God morgon

Det vert mykje «barnehagesangar» i bloggen no, men eg har ofte møtt foreldre som er frustrerte over å ikkje skjønne kva sang «skatten» syng på, og då med ein endå meir frustrert «skatt» sidan mamma og pappa ikkje skjønnar nokon ting.

(Bildet er frå virrevapp sin haustkolleksjon; flotte klær i god kvalitet = dagens reklame 😉 )

Samlingsstunda er nok ikkje lik overalt, (Hey, mine eigne samlingsstunder er ikkje like frå dag til dag ein gong 😉 ) men dei fleste samlingsstunder startar med ein God morgon sang.

God morgon alle sammen.
God morgon alle sammen, 
god morgon far og mor.
God morgon vesle syster,
god morgon store bror.
God morgon trær og blomster,
god morgon fuglar små.
God morgon kjære, lyse sol på himmelen klar og blå,
HEI HÅ!
God morgon alle sammen er med bevegelsar. Eg kan skrive dei opp dersom nokon vil det, berre skriv i kommentarfeltet så fiksar eg det 🙂 Dette er den mest brukte sangen til opningssang, svært uoffisiell undersøking av meg. Men det finst mange andre fine også.
Kom no her
Kom no her, set deg der,
kva skal me no gjere?
Synge litt og lese litt og eventyr få høyre.
God morgon, god morgon
God morgon, god morgon, 
her er me igjen.
Me kjemme so glade til barnehagen hen.
Me syng og me leikar, me har det so godt.
Me vil ikkje byta med kongens eige slott.
God morgon.
Og ein av mine all time favorittar, fordi den er så morsom å syngje:
Her i barnehagen
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy
Mykje rart å gjere – Mykje rart å gjere
Og så mykje skøy – Og så mykje skøy
Skvi skva skvadulia – Skvi skva skvadulia
Skvadulia åh- Skvadulia åh
Ari ari ari – Ari ari ari
Ari ari åh – Ari ari åh
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det kjedeleg – Her har me det kjedeleg
Mykje seigt å gjere – Mykje seigt å gjere
Å so mykje dumt – Å so mykje dumt
Skvi ska…..
Og første verset ein gong til
Her i barnehagen – Her i barnehagen
Her har me det gøy – Her har me det gøy..
Det kan virke kjedeleg, men det er ganske OK å ha samme opningssangen kvar dag (evt. ein heilt anna til fellessamling, t.d. eller andre temasamlingar) Men å høyre den samme opningssangen kvar gong, gjer at ungane skjønnar kva som skjer, dei forbinder sangen med samlinga og veit kva som vert forventa. For meg, og sikkert andre, er det kjekt å synge forskjellige sangar, men eg vil halde meg til den samme, verfall ei stund framover. Så kan me skifte til ein ny etterkvart. Omtrent slik det pleier vere på treningar; når du først har lært programmet, så skifter leiaren til eit nytt program 😉
Eg er jo ein ivrig sangsamlar, så dersom de har andre opningssangforslag så ikkje nøl med å dele dei med meg 🙂 Eg elskar å lære nye sangar!
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.