Månedlige arkiver: november 2022

Oppstart

Eg hadde gløymt kor slitsomt – og kjekt – det var med oppstart. Sist eg hadde skikkeleg oppstart i barnehagen var for 4 år sidan. Då hadde me 10 to åringar som starta i barnehagen samme dagen, to var uerfarne barnehagebarn, mens 8 hadde gått i ein annan barnehage tidlegare. Dei tre neste åra har eg surfa gjennom og fulgt gruppa mi gjennom barnehageløpet og sendt dei over i skulen. Sidan eg sende gullungene mine fra meg i vår, var det sjølvsagt at eg skulle begynne med ei ny gruppe gullunger denne hausten.

Frå femårigar til eitt åringar

Og ny gruppe vart det. Dette året skal eg kose meg med 12 eitt åringar. Når så mange små skal begynne i barnehagen, så vert det ei slitsom tid, for ungane, for foreldra og for personalet. Men det er òg ei koselig tid. Får muligheten til å verte kjend med 12 små individ, 12 små mennesker med humor og vilje, 12 små som lærer meg nye ting kvar dag.

Eg har skrive om oppstart tidlegare, sjå her. Dette innlegget er erfaringane mine fra forrige gong eg jobba med eitt åringar. Dette òg.

Song er meir framtredende på småbarnsavdeling

Eg jobba jo med fem-seks åringane i fjor, og då gjekk det mest i prat. No går det i song, eg syng heile tida. Du trur kanskje at eg er super god på å syngje, det er eg ikkje, men eg er god på å hugse tekst og delvis melodi, og eg er ikkje redd for å by på meg sjølv. Eg bryr meg ikkje om kven som høyrer på, eg syng, og det roer ungane.

Me har nettopp starta med samlingsstund, tidlegare i veka hadde eg samling med samlingsboksen og eventyrkofferten vår med Bukkane Bruse. Her er eit innlegg fra forrige gong. Eg trur nok desse eit åringene vert like glade i å synge som desse var. Det lovar vertfall godt, når me seier; «Skal me syngje?» så springer dei til bingen der me pleier ha samling.

Eg har alltid sunge masse, eg har sikkert snakka om det før. Eg og søstera mi sang alltid – ALLTID – på bilturer og når me huska. Me hadde nok verdas mest tolmodige storebror og foreldre.

Men det er sant, det hjelper masse på tilvenninga å synge for ungane. Eg hugsar sist tilvenning, med dei 10 to åringene, veit du, då var det berre sang som roa dei ned, så me hadde samling tre gonger for dagen. Kvar dag kl 9.30, som var vanleg samlingsstid, før mat ca kl 11 og før frukt slik litt før kl 14.

Sjekk gjerne ut nettbutikken, her er min aller største pakke, med to online-kurs og alle hand- og fingerdokkene mine.

Klem, Gudrun