Ta på deg den grøne arbeidsbuksa.

Eg og min andre (vil slett ikkje kalle han bedre) halvdel var i by’n (Bergen, ja) og henta ei gravemaskin i helga. Der var me òg på shopping (jaaa, særleg!!) og min mann kjøpte seg ei ny arbeidsbukse. Ei grøn arbeidsbukse. Han er 37 år, har drive eige firma i 15 år og jobbar no saman med to gutungar på nokon-og-20, begge har teke fagbrev hjå han. Det seier litt om maktfordelinga, ikkje sant, kven er sjefen, trur du? Men allikevel var han litt bekymra i dag, for å reise på jobb med den nye, grøne arbeidsbuksa. Han kom til å verte mobba, meinte han.

Dette fekk meg til å tenkje på «å tore å skille seg ut». Kvifor må alle vere like? Kvifor må me passe inn i ein boks? Eg skal ikkje påstå at eg skiller meg ut heile tida, men eg er ikkje så redd for kva folk meiner. Eg likar å skille meg litt ut, av og til, iallefall.

Men korleis skal me få ungane til å tore å skille seg ut, tore å vere seg sjølv? Tore å ta på seg den grøne arbeidsbuksa? Korleis skal me utfordre oss sjølv til å vere litt annleis? Er det ikkje der kreativiteten startar? På utsida av komfortsona?

Skal verte eit av mine forskingsprosjekt i sommar. Vert du med? Skal me forske litt saman?

To be continued….

Sommarklem,
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.