Vår samlingsboksen – inspirasjon

Her er ein ørliten kikk inn i samlingsboksen vår, som eg kallar Vår samlingsboksen.

samlingsboksen.no
innhald i samlingsboksen

Samlingsboksen vår er alltid i utvikling og endring. No har me Olav Stedje-tema i barnehagen, me skal ha konsert i juni – og alle gler seg! På bildet over ser du to av våre Olav Stedje-songar; fisken er «Bobb – bobb – dædi – dædi» som ungane seier og den runde dokka (filthovudet) med to auger er Åkken Bom.

Kor finn eg alt eg puttar i boksen? Det meste som er oppi samlingsboksen vår, er mitt private, som eg har samla på oppgjennom. Kor kjem den veldig livaktige fisken frå? Jo, det skal eg fortelje deg; det er opprinneleg ein havfiskekrok som har fått nytt liv. Eg fjerna kroken, og brukar fisken. Samlingsboksen er noko eg (eller dei andre vaksne) har kontroll på, det er ikkje noko ungane får bruke utan tilsyn, så eg treng ikkje vere nøyen med å ha barnevennlege ting oppi der. Havfiskekroken fann eg i verdas største forundringspakke, når eg opnar nettbutikken min, skal eg legge ut nokre fiskar frå forundringspakken (ein 12 meter lang konteiner med fullt i ting). Eg har nokre til overs, som andre kan få ta nytte av.

samlingsboksen.no
samlingsboksen.no

Okken Bom (På månen bur ein liten mann) er den minste av desse filthovuda. Desse har ungane mine sydd til meg saman med bestemora, eg stappa dei fort oppi samlingsboksen, og døypte den vesle for Okken Bom i forbindelse med Olav Stedje konserten, og den andre for Hokkus og Pokkus, sidan dette er ein svært så populær song blant 1,5-2 åringar. (Meija – meija er gjenklang når me syng denne!) Ungane er kanskje berre 1,5-2 år, men kom berre ikkje her og kom her! Ho som hadde samling her om dagen, prøvde seg å synge Hokkus og Pokkus til begge hovuda, då fekk ho unisont; «MANN!! MANN!!» til svar frå ungane.

Edderkoppen i samlingsboksen
Edderkoppen i samlingsboksen

Me har fått ein ny edderkopp i samlingsboksen. Den gamle var sliten og trengte ein kvil. Edderkopper eit must i alle samlingar, med mange vers! Viss de har fleire nasjonalitetar, kan godt internasjonale edderkoppar òg vere på plass oppi samlingsboksen.

Korleis er det hjå deg? Brukar du samlingsboksen i samlingar? Kva har du oppi?

Klem,

-Gudrun-

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.