Sangleikar

Då eg var liten og gjekk på grendaskulen vår her frammi Dalen, hadde me ofte sangleikar både som gymnastikk (Juhuu!! 😉 ) og i friminutta.

Ein eg hugsar me sang masse, var «Berget det blå»

Det kom to piker frå berget det blå,
og dei spurte jo som så, 
Er det kjærester å få?
Og vil du vere kjæresten min,
så rekk meg handa di.
Og så dansa «kjæresteparet» då, til eit refreng eg ikkje klarar å komme på. Eg hugsar spesielt EIN gong. Eg gjekk i første klasse, og ein av gutane (som eg var redd, eg var egentleg redd alle gutane eg ikkje kjende so godt, men med 27 elevar tilsaman på skulen, kjende jo alle kvarandre) i TREDJE valde ut meg som «kjærest». Ååååå, det var relativt pinleg 😉
Ein annan song som eg faktisk hugsar frå førskulen, er Gubben og Gamla.
Gubben og gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota,
hadde me hatt han Einball (eller navn på ungen) her,
så hadde me fått opp rota.
Og einball kom,
og Einball drog,
og Einball, og Gubben, og Gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota.
Andre songleikar me brukte var Bro, bro, brille, Ein elefant kom masjerande og Ta den ring og la den vandre.
Og Lang, lang rekke
Lang, lang rekke,
Gudrun ut av rekka gå.
Lang, lang rekke,
Solveig ut av rekka gå.
Dei fleste kan nok denne, og veit at me går i ei lang rekke og skifter plass etter tur. Og denne sang me òg i friminuttet i 1. klassen, på grendaskulen vår, frammi Dalen. Me hadde (og har fortsatt) ein stor, vid, flat skuleplass, som bl.a. fungerer som fotballbane, og har fungert som festplass, parkeringsplass osv. Sjå det for dykk, me er ei lang, lang rekke, og springer over skuleplassen, og langt der framme er den veldig gravide læraren, Siri, som eg ikkje har noko forhald til, for ho er læraren til 3. klasse. Den lange rekka nærmar seg, du begynner å grue deg, tenk om det er du som går på ho… Og gjett kva som skjer? Plutseleg står du der, stoppa av den breie gravid-rumpa til Siri… Atter eit pinleg barndomsminne! Eg hadde ein time hjå ei dame som driv med kinesologi i forrige veke, ho kunne sikkert funne att desse to hendelsane i kroppen min, som skaper ubalanse og problemer. Trur eg skal spørje ho om det neste gong 😉
Men eg har lært songleikar etter småskulen òg, altså. Eg gjekk, som kjent, tre år på Lærarhøgskulen, på det som heitte Førskulelærarlinja, men no har fått nytt navn som barnehagelærar-linja. Der lærde eg mange flotte songar, eg har snakka om den fantastiske musikklæraren min tidlegare, og her kjem nokre av hennar songleikar.

Riste-Hans
Kom og dans slik som Riste-Hans, Riste-Hans, ja, Riste-Hans.
Kom og dans slik som Riste-Hans, Riste-Hans, ja, Riste-Hans.
Kven kan vel danse slik,
tisj-tisj-tisj-tisj-tisj
Kven kan vel danse slik,
tisj-tisj-tisj-tisj-tisj.
Joy
Hei, eg heiter Joy.
Eg har kone, fire barn, 
og eg jobbar heile da’n
på ein knotte-fabrikk.
Ein dag kom sjefen inn 
og spurte;
Joy, har du det travelt?
Eg sa, Nei.
Så skru på ein knott med høgre foten din.
Kadunka-kadunka-kadunk.
osv
Tøyse sang
Ja, no skal me laga ein tøysesang, ein tøysesang, ein tøysesang.
Ja, no skal me laga ein tøysesang,
og alle skal vere med.
Ja, no skal me laga ein tøysesang, ein tøysesang, ein tøysesang.
Ja, no skal me laga ein tøysesang,
og alle skal vere med.
Har me halde kvarandre i hendene?
JAAAAA!
Har me halde kvarandre på hovudet?
Nei!
Dersom du vil vite rørslene til nokon av desse sangleikane, så berre skriv det i ein kommentar, så fører eg dei til 🙂
Del gjerne bloggen min med andre du trur vil like den, og lik gjerne bloggen på Facebook. Eg har òg ein profil på Instagram (Gudrun_sang), men den er òg eindel private bilder 😉
Ha ein fin kveld, 
klem,
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.