Kategoriarkiv: drama

Eg har slutta!

Eg har forlatt barnehagen etter 26 år, og fått meg ny jobb, dog fortsatt med mennesker, men ikkje i barnehagen. Eg har hatt min siste planlagde dag i barnehagen, med mi siste samlingsstund. Samlinga vart ikkje særleg bra ein gong, for eg visste at det kanskje var siste dagen eg jobba i barnehagen.

Det var forferdeleg!

Eg gjekk heile dagen og visste, dette er min siste dag. Eg fronta det ikkje, men sa som sant var, til dei som spurde, at jau, dette var siste dagen som var planlagt at eg skulle jobbe i barnehage. Det var veldig rart! Eg elskar jo barnehagen, og elskar samlingsstunda. Og eg er ein god barnehagelærar, ein trygg vaksen, som bryr seg.

Så kvifor slutta eg?

Eg valgte meg sjølv. Var lei av å ikkje strekke til, drive med brannslokking, mangel på tid. Eg veit ikkje om eg kjem til å gå tilbake til barnehagen etter endt permisjon, men eg tvilar. Har lyst til å komme innom i barnehagen, som vikar ein dag innimellom, eller på besøk. Det er vertfall godt med ein pause.

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Feirer med eit sal!

Det er ganske fullt i nettbutikklageret mitt. Sidan eg ikkje lenger skal jobbe i barnehage, så kan eg glede barnehagebarn med hand- og fingerdokker i deira samlingsstunder. Eg har hatt dokkelageret mitt på loftet over garasjen, no har det vorte omdisponert, så plutseleg er dokkelageret mitt i loftsstova i huset, og der er det fullt! Så eg køyrer i gong eit sal som varer ut året, sjekk nettbutikken. Du får den store dokkepakken til kun kr 555,-. Og megapakken til kun kr 1999,- Det er óg andre tilbod, sjekk gjerne ut.

Eg håpar norske barnehagar beheld gode barnehagearbeidarar. For det er jo den finaste, kjekkeste jobben i verda <3

Klem fra Gudrun

September-tilbod

Det var så moro med sal, at eg har laga eit septembertilbod 🙂

Ikke så gode som augusttilboda, men fint for etternølarar.

Den storepakken med dokker, med Larve (ord 200,-), Sjiraff (ord 175,-), Rev (ord 175,-), Bamse (ord 175,-) og fingerdokkene med grisene og ulven (ord 200,-) får du i september til 499,- HURRA!

Og BEGGE kursa, Sju steg- som har 7 moduler og mange filmar, og Fellesopplevelse, som er eit kortare kurs på ca 40 minuttar, kostar ordinært 3055,- og i september er det KUN 1999,- HURRA!!

Hopp i det – ha det moro!

Eg jobbar i ein barnehage med tre små barnsavdelingar og tre storbarnsavdelingar. I dei tre storbarnsavdelingane er det ca 55 ungar tilsaman. Tidlegare år har me hatt felles adventssamlingar, og det har alltid vore ein kjekk aktivitet. Men sist desember me hadde muligheit (2019, pre-korona) ville ikkje dei andre samarbeide om å ha felles adventssamling. Grunnen var at dei vaksne ikkje ville ha samling med så mange barn (og eller kanskje helst vaksne, mistenker eg.)

Kva kan du gjere?

Eg skjønnar at det kan vere skummelt å ha samling med 55 ungar og 12 vaksne. Men EG tørr! EG som ikkje sa eit ord frivillig høgt i klassen frå 4. klasse til ut lærarskulen, ja, fortsatt kan eg ta meg i å unngå å snakke i klassesamanhengar.

Men eg elskar samlingsstunder, berre sjå her, kva eg gjorde den dagen eg var sliten og lei. Ungane mine kjem til meg og spør; «Når skal me ha samling?»

