Sju steg til ei spennande samlingsstund.

Eg heiter Gudrun Helvik Stenehjem og har over 20 års erfaring som barnehagelærar. Eg har alltid vore særleg glad i samlingsstunda i barnehagen. I juli 2012 starta eg å blogge på samlingsboksen.no, der eg deler tips, songar osv som har med samlingsstunda i barnehagen å gjere.

No har eg samla engasjementet mitt til eit for samlingsstunder til eit kurs for barnehagearbeidarar som eg har kalla “Sju steg til ei spennande samlingsstund”. Kurset varer i 2-3 timar. Eg har køyrt testkurs to gonger, og her er nokre tilbakemeldingar frå kursdeltakarar:

“Lærerike 7 steg om du er ny eller gamal i jobben. Mange gode tips.”

“Inspirerande og eg kunne rett og slett føla kor engasjert du e. Tida forsvann og me hadde da skikkelig artig.”

“Eit inspirerande kurs det er vel verdt å bruke tid på! Etter kurset fekk eg lyst til å gå heim og planlegge mine heilt eigne samlingsstunder. På min måte, men med dei gode tipsa og triksa som Gudrun delte i kurset. Kurset vil kunne gi noko både til dei som er erfarne på samlingsstunder såvel til dei som skal halde sine fyrste.”

Enkelt sagt er kurset ei samlingsstund som er teken frå kvarandre for å få fram det som gjer ho god og spennande for både ungane og dei vaksne som deltek. Det er inndelt i sju modular som alle er viktige deler i ei samlingsstund. Kurset passar for alle som jobbar med barn, uansett korleis du ser på det å halde samlingsstund. Om du gruer deg og ikkje likar det, eller om du elskar det, og har lyst på ny inspirasjon.

Du lærer triks til å få ei stund full av energi, fleire nye songar og mange andre tips.

“Samlingsstunda er dagens høgdepunkt.”

Kurset går over 2-3 timar og består av sju modular, som får samlingsstunda til å verte bra. Det er lov å ta lydopptak til eige bruk av songane me syng.

Prisar;

kr 555,- pr pers
eller
kr 4444,- for inntil 10 deltakarar – kr 200 pr ekstra deltakar utover 10
kr 5555,- for inntil 16 deltakarar – kr 200 pr ekstra deltakar utover 16
kr 7777,- for inntil 25 deltakarar. kr 555,- pr ekstra deltakar utover 25.

Prisar for inntil ein time reiseavstand frå Sogndal. Reiser og overnatting kjem evt i tillegg ved kurs andre plassar. Ta kontakt for tilbod.

Kurset finst også som nettkurs.

Kurs for barnehagetilsette i spennande samlingsstunder.