Samlingsboksen min – inspirasjon

Eg fekk for ei tid tilbake spørsmål på instagram om eg kunne skrive litt meir om korleis eg brukte samlingsboksen min i samlingsstunder. No, etter at eg er ferdig som konfirmantmamma og har fått landa litt, har eg endeleg teke tak i utfordringa.

Eg har alltid med meg ein boks eller ei korg som eg har konkretar i.

 

Oppi korga fyller eg på med ting, som gir meg og ungane inspirasjon.

Samlingsboksen.no sine hand- og fingerdokker – sjiraffen

Sjølvsagt ligg «gjengen» min oppi boksen. Desse Samlingsboksen.no-handdokkene ligg i nettbutikken. Og dei er valgt ut med omhu. Desse er eg veldig glad i. Å bruke handdokker eller liknande i samlingsstunda, er kjempe moro. Dersom du øver deg litt på dokkeføring og bruker blikket ditt rett, så får dokka fokus og ungane er straks meir med i samlinga. Både du og ungane får det meir moro.

Sjiraffen Laffen kom gjennom nålauga til nettbutikken fordi «Sjiraffen Laffen» er ein av favorittsangane mine. Og fordi sjiraffen er bilde på IVK (ikke volds kommunikasjon/sjiraffspråket) Sjiraffen har ein lang hals som gir godt overblikk og eit stort hjarta som gjer han god. I samlinga pleier han å vere ein god venn. Somme år introduserer eg han på hausten, og han vert ein trygg deltakar i samlingsstundene. Han går på omgang rundt til alle ungane, dei får klappe eller kose med han. Han kan ta opp vanskelege ting, han kan tulle og han kan tøyse med ungane. Og han ønskjer ofte at me skal synge «Sjiraffen Laffen». Her er eit tidlegare innlegg om Sjiraffen Laffen.

Sjiraffen Laffen – gir alltid blaffen

Bjørnen og reven

Mikkel Rev og Bamse Brakar er eit radarpar i boksen. Dei kan sjølvsagt komme opp kvar for seg, t.d. for å synge Bjørnen sover eller Mikkel rev, men dei er òg fine saman. Eg driv og utarbeidar eit opplegg med desse to i hovudrollane, eit opplegg om sosial kompetanse, sjølvfølelse, livsmeistring, vennskap, krangling. Det er 10 små historiar, eller dokketeaterstykker, om daglege, gjenkjennbare situasjonar. Det er fint å bruke handdokker, eller dramatisering med vaksene, for å få løfte opp situasjonar og skape refleksjon hjå ungane.

Grunnen til at desse to kom gjennom nålauga, er alle dei flotte folkeeventyra om desse to fyrane. Dersom ein jobbar med eventyr, er desse super fine for å skape litt liv i samlinga, og for å få med dei ungane som ikkje er så sterke språkleg.

Fingerdokker frå samlingsboksen.no

Fingerdokkene av dei tre små grisane og ulven er òg med i samlingsboksen, og i nettbutikken. Her har eg laga fleire eventyr, med inspirasjon frå det orginale eventyret, men med Samlingsboksen.no-vri. Ting er ikkje alltid som du trur.

Fingerdokkene kjem òg sjølvsagt fram dersom me skal synge Med krøllet hale, Puslegrisen eller Inne i fjøsen/bingen. Eg fortel ikkje alle eventyra om grisane og om bjørnen og reven kvar dag, men eg tykkjer det er moro å ha litt drama i samlingsstundene. Ungane elskar å bli underholdt.

Jungeldyr og rørslesang

Desse tre kjem opp for å synge «Gå ein tur i jungelen», ein rørslesong som alle ungar, inkludert meg, er veldig glade i. Anbefaler å lære deg den! Dersom det er ønskjeleg, kan eg legge den med bevegelsar ut på Facebook-gruppa (https://www.facebook.com/groups/779175422149842/)

Konkretane er samla oppgjennom åra. Krokodillen kjem òg fram viss me skal synge Nyss så møtte jeg en krokodill eller Viss du ser ein krokodille i ditt badekar. Tigeren kan komme opp til «Kamelen Klara» (Endå ein favorittsong som eg anbefalar.)

Navnesang, Ford Escort og frosken

Maracasen brukar eg viss me syng navnesongar, me sender instrumentet rundt og syng ein navnesang med eit vers til kvar unge.

Sjå her for dømer på navnesongar.

August- og septembersangar vol 1.

Frosken kjem og syng MÆ sa ein liten grøn frosk eller Små rompetroll. Det vert så mykje meir spennande dersom me trekker fram ein konkret, i staden for å seie «No skal me synge Små rompetroll.» Og som nemnt over, god visuell støtte til barn med lite språk.

Bilen er jo sjølvsagt «Ford Escort»-songen, ein song som eg har lært på Frelsesarmeen sitt Knøttekor og spreidd rundt om i barnehagane i Sogndal. Kjempe artig song som bringer med seg mykje leik, glede og humor. Men eg er òg alltid open for forslag frå publikum, me tek dei innspela som kjem.

Den mest brukte

Og så edderkoppane mine. Det er nesten ikkje ei samling utan. For dei som har fulgt med på bloggen, har nok komme borti edderkoppar tidlegare.

Vesle Petter Edderkopp

Internasjonale edderkoppar

Rødhette og ulven var eit sett fingerdokker som eg kom over. Dei ligg oppi boksen, og av og til dukkar dei opp av boksen, nesten utan at eg veit om det. Då må eg berre improvisere ei dramatisering av eventyret.

Eg har eit viktig element til i boksen min, som eg skal fortelle deg om i neste post. Det er nesten den viktigaste tingen, i allefall men mest spennande. Stay tuned.

Del gjerne innlegget vidare med barnehagefolk, småskulefolk, sfofolk, foreldrefolk, besteforeldrefolk eller andre som treng inspirasjon på å få det artig saman med ungane.

Klem

Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.