I 2012, som eg har fortalt so mange gonger, var eg vikar i ein barnehage, og eg fann ut kva som var mi gåve til verda. Mi gåve er at eg er skikkeleg god på å ha samlingsstunder, og det vil eg gjerne lære vekk til deg òg. Derfor vart bloggen min «Gudrun sine sangsskattar» starta på WordPress, før eg kjøpte domene, som du les på no, samlingsboksen.no. Eg bestemte meg for samlingsboksen fordi den er ein så viktig del av samlingsstunda mi. I åra som kom, kjøpte eg også inn ein drøss med handdokker frå yangzhouhuinitoys, jepp, det er ein butikk i Kina, og i januar 2014 var eg til London, på Experts Acadamy med Brendon Burchard. Og i ein av bolkane i EA, såg «Sju steg til ei spennande samlingsstund» dagens lys. Men kun i form av rammeverket. I 2019 lanserte eg kurset fysisk, så i januar 2020 starta eg opp i eit kurs hjå Stine Bustillo, og endeleg fekk eg digitalisert kurset. Eg har brukt både Brendon Burchard sitt Total Product Blueprint og Stine Bustillo sitt Onlinekurs som selger som støtte i utforminga av kurset.

Kor vil eg hen med dette?

Jo, eg ser jo at mykje moro vert stoppa fordi dei vaksne ikkje tørr. Det er kjempe kjekt å vere på fellessamling, og få ein felles opplevelse. Me vert kjende på tvers av avdelingane, me får fellesskapsopplevelse, me vert ein barnehage.

På ein planleggingsdag hadde me ein førelesar, på teams i desse koronatider, som sa det at; «Samlingsstunda er det minst pedagogiske me har i dagens barnehage.»

Det treng ikkje vere slik! Samlinga treng ikkje vere eit einaste langt Hysje-kor. Du må tenkje over kva du vil med samlingsstunda di. Eg personleg la att «Kva dag er det i dag» på 90-talet ein gong! Det er ikkje moro! Ikkje pleier eg lære om dyrespor heller. Eg meiner at samlinga skal vere moro! Viss det sit 18 ungar i alderen 3-6 år, så klarar du ikkje å fengje alle med slikt. Nokon begynner å bråke og du eller dei andre vaksne begynner å hysje.

Visst skal dei lære!

Eg meiner ikkje at me ikkje skal lære ungane kva dagane heiter, eller lære dei om forskjellige fuglar, men du treng ikkje bruke samlingsstunda til det! Det kan du gjere i påkledninga, når de går tur, eller i små grupper.

I samlinga er det perfekt å få felles opplevelser, til gruppebygging, til å skape vi-kjensla. Me kan ha det moro, me kan synge saman (som er flott språktrening), me kan dramatisere, fortelle historiar.

I morgo skal eg og dei andre eg jobbar med, ha samling med 90 fem-seks åringar, det vert spennande, 19 av dei er våre, men dei andre 70 kjenner me ikkje. Men me hoppar i det, og vil ha det moro!

klem,
Gudrun.

Lille Larven Aldrimett

Korleis pleier du å lese bøker? Her ser du meg lese Lille Larven Aldrimett. Merk at dette ikkje er ei full samling, eg les berre boka og har ein leik på slutten. Eg har aldri samling utan masse song.

Dette her er ei av favoritt bøkene mine, å snakke om favoritt bok er nesten som å snakke om favoritt sang, for det er så mange av dei. Men Lille Larven Aldrimett, av Eric Carle er ei fin bok til 2-3 åringar.

Eg har jo mange samlingsboksar, og Lille Larven Aldrimett har fått sin heilt eigne boks.

Dialogisk lesing

Eg har brukt larven til dialogisk lesing og språktrening, men også som bok i samlingsstunda. Eg veit at mange ikkje likar bok i vanleg samlingsstund, fordi det er vanskeleg å treffe alle, men viss du gjer det spennande nok, så vert det bra lell. Sjå her for mine tips til lesing i samlingsstunda.

Inni boksen er det masse rart, sjå berre her;

Lille Larven Aldrimett

I boksen har eg boka, Lille Larven Aldrimett handdokka, nokre tre frukt; eple, pære, jordbær og appelsin. Eg har klipt ut og laminert all maten Larven Aldrimett et seg gjennom. Eg har fleire sommarfuglar, bilder av frukter, ein artig sak med ein larve i eit eple og eit rytmeinstrument.

