Korleis me fekk eit åringane til å digge sangsamling

Sangsamlingane våre er ganske like no i starten, slik at ungane skjønnar kva som skal skje.

I fjor vår, sang me «God morgon, god morgon» som oppstartssang. Grunnen til at me valde denne sangen, var at minsten min ville ha den som godnattsang heime, så det var ein sang som passa for aldersgruppa eg hadde då, og at eg jobba med Gro, som kan teiknspråk. Ho lærte oss teikn til denne sangen.

No, med eit åringar, syng me God morgon alle saman, fordi den er enklare. Enkle, greie teikn har den òg. Me syng den kvar gong før me opnar boksen i samlinga.

Når eg opnar boksen, er det alltid marakassen som kjem først ut. Og den sender me rundt til kvar av ungane, mens me syng «Hei på deg» når dei ristar på marakassen.

Deretter er det litt forskjellig. Me pleier å synge «Røysekatt», «Vesle (og andre) Petter Edderkopp», «Tre små griser», lese litt anten i ei bok eller nokre lesekort som eg har, om følelsar.

Vesle Petter Edderkopp i selskap med ein frosk, to bamsar og ei mus med ei bjelle på, som for tiden fungerar som ein røysekatt.
Nærbilde av Edderkoppen. Den er svær og flott!!

Bilde av båten vår; alle samlingsboksar må ha ein båt. Me skal jo snart introdusere tre vers på Ro ro ro din båt og greier, då må me ha ein båt. Dessutan er det mange flotte båt-sangar.

Sangkort, som eg har laga sjølv, er alltid i boksen!

Avsluttinga er alltid ein ny navnesang (Hei på deg er den første). Då har me sunge anten «Pusekatt, kest laog du i natt» eller «Så fint at du kom». Eller «Tøffe tøffe toget» 😉 (Den brukar dei andre når eg har fri, men i dag hadde eg tjuvlånt Thomastoget til Minsten og lagt toget oppi boksen, så då kom Tøffe toget med i samlinga)

Det med bøker har eg sett har vore diskutert, om det går an å lese bøker i samling med små barn. Mi erfaring er at; Jepp, det funkar fint. MEN du må tilpasse deg tilhøyraren! Du velger ei lett bok med lite tekst, du leser boka VENDT mot ungane, litt dårleg lesestilling for deg, men det er LITE tekst, og du treng ikkje lese det orddrett. Du bør faktisk ikkje lese det ordrett, du må fortelje det, dramatisere det, leve det. Egentleg har du eit lite teater for ungane, viss du les ei bok med monoton stemme, er det ingen som gidd høyre på deg 😉

Korleis har du dine samlingar? Kva fungerer? Har du eit supertips du vil dele med oss andre?

-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.