Månedlige arkiver: september 2017

Bamse Brakar og Mikkel Rev i barnehagen.

Rollespel og dramatisering er ein fin måte å vise ungane ting som skjer i barnehagen kvar dag. Som eg skreiv om i forrige innlegg, har me vaksne i barnehagen brukt rollespel til å vise ungane korleis ein kan oppleve det dersom ein ikkje får vere med i leiken, og korleis det er å vere ny i barnehagen, og forskjellege måtar «gamle» barn kan ta i mot nye.

Vi Vil Vere Venner

Sosial kompetanse – å hjelpe.

I videoen i starten her, viser eg korleis me bruker handdokker til å spele forskjellege situasjonar for ungane. I denne filmen viser eg ein garderobesituasjon, og korleis me kan hjelpe kvarandre. I etterkant er det fint å påpeike eller ta ungane på fersken i å gjere det me viste i samlinga. Sidan denne handla om å hjelpe, er me observante på hjelpsomme handlingar i etterkant, og kommenterer dette; «Gro, no såg eg at du hjelpte Berit. Akkurat som me snakka om i samlinga i dag. Så fint gjort av deg. No var du ein god venn.»

10 korte snuttar.

Eg har, som eg fortel i filmen, laga 10 korte snuttar med tilhøyrande refleksjonsspørsmål. Det er 10 heilt vanlege situasjonar som barn og vaksne opplever dagleg, og alle handlar om samhandling og sosial kompetanse. Nokre er litt kranglete og nokre er glade, her er heile spekteret.

Fordelen med å bruke handdokker, er jo at du kan spele fleire rollar. Det er dessutan spennande å sjå på.

Me har brukt snuttane òg som inspirasjon til personalsamarbeid, at me omgjer dei til praksisforteljingar, det er berre fantasien som set grenser. Ein kan også lage seg nye historiar, utfrå eiga barnegruppe, og hente inspirasjon frå eiga avdeling.

Me har starta utprøving i full gruppe, dvs 19 barn i alderen 2,5-4 år, men eg ser føre meg at det kan verte gode samtalar i mindre grupper, der alle ungane får komme til orde.

Dess meir sosial kompetanse, livsmestring og god sjølvfølelse me kan gi ungane i barnehagen, dess tryggare barn som veit skilnad på rett og gale, får me. Mobbing kan førebyggjast, me må la ungane få bli kjende med seg sjølve.

Lykke til i oppstarten, alle saman. Del gjerne i kommentarfeltet korleis de jobbar med vennskap og sosial kompetanse no i denne gruppebyggjingsfasen.

Klem,

  • Gudrun <3