Lille Larven Aldrimett
Lille Larven Aldrimett

Kims leik er ein fin aktivitet for å få inn meir språktrening, eg brukar fargenavn og fruktnavn; «Eit raudt eple».

Lille Larven Aldrimett

Tanken er då, og det vert gjennomført slik òg, at eg kan ha ei heil samlingsstund berre med Larven Aldrimett og det som eg finn oppi boksen. Det kan vere moro å halde seg til «temaet», men det fører med litt jobbing på førehand, med å finne sangar som passar, eg ville kanskje valt «Hysj, kan du høyre», alle salgs edderkoppar osv, då hadde eg hatt eit insektstema. Men elles likar eg å velge den songen eg eller ungane har lyst til å synge akkurat no.

I mindre grupper pleier eg ha Kims leik, slik som eg har på videoen, og me pleier bruke rytmeinstrumentet til å synge ein navnesong.

Du finn samlingsboksen på Facebook. Kom gjerne innom.

Håper du har ein fin dag! Del gjerne innlegget vidare viss du likte det <3

Klem,

Gudrun

Hurra for alle som har bursdag i april!

Eg kunne ikkje ta påskeferie før me hadde hatt aprilbursdagssamling! Gratulera med dagen til alle som har bursdag i april, spesielt til dei to som vart 4 år på Knubben, dei to som vert 5 år på Maurtua, dei to som vert fem og ho som vert seks år på Bjørnehiet, og til dei tre som vert tre på Vetlebekken og Nyperusti, og dei to som vert to på Nyperusti og Kleivadn. Men òg til alle andre ungar i heimebarnehage som har bursdag i april.

Håpar de får ein fin bursdag alle saman! Og god påske!

Del gjerne posten vidare viss de likte bursdagssamlinga <3

Påskeklem til alle ungane mine fra Gudrun

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Samedagen – Eventyret om reven og kråka.

Sjekk ut salet i nettbutikken!!

Denne veka markerer dei fleste barnehagar Samedagen. Me skal ha stor feiring på torsdag, og i moro skal eg ha samling med samedagen som tema. Eg har valgt ut eit eventyr som eg fann hjå NAFO. Ungane mine er tre år, så dette var passe skummelt. Dei andre eventyra eg har funne har vore litt for skumle.

Som du ser, lever eg meg alltid veldig inn i historia. HER finn du andre historier eg lever meg inn i; Historia om guten som fekk den finaste bursdagspresangen og Historia om då ulven ville invitere små grisene i bursdag.

Kråka og reven


Historia nedanfor handlar om då Kråka måtte gi frå seg egg til Mikkel. Eg endra fra RAVN til BJØRN fordi eg ikkje hadde nokon som kunne spele ravnen. Eg har ikkje øvd så veldig på eventyret før eg filmar, men det er heller ikkje poenget. Poenget er å gi deg eit enkelt, fint eventyr å dramatisere.

Viss eg skal gi deg berre eit tips til å gjere samlinga meir spennande, så er det heilt klart HANDDOKKER! Det løfter ei kvar samlingsstund fleire hakk. I denne historia bruker eg som du ser samlingsboksen sin Mikkel Rev og Bamse Brakar, i tillegg til at ei ugle har fått rolla som Kråke. Ugla er stjelt heimafrå, frå ein av ungane mine, uvisst kor ho kjem fra. Men «man tager hvad man haver» heiter det.

Har du noko gode tips til feiring av samedagen? Korleis gjer de det i din barnehage? Del!

Følg meg gjerne på
FACEBOOK
INSTAGRAM

og bli med i facebookgruppa vår!

Ha ein fin dag!
klem,
Gudrun

Inspirasjon – samlingsstund med store barnegrupper.

Eg tykkjer det er moro med samlingsstund uansett – om det er fem eller femti ungar. Men eg veit jo det at for mange andre, så er det meir innafor komfortsona å ha fem ungar enn femti.

Men høyr her, jobben er uansett den samme, ikkje sant? Dei fem har like stor rett på ei god samlingsstund som dei femti, og omvendt.

Vil du sjå mine to historiar?

