Gått i gløymeboka?

Eg kjøpte meg ei (haha, kven trur på at det berre var ei?? Prøv heller tre) ny sangbok att i ferien. Ei bok om ting som ikkje måtte gå i gløymeboka. Eg bladde litt i den, og begynte å tenkje på kva sangar eg «hadde» som er gått litt i gløymeboka. Eg kom på to som var skikkeleg in då eg var nyutdanna førskulelærar, men som eg ikkje har høyrt att no i den seinare tid.

Ingen av desse er det eg vil kalle favorittar for meg, men det er enkle sangar som passar godt for små barn.

Den første kan nok sikkert mange allerede, men ikkje mange som brukar den no, kanskje?

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
Med krøllet hale
Med krøllet hale og nese vis,
i bingen springer ein gris.
I søla den rullar seg rundt,
og trampar med alle dei fire små beina
i maten sin,
du store min.
Å fysj, fysja meg for ein gris du er.
(NB: denne har bevegelsar som eg kan skrive opp viss nokon ønskjer det, berre skriv ein kommentar)Denne trollsangen har eg berre høyrt i ein barnehage, den første eg jobba i og den ungane mine har gått i.


Det var ein gang eit troll

(melodi; Napolion med sin hær)
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskin.
Det var ein gong eit troll som gjekk ut i måneskinn.
Men så kom morgensola,
og skinte ned på jorda.
Og trollet sprakk og alle dyrene dei ropte TAKK!!
Eg vert veldig glad viss du kommenterer i bloggen. Kom gjerne med forslag til gløymde sangar, og forslag til ting/sangar eg kan skrive om. Eller berre sei hei, slik at eg veit du har vore innom 😉
-Gudrun-

Én kommentar til “Gått i gløymeboka?

  1. Takk, Veronika <3 Napolion på kjøkkenbenken har me her i Sogn òg, ein av favoritt-navnesangane mine, passar "alltid" på at eg sjølv sit på loftet og spelar rock n' roll... Ungane gir meg alltid eit mot-vers der eg dett i do 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.