Månedlige arkiver: mars 2014

Berre nett må…. om nettbutikk, larver og slikt.

Har du opplevd at du vil for mykje? (Sjølvsagt har du det, det har alle frå tid til anna.) Vel slik har eg det no!

Me har fått oss student på avdelinga vår, noko som er super spennande for meg, sidan eg ikkje har vore øvingslærar på ordentleg før. Har hatt nokre korte periodar, men no er det i heile fem veker. Den flinke og dyktige studenten vår skal ha ei mengde oppgåver når ho er hjå oss, så tida fram mot påske blir lagt litt opp etter hennar opplegg. I tillegg til alt anna som skal inn før påske, som ordinære påske aktivitetar, runging av egg osv.

Men allikevel då, så klarar eg ikkje å late vere å snike inn Lille Larven Aldrimett. Denne krabaten kom opp på veggen vår i dag.

larven aldri mett

Bokstavane du skimtar under, er forbokstaven til ungane våre. Sjølv om dei er små, vil me prøve å lære dei sin bokstav. Spennande å sjå!

larven aldri mett 2

Denne søte handdokka/teaterdokka er snart på veg i posten til meg. Eg har hoppa i det med begge beina, og ein del pengar, og kjøpt mange teaterdokker i Kina. Det er blant anna denne søte larva. Så med tida kjem det opp ein nettbutikk!! Yuhuu! Eg gledar meg!

Teaterdokker er kjempe moro å bruke i samlingsstunda. Eg hugsar frå eg sjølv var liten, eg trudde det var den nye kosepusen min som kom hoppande mot meg når ei gammal tante spelte skodespel for meg med han. Slik ser eg stjernene i augo til ungane òg, når eg tek med ei handdokke i samlingsboksen. Dokka har fullt fokus! Eg har bestilt inn 4 forskjellege teaterdokker som eg skal legge ut i min snart splitternye nettbutikk. Kva dokker lurer du kanskje på? Den som føl med får sjå!

Klem,
-Gudrun-

Dei tre beste tipsa for å lære småbarn sangtekstar

Det enkle er ofte det beste, har eg visst ofte sagt. Me begynte med ein ny månadssang i dag, for Hey! Me er allerede i mars 2014! Me har kvart år ein «Årets forfattar», og i år har me vald ein litt lokal variant, og velger sangar med inspirasjon frå Olav Stedje. Han har ikkje dikta så mange av dei sjølv, men me syng songar som han har sunge før oss.

I mars er det altså fotballsongen over alle fotballsongar; «Stao no pao!» som er månadens song. Me introduserte den i dag, nokon som kan gjette kva som var i boksen? Jau, sjølvsagt ein ball! Det er enkelt og greit! Eg likar som eg har fortalt mange gonger før, best å ha ein ting som ungane kan sjå og ta på.

fotball

Me prøvde oss med første verset, og bestemte oss der og då, at me måtte prøve å halde oss til kun refrenget.

Stao no pao! Superlag frao Sogndal.
Da e ikkje nåken so kan slao oss no.
Stao no pao! Superlag frao Sogndal.
Da e ingen andre so e lika god.

Viss me får eit-to åringane våre til å synge dette, så er me storfornøygde, me er trassalt ein avdeling med småbarn. Eg er absolutt ikkje motstandar av å synge avanserte songar med småbarn, men eg trur på at det må vere enkelt nok til at ungane kan lære det. Eg ser føre meg at det kan verte stas, viss me greier å synge «Stao no pao!» Ein ting er at det må vere enkelt nok, og eit anna tips til å få ungane med på songen er å syngje S-A-K-T-E nok. Viss du girer ned mange hakk, så får ungane med seg, og lærer teksten lettare. Det tredje tipset; Bruk bevegelsar!

Og eit fjerde tips, slik på tampen, til eldre barn; tegn opp teksten. Eg gløymer aldri ungane mine song som kor med «noteark», dvs teksten tegna opp på eit ark og kopiert. Dei fleste av desse ungane køyrer no bil 😉

Lik gjerne Facebook-sida mi, og del bloggen med andre viss du finn noko du likar.

klem,
-Gudrun-