Songar til oktober.

I oktober vert me alltid internasjonale heile gjengen, i forbindelese med FN-dagen. No har eg allerede delt Samina og Oh libala i dei siste favoritt-postane. Dei internasjonale edderkoppane finn du òg på bloggen. Eg tykkjer det er moro å synge på andre språk, helst når eg ikkje skjønnar kva eg syng.

Eg har tidlegar fortalt om den fine russiske kjærleiksvisa eg lærte på 4H leir ein gong. Det handla om sovjetiske soldatar og ulykkeleg kjærleik, hadde eg lært på den nemde 4H-leiren. Heilt til eg fekk ei russisk mor i barnehagen. Alle mine romantiske  russiske illusjonar brast; songen handla om sovjetiske soldatar og kakelakkar og var ikkje ein gong russisk, men kviterussisk.

Jemand kokkoratski

Jemand jemand jemand kokkoratski,
jemand, jemand, jemand kokkora.
Sovjetski soldatski, jemand kokkoratski,
jemand, jemand, jemand kokkora.

Eg går ikkje god for skrivemåten.

Fagdagen

På Fagdagen som eg skreiv om i to tidlegare innlegg, lærte eg, eller vart påminna to songar. Super-enkel tekst;

Bele Mama

Bele Mama – Bele Mama – eh
Bele Mama – Bele Mama – eh
Bele Mama – Bele Mama – Bele Mama – Bele Mama
Bele Mama – Bele Mama – eh

Og denne som eg lærte i musikken på Lærarskulen.

Malela

Malela ma-lela malela
Malela ma-lela malela
Malela ma-lela malela ma-lela malela ma-lela
Malela

Og mens eg skriv, så kjem eg på Beltedyret sin sang

Beltedyret sin sang

Vai jai jai jai jai jai jai jai
Vai jai jai jai
Vai jai jai jai jai jai jai jai
Vai jai jai jai

Den brukte eg ein del tidleg på 2000-talet. Eg trur den kom med eit teater me hadde besøk av i barnehagen.

Ekkosong

På eit kurs eg var på seint på 90-talet, lærte eg nokre ekko-songar, eit kjapt søk på Google visar at kurset framleis i drift. Artig!

Me lærte blant anna denne;

Indiansk samling – ekkoleik

Å alele – Å alele
Akara kichi komba – Akara kichi komba
Å alee alee a-alee – Å alee alee a-alee

Denne er utan melodi, berre sei orda rytmisk, call-response. Eg har ikkje brukt denne på mange år, men spørs om tida er inne for å plukke framatt det eg lærte på kurset.

Dersom nokon ønskjer video, skriv ein kommentar. Det er kjekt å spele inn melodien dersom nokon vil det, men eg har alt for mykje anna å gjere til å gjere det viss det ikkje gir verdi til nokon.

Dessutan er det litt utafor komfortsona, og eg har fått tilbakemelding om at dette er midtlivskrise, bortsett frå at eg fekk det på engelsk. Dotter mi og vennene hennar ler av denne rare mora som syng barnesongar på video. Men det er god øving for meg, så kommenter gjerne, så får eg eit spark i røvi.

Klem

Gudrun

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.