå
og kor di reise ender.
Kom alle kvite snøfnugg
kom ned, kom ned på bakken,
så eg kan senda storebror
ein snøball midt i nakken.
Eg har åtte 2-3 åringar i barnegruppa mi, og alle åtte er småsøsken. Eg treng vel ikkje fortelje at alle sammen tykkjer det er stas med snøballen 😉 Versjonen vår er «Kom vesle kvite snøkorn» Men neste vinter vert det denne nylaga versjonen som skal innlærast 😉
Ein annan snøsang, takk til Vibeke på facebooksida mi for forslag, er Snøgubber, snøgubber. Det er ein artig bevegelsessang, og eg treng vel ikkje seie at eg likar bevegelsessangar 😉
Snøgubbar, snøgubbar
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar, snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss best når me fryser og fryser,
rett som det er kan det hende me nyser
-aaaaatsjo
Me er små snøgubbar, bom fallera,
snøgubbar,snøgubbar, bom fallera.
Me likar oss minst når me smeltar og smeltar,
rett som det er kan det hende me veltar.

Eg er veldig glad i Alf Prøysen, han har òg ein snøsang, eller ein snømannsang, Bustebartepinn Eg har aldri brukt den sjølv i barnehagen, så vidt eg kan hugse, men vil likevel nevne den 😉

Har du fleire snøsangar? Del dei gjerne med meg og lesarane! I barnehagen syng me i tillegg til snøkorn-sangen «Det snør, det snør» og «Huttetu so kaldt det er». (Og ein til, men den klarer eg berre rett og slett ikkje å komme på…)
Kos deg resten av vinteren <3
-Gudrun-

Ein julesang alle ungar er glad i :)

Eg har sagt det før, og seier det igjen; Bevegelsessangar er moro!! I rekkja med «Gudrun grev fram nynorske julesangar» er me komne til ein undervurdert julesalme. Dette er ein julesalme som må syngast ståande, det er forresten alltid bedre å stå når ein syng, men det er jo sangar som ikkje kan syngjast sittande. Dette er ein av dei!

Å jul med di glede
Å jul med di glede og barnlege lyst
me ønskjer deg alle velkommen!
Me helsar deg alle med jublande røyst:
Ti tusende gonger velkommen!
Me klappar i hendene,
me synger og me ler,
så glad’ er me, så glad’ er me,
me svingar oss i kretsen og neiar,
og bukkar.

Dei austerlands vise som stjerna fekk sjå,
me veit kvar dei lengtar å fara.
For me ville også til Betlehem gå,
må de ferdafygjet vårt vara!

Me klappar…

Så rekkjer eg deg no med glede mi hand,
kom skund deg og gjev meg den andre.
Så knytter me kjærleikens heilage bånd,
og lovar å elska kvarandre.

Me klappar…

Gustava Kielland, omsett av Bernt Anker

Eg har no teke juleferie no, avslutta med barnehagegudsteneste, der tre barnehagar samlast og blant anna syng til kvarandre. Og denne sangen vart sungen av to av tre! Alle ungar sin favoritt, ja, bortsett frå Nissen då 😉 Nok ein bevegelses sang…. Eg seier det ein gong til; legg ved litt bevegelsar, og du har ein favoritt blandt ungane!
På loven sitter nissen
På loven sitter nissen med sin julegrøt,
så god og søt, så god og søt.
Han nikker og han smiler og han er så glad,
for julegrøten vil han gjene ha.
Men rundt omkring står alle de små rotter,
og de skotter, og de skotter.
De vil så gjerne ha litt julegodter,
og de danser, danser rundt i ring – ring – ring.
Men nisser se han truer med sin store skje,
nei bare se, og kom avsted,
for julegrøten min den vil jeg ha i fred,
og ingen, ingen vil jeg dele med.
Men rottene de hopper og de danser,
og de svinser, og de svanser,
de klorer etter grøten og de stanser,
og de står om nissen tett i ring – ring -ring.
Me-hen nissefar han er ein liten hissig propp,
og med sin kropp, han gjør eit hopp,
jeg henter katta viss de ikke holder opp,
når katta kommer skal det nok bli stopp.
Da løper alle rottene så bange, ja, så bange,
ja så bange,
de svinser og de svanser noen ganger,
og på en to tre så er de vekk – vekk – vekk.
Denne må ha bevegelsar, S-T-O-R-E bevegelsar. Det er egentleg det det handlar om, ver engasjert og overdriv, med veldig store og energiske bevegelsar, og syng høgt og «klårt» (som i tydeleg, eg kan ikkje be folk om å synge klårt, som i fin sangstemme, for eg syng som ei kråke sjølv 😉 )
Ein liten, litt artig historie om På loven frå mine tidlege dagar i barnehagen. Me hadde alltid grautfest før jul (noko me framleis har, både i min noverande barnehage, og i min gamle barnehage), og der sang me alltid På loven sitter nissen, og kvart år, kvart einaste år, blanda me 2. og 3. verset, endå me kunde sangen so godt! Kun nerver! (Og eg gjorde det samme i kyrkja i dag, men heldigvis under allsangen 😉 Men i dag var det berre slurv frå mi side, viss eg ikkje er «inni» songen når eg syng, men berre syng ukonsentrert med, då stokkar det seg alltid… Så til mine kollegaer; når eg rotar med sangar, er eg ukonsentrert og tenkjer på noko anna… 😉 ) Men i morgo då, så skal eg igjen på grautfest i min gamle barnehage, der me alltid rota med versa. For no er det barnehagen til 2 åringen min. Eg er veldig spent på om dei framleis rotar 😉
Muleg dette vert siste post før jul, i tilfelle; God jul!! No må eg nemleg avslutte kjapt, for Jarle Bernhoft er på tv2 😉 Snakkast <3
-Gudrun-

