Ein og to og tre indianarar….

På torsdag hadde eg siste dag før ferien, og den vart feira med Indianarfest. Ein av våre super-flinke barne- og ungdomsarbeidarar, Tonje, stod for regien, og før i veka laga 1-3 åringane indianar-«kostyme» (Hugs; det enkle er ofte det beste) som bestod av eit brunt «band» i papp som ungane fargela på sjølve, og nokre fjører. For små barn er det spesielt viktig at kostymet ikkje er for avansert, då tek dei det nemleg ikkje på 😉 På Indianarfesten fekk dei som ville òg to striper på kvart kinn.

Cowboyane (3-6) lagde seg sherif-stjerne og «økser». Det MÅ jo ikkje vere heilt autentisk, ungane «kjøpte» den og møtte stolte i cowboy-skjorter og hattar.

Eg hadde samling att med dei 13 1-3 åringane, og oppi boksen min hadde det gøymt seg ei fjør. Eg har ein liten raud boks oppi boksen, ein slik boks som eg har fått ei julekule i. Julekula overlevde ikkje dei mange velta juletreet hadde (Note to self; glas kuler skal ikkje på juletreet), men boksen, som er kjempe fin, passa perfekt som «Den spennande raude boksen» oppi samlingsboksen min. Oppi boksen låg det altså då ei fjør, og me sang;

Ein og to og tre indianarar,
fira, fem og seks indianarar,
sju og åtte og ni indianarar,
ti indianarar små.
Alle so hadde dei fjør på «håve»,
alle så hadde dei pil og båge,
alle so var dei so stolte og krye,
for bamsen skulle dei ta.
osv. 
Gjekk heilt bra å synge den på nynorsk/sogning.
I barnehagen vår har me ein fantastisk flott skog, der utspant dramaet mellom cowboyane og indianarane. Det var kjempe moro, og vart avslutta med grønsaksblanding og pølsebitar steikt på bålpanne over «grillen». Og heile barnehagen (4 avdelingar) åt saman ute i skogen vår. Maten smakte fortreffeleg!

No nyter eg ferien, og tok med meg boksen min heim att, slik at ungane heime får nyte godt av den i ferien. Veldig rart kor forskjellege sangar eg brukar heime og på jobb. I dag har eg lært treåringen «Gå ein tur i jungelen», ein sang som me har sunge omtrent dagleg i barnehagen, men som eg då aldri hadde sunge til han. Må seie at den fall veldig i smak hjå han òg, så eg må hugse på at eg kan bruke barnehagesangar heime òg, sjølv om eg tenkjer at det er sangar som passar for grupper og ikkje ein til ein. (Det fekk eg bevist i dag at den iallefall passar supert ein til ein)
Håpar du òg har ein strålande sommar, og kanskje du har fått ferie du òg? Satsar på mange varme gode dagar over heile landet!
Klem,
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.