Dag, månad, årstid, vær

Hausten er i gang, iallefall i jobbsamanheng, og «Kva dag er det i dag» er ein viktig del av samlingsstunda i dei fleste barnehagar. Sjarmtrollparty har ein flott kalendar, som viser dag, dato, månad, årstid, vær og har opne felt som kan brukast til å skrive kven som er ordensvakt denne dagen. Kjempe flott, brikkane som følger med er magnetiske og kan derfor flyttast rundt.

Eg var på eit kurs ein gong, der «Hvilken dag er det i dag?» fekk ein ny tittel, nemleg «Senile dement-sangen», føredragshaldaren var ikkje spesielt begeistra for denne sangen 😉 Men eg høyrer den framleis i bruk i barnehagar rundt om, på nynorsk går han slik:

Kva for dag er det i dag? 
Kva for dag er det i dag?
Er det måndag, er det måndag.
Sidan det er måndag i dag, så vert jo svaret ja, og sangen veldig kort. 😉
Det finst mange fine songar om dagen, datoen og månaden. Eg likar veldig godt månadssangane til Alf Prøysen, dei pleier eg ofte bruke i barnehagen.
Me har ofte ein ordensvakt som skal ta seg av kalendartrekk i barnehagen, og her er eit par Kalendartrekksangar.
Kalendartrekk-sang
Eg river av ein lapp,
med eit friskt og lite napp.
Ein dag det mindre blir,
til hausten/vinteren/våren/sommaren snart det lir.
(Melodien er «Se Norges blomsterdal»)
Denne går på samme melodi som Bustebartepinn.
I dag er det måndag,
kom skal me sjå,
falleralleri, fallerallera,
kven som skal trekke søndagen vekk,
fallerallerallera.
Gudrun skal trekka søndagen vekk,
skund deg kom og trekk,
skund deg kom og trekk.
Sjå no er heile søndagen vekk,
fallerallerallera.
Elles har me ofte sangar som passar til årstida, men det får verte i ein annan post. Og forresten, eg har ikkje gløymt at eg skal skrive ein post om «Mine oppstartssangar», eg vart berre så inspirert på jobb i dag at eg måtte skrive ein kalendarpost 🙂

Har du forslag til andre kalendar- eller årstidssangar, så gi meg eit lite vink, anten i kommentarfeltet eller på facebook.

Kos deg med siste rest av sommaren!!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.