Bæ bæ lille lam

Bæ bæ lille lam er ein sang som ungar er veldig glad i å syngje. I starten er det sjølvsagt den vanlege versjonen, men etterkvart som dei vert eldre, kjem dei til tiss- og besjfasen, ein fase som fengjer ei stund 😉 I barnehagane er det av og til konkurranse om kven som kan flest versjonar, og eg har til og med dikta eit vers sjølv, saman med ein gut i barnehagen. Guten er 15 år gammal no, og har sikkert gløymt verset vårt for lengst.

Her er vårt vers;

Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.
Vesle treet knekte,
vesle lammet brækte.
Bæ bæ lille lam,
klatra i eit tre.

Vanlege bæ bæ lille lam
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Ja, ja, kjære barn,
eg har kroppen full.
Søndagsklær til far
og søndags klær til mor.
Og to par strømper til bitte vesle bror.

Nei-verset
Bæ bæ lille lam,
har du noko ull?
Nei, nei, kjære barn,
eg har ikkje ull.
Bonden var i går,
og klypte sine får,
så no har eg ikkje ull før til neste år.

Rømme-verset
Bæ bæ lille lam
ramla i ein dam.
Kunne ikkje svømme,
berre ete rømme.
Bæ bæ lille lam, ramla i ein dam.

Fise på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på restaurant.
Ville ikkje spise,
berre sitte å fise (eller grise)
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.

Onkel Skrue på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam,
gjekk på fotballkamp.
Møtte onkel Skrue,
sparka han i hue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.

Skogsmaskin/akebrett-vers
Bæ bæ lille lam,
køyrde skogsmaskin (eller akebrett)
Skogsmaskina/akebrettet kresja
lille lammet besja.
Bæ bæ lille lam køyrde skogsmaskin.

Bleie på fotballkamp-vers
Bæ bæ lille lam gjekk på fotballkamp.
Kunne ikkje heie,
berre bruke bleie.
Bæ bæ lille lam, gjekk på fotballkamp.
(Takk til Gunnveig)

Tusse-tuss-vers, eit skikkeleg tabu-barnekulturvers.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.
Kutta av han tissen, gidde den til nissen.
Bæ bæ lille lam, møtte tusse-tuss.

Onkel Skrue på restaurant-vers
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.
Møtte onkel Skrue, berre spiste flue.
Bæ bæ lille lam, gjekk på restaurant.

Dette er eit knippe av dei versa eg kjem på med sommar-ferie-modus hjerne. Kan du fleire, så skriv dei i kommentar-feltet 🙂
Ha ein fin kveld.
-Gudrun-

5 kommentarer om “Bæ bæ lille lam

  1. Bæ bæ lille lam
    Gikk på fotballkamp.
    Kunne ikke heie
    For han gikk med bleie
    Bæ bæ lille lam
    Gikk på fotballkamp.

  2. Bæ Bæ lille lam kjøpte seg en kam,
    Greide seg på håret ligna litt på kåre..
    Bæ Bæ lille lam, kjøpte seg en kam.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *