Månedlige arkiver: august 2013

Det er alltid to spørsmål som vert stilt.

Den gyldne regel

 

Eit innlegg om sjølvkjensle og sjølvtillit.

Korleis svarer du på desse spørsmåla? Eg veit at eg ikkje alltid svarer slik eg vil, men ved å verte meir bevisst på mine svar, kan eg verte flinkare til å gi den bekreftelsen barnet mitt (og andre relasjonar) vil ha.Spørsmåla er;
  1. Er eg elska? Er du glad i meg? (sjølvkjensle)
  2. Dug eg til noko? Tykkjer du eg er flink til dette? (sjølvtillit)

På eit rett ut spørsmål, er dette veldig enkelt å svare på. Men å hugse at det er desse to spørsmåla, om sjølvkjensle og sjølvtillit, som ligg bak når poden slår seg vrang, og då gi det rette svaret, er verre med.

Eg skreiv jo om ros i forrige post, fordi eg held på å lese «De utrolige årene». Og så har eg snakka med den tidlegare nemde barnepsykologen att, han med jonsok-bål av lesebøkene, veit du. Og han snakka om dette her, at alt egentleg bunnar i desse to spørsmåla, er du glad i meg? Og tykkjer du eg duger?

Hugsar me dette då, når ungen står og ramskriker at han vil ha saft? Eller når han, i mine auger, oppfører seg urimeleg? Når han set seg på bakbeina og ikkje vil legge seg? Eller når ho skrik og slamrar med dørane?

Øyøyøy, vanskelege saker, men viss me tel til 10? Går litt ut av situasjonen, ser litt objektivt på det? Me greier det då?

Avtale med meg sjølv; Prøv å sjå godt etter kva som ligg bak, kva barnet egentleg meiner, og svare på det. Og alltid tel til 10!! (Fekk ein test MENS eg skreiv innlegget…. Om eg «svara» rett, veit eg ikkje, men eg vart iallefall ikkje sint. **Flink**)

På eit kurs me hadde i fjor, om bl.a. «Tryggheitssirkelen», fekk me ei litt fin regle.

«Å vere ein god forelder kan oppsummerast i 25 ord: Alltid være: større, sterkare, klokar og snill. Når det er mogeleg; følgje barnets behov. Når det trengs: ta ansvar og bestemme.»

Og for å få inn litt sang òg, så avsluttar eg med ein av babysang-favorittane mine:

 

Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Du er så fin og eg bryr meg om deg.
Ingen er så fin som du i heile verda.
Ingen er så fin som du i heile verda.

Føler dette vart eit litt personleg innlegg, men eg reknar med at det er fleire enn meg som kranglar med ungane mine, og som har lyst til å late det vere, og heller klare å telje til 10 og vere ein god forelder. Blir veldig glad for kommentarar og tilbakemeldingar, anten her eller på Facebook. Skal snart begynne å synge att på bloggen 😉

-Gudrun-

 rosehagetorn

Å rose barna, og korleis gjere rosen meir effektiv.

Eg driv og les ei veldig nyttig bok for tida, «De utrolige årene» av Carolyn Webster-Stratton. Ho gir mellom anna råd om å rose barna og korleis gjere rosen meir effektiv.


  1. Ver spesifikk; beskriv åtferda du likar.
  2. Gi ros på rett stad til rett tid.
  3. Vis entusiasme; energisk, omsorgsfull og ærleg.
  4. Unngå å kombinere ros og irettesettelse.
  5. Gi ros straks; ofte og konsekvent.
  6. Åtferda treng ikkje vere perfekt for å fortjene ros.
  7. Oppmuntre barna til å rose seg sjølv.
Denne boka gir ei rekke tips på korleis du kan løyse daglegdagse utfordringar med barna dine, og får mi anbefaling.

-Gudrun-

Kva treng ungane i barnehagen?

Mange nye foreldre er usikre på kva ungane faktisk treng å ha med seg i barnehagen. På planleggingsdagen fredag, sette me på avdelinga oss ned og skreiv ei «Utstyr som trengs i barnehagen»-liste.