I vår barnehage har me delt i storbarn og småbarn i år, og ein gong i månaden har eg fått lov å ha fellessamling på storbarn, som vil seie ca 55 ungar og ca 12-15 vaksne.

Eg har med min vanlege samlingsboks, der mitt gull ligger, og eg har planlagt ei dramatisering som har med bursdagsfeiring å gjere. Viss du vil sjå dei to historiene eg har brukt, så finn du dei HER

Eg har nokre enkle køyrereglar;

  1. Dei som møter tidsnok, skal ikkje sitte og vente på dei som er seine. Me hadde avtalt at felles bursdagssamling skulle starte kl 11 i lavvoen. Avdelinga mi gjekk inn kl 10.56, fann plassane våre blant avdelinga som allerede sat og venta. Men me mangla ei avdeling. Eg har då 34 ungar som er klare, men manglar dei 18 siste. Kva skal eg gjere? Jau, kl 11 startar eg. Eg har 34 utolmodige ungar sittande, kvifor skal dei verte endå meir utolmodige fordi den siste avdelinga er for sein?
    Eg praktiserer dette i vanlege samlingsstunder òg, nokre ungar – og vaksne – er naturleg seine, dei må alltid ventast på, vel, eg ventar ikkje. Samlinga mi vert bedre av at eg startar mens etternølarane finn plassen sin, enn at eg må bruke mykje krefter på å hente inn att dei som er leie av å sitte allerede fordi me berre sit og ventar.
  2. Eg konsentrerer meg om ungegruppa, og forventar at dei andre vaksne skal ta evt trøstejobbar osv. Når eg har samlingsstunda, er eg der for GRUPPA, viss eg sit åleine, så sender eg ut ungar til nokon andre vaksne viss dei må ha trøst eller liknande. Eg brukar ikkje tid på enkelt ungar mens dei andre sit utolmodig og ventar. Med unnatak av deltaking i samlinga sjølvsagt. Men i store fellessamlingar opnar eg lite opp for individelle deltakarar, nettopp fordi då er det så lett å miste gruppa. Dei andre 51 ungane tykkjer ikkje det er moro å høyre på ein annan unge synge Bæ bæ lille lam viss det ikkje betyr at dei òg får synge solo. Og du kan ikkje late 52 ungar synge solo.
  3. Fokus – fokus – fokus! Den vaksne må vere tilstede! Du må kose deg, vere der med heile deg. Me har vel alle vore med på vår del av inspirerande samlingsstunder, der du egentleg held på å sovne? Viss du ikkje er tilstede, får du heller ikkje ungane med deg.

Ikkje alltid andre me må vente på….

Eg får litt pes av den «Eg ventar ikkje»-regelen, for av og til er det min avdeling som er sein, men eg ventar ikkje på dei heller. Leie ungar er eit dårleg utgangspunkt for ei god samlingsstund.

Samlingsboksen

Det er dramatiseringa som er bærebjelken i samlingsstunda, men samlingsboksen er viktig den òg. HER og HER finn du inspirasjon fra min boks.

I samlingsboksen har eg mange konkreter som minner meg om songar, eller gir ungane inspirasjon til å komme med forslag. Den vesle raude boksen er virkelig ein slager! Forrige samlingsstund eg hadde fekk eg spørsmål fra ein av dei eldste ungene; «Kan ikkje du ha den boksen når du skal ha bursdagssamling for meg?» Eg svara at «Jau, det skal eg!» Eg hadde nemleg ikkje hjarta til å fortelle ho at «neste gong du har bursdag, har du begynt på skulen.»

Meir inspirasjon

Bli gjerne med i facebookgruppa mi, der legg eg ut ein del songvideoar og anna spennande som eg ikkje tørr poste offentleg.


Klem,

Gudrun

Sju steg til ei spennande samlingsstund.

I 2014 var eg på kurs i London, Experts Academy med Brendon Burchard. Der laga eg rammeverket til Sju steg til ei spennande samlingsstund. No skriv me 2019, og det er meir enn fem år sidan eg starta på denne reisa. Etter nyttår tok eg tak, planen har alltid vore å lage nettkurs. Men no bestemte eg meg for å starte med fysisk kurs i staden. Og ta eventuelt nettkurs etter kvart.

