Lucia

I dag har eg lovd meg sjølv, og ei av dei eg jobbar med, at neste år skal me lære oss fleire vers av Lucia sangen… Me overdosa på

Natta går tunge steg
sang sikkert det verset 20 gonger…
Neste år skal eg lære ungane det verset me sang då eg gjekk i barnehagen, eller på førskulen som det heitte 😉
Santa Lucia
med den kvite kjolen,
kom til oss alle,
lær oss å vera snille.
Skinner i små, små lys,
heime og i andre hus.
Santa Lucia 
Santa Lucia.
Santa Lucia på italiensk
Sul mare luccica,
l’astro d’argento
Placida è l’onda, 
prospero è il vento.
//: Venite all’agile barchetta mia! 
Santa Lucia, Santa Lucia! ://

Eg har lært meg litt om Lussi og Lucia. I gamle dagar, var natta mellom 12. og 13. desember rekna som den svartaste og lengste natta i året. Det var ei magisk natt, fyllt av uhygge, dette var ei natt ein held seg innandørs. All vask skulle vere ferdig til den 13. desember…. (Jammen løge eg ikkje fekk besøk av Lussi i natt…!!) Denne natta var dessutan den einaste natta i året som dyra snakka saman.

Lucia er derimot ein italiensk helgen, som hjelpte sjuke og fattige.

I dag har eg ete stortsett berre Lussekattar, me hadde det til lunsj og frukt i barnehagen, og til kaffimat heime hjå foreldra mine i ettermiddag.

Me ungane i nabolaget gjekk i Luciatog kvart år, med lys, Luciasang og lussekattar til alle naboane. Lucia er derfor den tradisjonen eg er mest glad i, me gjekk av og til julebukk òg, men me gjekk ALLTID Lucia. (Resultatet var det samme, BTW, me sat att med masse godteri. Bortsett frå det året eg og naboguten gjekk bakerst og åt opp ein del av utbyttet 😉 )

I morgo skal eg begynne med julestøvtørken, eg lovar, Lussi, lovar!!

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.