Her er den:

  • 2-3 sett med byteklær. (Dersom ungen nett har slutta med bleie, må de ta med mange truser og bukser. Hugs dessutan på å fylle på med det som vert brukt. Ofte vert berre buksa blaut, då treng du berre ta med bukse, ikkje eit heilt sett. Det pleier nemleg ofte å hope seg opp med gensarar og teskjorter i bytekorgene 😉 )
  • Regnklær og støvlar
  • Tynn dress (haust/vår-dress)
  • Bleier, ikkje Up and go! Stellekrem.
  • Vogn/vognpose for dei som treng det.
  • Koseklut/smukk for dei som brukar det.
Vinteren
  • Ulltøy/fleece til å ha under dressen
  • Tjukk og romsleg vinterdress
  • 2 par vottar (viktig at dei ikkje er for store!! Strikka vottar er supre til små hender.)
  • Hue med god passform/halshue
  • Hals eller buff, ikkje skjerf.
Ønskjer alle ungar og foreldre ein fin oppstart i barnehagen, og avsluttar med det viktigaste; MERK ALT, ALLTID!! 😉

Del gjerne med andre som treng det, og følg gjerne bloggen på Facebook.

-Gudrun-

I møte med sorg.

Eg har skrive om sorg tidlegare, men denne siste veka har vore hendelsesrik, og eg har funne fram nokre nye tekstar.

Ferien er no ubønnhøyrleg over. Me har fått gjort masse saman som familie, først ei god veke med campingtur, med stopp i Hønefoss, Uddevalla og Drammen. Me hadde flott vær heile turen. Så var me heime nokre dagar, med nydeleg vær og fleire fjellturar i nærmiljøet. Siste veka hoppa me på ein tur til Bodrum i Tyrkia, for værmeldingane for Sogn var skikkeleg dårlege.

Då me kom heim, kom me oppi køen i Gudvangen, der vogntoget brann i tunellen. Eg trøsta meg med at me ikkje hadde muligheit å komme borti det, fordi me for frå Bergen så fort me kunne og køyrde nesten i eitt, og var der ein time etter brannen starta. Dessutan var eg glad for at det gjekk bra med alle som vart fanga i ein brennande tunell. I går var me i gravferd i Vik, etter onkelen til mannen min, ein mann som har hatt eit langt og godt liv. Men på veg heim att, kom me i ein ny bilkø. Buss-kollesjon i Fardal. Me brukte fem timar, mot normalt ein, på heimvegen, og vart litt lei av å stå i bilkø. Men likevel, eg var glad for at me kom oss heim, for med to så store ulykker så nært innpå, kjem tankane om kor tilfeldig alt er. Så derfor kjem denne posten.

Ein sang som ofte er i gravferder, er Ein fin liten blome, omset frå svensk av Anders Hovden. Det er ein nydleg sang,

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Ånei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom han vil sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Ånei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogsblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din?
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

I går lærte eg to nye vers på denne sangen, det siste her var ikkje med.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled deg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong
i morgonen æveleg klær,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når.

Ein annan song me song i går er Å, eg veit meg eit land, skriven av Elias Blix. Ein kjempe flott song, som eg song for første gong i går.

Å, eg veit meg eit land.
Å, eg veit meg eit land
Langt der oppe mot nord,
Med ei lysande strand,
Mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å , eg minnest så vel dette land :/:

Der eit fjell stig mot sky
Med si krone av snø,
Og i lauvklednad ny
Det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand
Med si bringe i brann
I den solklåre, solklåre kveld.
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette fjell :/:

Å eg lengtar så tidt
Dette landet å sjå,
Og det dreg meg så blidt
Når eg langt er i frå.
Med den vaknande vår
Vert min saknad så sår
Så mest gråta, mest gråta eg kan
:/: Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land :/:


Denne er òg ein sang som er god å synge, eg tenkjer alltid på Besten min når eg syng den, for dette verset betydde mykje for han:

Eg er ein fattig ferdamann,
må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland,
Gud, meg på vegen vara!

Eg er i full gang med å planlegge hausten, og er takknemleg for tips og idear til tema, me blir bedre av å stå saman <3 Skriv ein kommentar i bloggen eller ta kontakt på Facebook. Gledar meg til ein flott haust, der me må hugse på å leve i augneblinken, alle saman. <3 <3 <3

– Gudrun-