Det er ikkje alle som gledar seg til å ha samlingsstund. Kanskje du er ein av dei som gruer seg til det er din tur? Føler at du ikkje klarer å fengje ungane? Eller kanskje du ikkje er komfortabel med å ha vaksne tilskodarar?

Eller kanskje du er som meg, elskar samlingsstunda, men har lyst å lære meir, få litt inspirasjon?

Uansett kva du føler og meiner om samlingsstunda, så håpar eg at kurset mitt vil gi deg samlingsglede. I kurset går eg inn på sju modular. Det er start, spennande, sjå og smil, saker, songar, skodespel og slutt. Alle viktige komponentar i ei samlingsstund.

Eg har vore med på, og hatt sjølv, ein del kjedelege samlingsstunder. Dei vaksne brukar meir tid på å hysje og halde ungane i ro enn på å delta i samlinga. Eg hugsar ei samling eg var på som rimeleg fersk førskulelærar, eg hadde eit par urolege gutar, og lurte litt på kva eg skulle gjere med dei. Då sa ho som hadde samlinga; «Det er eg som må prøve noko nytt.»

Det er mitt mantra; Det er mitt ansvar at eg held ei samling som gjer at ungane har fokus fram til det eg driv med. Og det får eg ganske ofte til! Ikkje alltid, sjølvsagt, og av og til driv eg på litt for lenge, men det er jo fordi det er så moro. Eg har hatt samling med heilt små, med store grupper med stort aldersspenn, med store. Og det er stortsett alltid moro.

I år har eg 10 to åringar, dei skrattler når eg «skremmer» dei. Vaksne som er innom avdelinga, skvett mykje meir når eg begynner med sprella mine.

Eg gledar meg til å teste ut kursmateriellet mitt.

Klem,
Gudrun <3

Han va lei seg!

Eg las bok i samlingsstunda i dag. 10 ungar som fyller to år frå juni til desember sat med lys i augene og høyrde på boka om «Storemonster gret ikkje». Kjempe moro!

Me har lese masse bøker i leiketiden, men det var første gong eg prøvde å lese bok i samlingsstunda saman med denne gruppa. Eg valgte ei av mine favoritt bøker.

7 bøker til to åringen

Ungane vart kjempe engasjerte, og gjentok; Han va lei seg! Storemonster va lei seg.

Eg er av den oppfatting at du KAN lese bok i samlingsstunda med full gruppe, VISS du gjer det rett. Her får du mine sju tips til spennande lesing. Du må vere litt skodespelar og bruke stemma di for det den er verdt. Tilbake får du stjerner i augene og glede frå ungane!

Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster er fine bøker der ungane får sjå saka får fleire sider. Dei to første i serien, «Nei! sa Veslemonster» og «Storemonster gret ikkje» let oss følgje dei to monstera i kvar si bok. Bøkene handlar litt om det samme, men me får sjå det frå begge si side. Veldig lærerike, sikkert mange vaksne som kunne lært litt om andre sin ståstad av å lese desse….

Ha alltid med deg litt konkretar i samlingsboksen din. Viss du har ein boks med ting du likar, nokre handdokker og elles anna som kan knyttast til sangar og eventyr, slepp du gå tom for idear. I min boks er det sjølvsagt, handdokker av Mikkel Rev, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen (Larven har eigen boks) og dei tre små grisane-fingerdokkene frå nettbutikken

I tillegg har eg for tida, ei handdokke av ein sau og ei av ein krokodille. Eg har handdokker av ekkorn, apekatt, løve og tiger òg, men dei er ikkje i boksen no. Handdokker er eit fantastisk verktøy i samlingsboksen din.

Eg har ein leikebil, ein slange, mange edderkoppar med mykje, mykje meir. Det er aldri ei samlingsstund som er lik, nett slik både eg og ungane likar det.

Facebook

Sjå her for facebook-sida til samlingsboksen og her for facebook-gruppa mi. Gruppa er lukka, og der legg eg av og til ut videoar som eg ikkje postar på den opne sida.

 

Klem

Gudrun