Tankelaust prat…og små øyrer.

Mannen min er svært mørk til norsk å vere, dei to eldste ungane er òg mørkaugde og har gyllen hud. Mens minstemann då, har heilt blå auger og veldig blondt hår. Og gjett om han får høyre det, kven me enn treff, kor me enn går. Han får så mange kommentarar på augefarge og hårfarge, at han stadig spør «Kefør eg ha slikt haor?» eller «Kefør eg ha blaoe auge?»

Og då vil eg spørje deg her og no; Kvifor spør folk om slikt? Kvifor går folk rimeleg langt i å beskulde meg for å ha vore utru? Trur folk det er greit for mannen min, guten min og meg å stadig få det spørsmålet? Eller trur folk at ingen andre enn dei har sett at guten faktisk har lyst hår?

Dette får meg til å tenkje på kor viktig det er å ikkje snakke over hovudet på ungane. Ungane får det med seg, og skjønnar kva du meiner. Det er ikkje OK å alltid høyre «Nei, danna va jammen løgen, datta kan ikkje vera rette faren» for ein liten gut på tre år. Han skjønnar kanskje ikkje alt, men han skjønnar at alle folk meiner det er noko feil med han.

Når eg skal snakke med foreldre om ungane i hente- og bringesituasjonen, prøver eg å ha dette i tankane. Å ikkje snakke om ungen over hovudet deira, men heller prøve å involvere barnet, sjå like mykje på barnet som på forelderen, søke bekreftelse frå barnet; «Sant, Jens? Då hadde me det moro?» og kanskje spesielt når eg skal fortelje noko vanskeleg. Då ser eg på ungen mens eg fortel det, eller evt seier det til forelderen når ungen ikkje høyrer det.

Eg tenkte faktisk litt på det då eg vart operert for grå stær. Legen snakka berre til sjukepleiaren, som skulle snakke til meg. «Ho er litt for langt nede med haka, trur du ho kan komme litt lenger opp?» Eg aka meg lenger opp i stolen og legen vart overraska over det, sidan sjukepleiaren ikkje hadde bedt meg om det endå.. Trudde ho at eg ikkje kunne høyre? Det var augene mine, og synet, det var noko feil med.

Slik prøver eg å tenkje heime òg, men det vert ikkje alltid like vellukka. Ofte seier eg ting om dei stakkars ungane mine som er langt over streken. Er ikkje det rart? At det er med dei me er mest glad i at det skal vere vanskelegast å gjere rett?

Eit «ord» på Facebook seier noko slikt som «Dei neste 24 timane skal du late vere å klage, i det heile tatt, for så og sjå korleis livet ditt endrar seg.»

Nok eit innlegg i serien «Gudrun skriv ting ho ikkje er sikker på om ho vil poste, men so gjer ho det lell.»

Ver snill å arrester meg neste gong du høyrer meg snakke over hovudet på nokon. Og du, ikkje kommenter noko om ungar du møter… Dei høyrer.

Viss du likar blogginga mi, del med andre <3 Og snart.... eller om ei (lita) stund, skal me flytte inn på eit eige domene. Yuhuu!! Må berre finne ut korleis eg lagar nettside (evt betale nokon andre for å lage ho for meg) Snakkast <3 -Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.