Hemmelegheiten for ei kjekk samlingsstund.

Eg har ein liten hemmelegheit, som «gjer» heile samlinga, ingenting er så moro som denne vesle detaljen. Så enkelt, og så virkningsfullt. Eg lova deg å fortelje deg om det i forrige post – her kjem det!

samlingsboks

Ein boks til!

Hemmelegheiten gøymer seg oppi samlingsboksen min. Oppi boksen, saman med alle konkretane, har eg nemleg endå ein boks.

Og denne boksen har eg det mykje moro med! Eg må ta opp ein video, for å illustrere korleis eg brukar han.

Eg stappar oppi konkretar, og tek fram boksen. Og ser i den 2-3 gonger sjølv. Av og til skvett eg, og ungane sit på nåler, då er det ofte edderkoppar eller slangar oppi der. Av og til skrattler eg, og ungane brister ut i latter, då er det kanskje grisane og ulven, eller ein bil eller noko «ufarleg».

Kunstpausar. Gi ungane tid til å gi respons.

Det er viktig å ta kunstpausar når du bruker denne boksen, la ungane kjenne på forventningen. Og når eg har sett 2-3 gonger sjølv, viser eg det til ungane, og så ler me godt.

Før eg ser oppi boksen, ristar eg alltid på han, igjen er kunstpauser og responstid viktig, gi ungane tid til å reagere og gi tilbakemelding. Ro ned tempoet, gi ungane tid, du skal ikkje rekke noko, de skal berre vere der, her og no.

Kva boks du brukar, har ikkje nokon betydning. Denne raude boksen kom med ei julekule av glas, kula overlevde ikkje juletreet vårt, men boksen fekk nytt liv i samlingsboksen min.

Samling skal vere gøy!

Eg tykkjer at samlingsstunda skal vere moro, eg vil at samlinga skal vere noko som både barn og vaksne gledar seg til. Derfor er det moro å gjere det litt spennande. Samlingsboksen min plukkar eg med meg kvar gong me har ein overgang med venting, og ungane klappar og seier «Samling!!»

Håpar dette inspirerer deg til å få det artigare i samlingsstunda. Me lærer alle meir viss me har det moro! Del gjerne vidare <3

Klem,

Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.