Juleførebuing

I morgo (eller i dag då, for dei andre, men eg hadde fri i dag ;)) startar me med juleførebuingar i barnehagen (MERK dette gjeld kun i barnehagen, her heime er det leeeenge til jul 😛 )

I min barnehage deler me alle barnegruppene (4 avdelingar) i 4 nye, blanda grupper. Og 4 dagar i veka er me anten på baking, utegruppe, lesing/synging og forming. I morgo har eg ansvaret for lese/synge-gruppa (eg skal, hinsides all fornuft, òg ha ansvar for eit par formingsgrupper og ei utegruppe, men den tid, den sorg…) Synge- og lesegruppa eg skal ha i morgo, har eg planlagt i dag 😉

Tenkte å lese/dramatisere Alf Prøysen si historie om «Bygda som gløymde det var jul«, det er ei koseleg og morosam historie. Og så skal eg lære dei ein julesang som eg lærte for mange, mange år sidan. Eg googla den, og fann ein variant på bokmål, eg har skrive den på nynorsk, slik eg hugsar den frå då eg lærte den. Men dette er nok litt min versjon dette her. Men den er inspirert av Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig sin sang.

Ein juletrall

Tekst; Ingeborg Björk/Carl-Bertil Agnestig


Me skal pynta huset med sprake og med blad.
Me skal laga stakar og sette dei på rad.
Me skal baka bollar, store og små.
Me skal laga snippar med melis på.


For her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann.
Ja, her er nok å gjera for
Tommeltott og Sleikepott
og Langemann og Gullebrand
og Petter Spelemann


Me skal felle grantre når me i skogen går.
Pynte det med lenkjer når det i stova står.
Me skal sette lys på, raude og blå.
Me skal møta nissen som bankar på.


For her er nok å gjera…


Me skal danse ringdans, syng hopp tra-la-la-la
Putte i oss godteri, so mykje me vil ha.
Me skal feira jula, skjønar du no.
Me kan ikkje unna oss rast eller ro.


For her er nok å gjera…


Ein morosam og fengjande sang! Kjekt med litt andre sangar no til jul, eg har alltid tenkt at denne skal eg bruke, og i år dukkar den opp 😀 

Håpar alle får ei kjekk juleførebuing, ikkje stess for mykje! Likar du bloggen min, så del den gjerne på Facebook, Twitter eller andre stader 😉 Kjekt å få fleire lesarar! Og kom gjerne med idear til postar.

-Gudrun-


Det snør det snør…

Vinteren har sett sitt grep, marka er kvit vorten. (Bilder er rettnok frå i vinter, då heimplassen skifta navn frå Lauvhaug til Snøhaug) Og då passar det jo bra å begynne å tenkje på snøsangar.

Nokon som har ein fin snøsang å komme med? Kva syng de om vinteren?

Det snør
Det snør, det snør,
tiddelibom.
Det er det det gjør,
tiddelibom.
No snør det mykje meir enn før.
Tiddelibom og hutte-meg-tu
Så kaldt det er,
tiddelibom.
Eg kjenner det her,
tiddelibom.
Eg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og hutte meg tu.
Sjå opp
Sjå opp snør det?
Ja, det gjer det.
Tett-i-tett-i-tett.
Snø i nakke, nese,
snø i heile fjeset.
Sjå opp, snør det?
Ja, det gjer det,
tett-i-tett-i-tett.
Har mange fleire vintersangar, som eg skal komme tilbake til. Kom gjerne med dine vintersangar! Viss me deler, får me meir <3
Klem frå meg, som er glad for at vinterdekka er påkomne 😉