Tre små griser – eit teater.

Som eg har sagt tidlegare, høyrde eg «Tre små griser» for første gong for 12-15 år sidan. Har alltid hugsa på at eg har den, men eg har aldri brukt den, i nokon som helst slags samanheng, før no i haust. Eg har tidlegare jobba med eldre barn, og brukt andre sangar. Eg har så mange favorittar.

Men no, med 11 eitåringar, har denne sangen virkeleg komme til sin rett. Du får ein heil historie på nokre få linjer. Og eg, som likar å bruke heile meg, dramatiserer sangen mens eg syng den.

Me startar med «Tre små griser, la lu la lu la lu», smiler og vuggar litt att og fram, og er liksom veldig glade.

Går vidare på «Dei sang på vegen, la lu la lu la lu», smiler endå meir, er endå meir glade, augene skinner og er vidopne.

Så skvetter me til når me syng «Såååå kom ulven, la lu la lu la lu». Og krøker oss saman når me syng «Grisane vart redde, la lu la lu la lu».

Når me syng «Kva trur du så dei gjorde, la lu la lu la lu» så undrar me oss litt, ser litt nysgjerrige ut.

Mens me godter oss og liksom skrattar av ulven når me syng «Dei sprang heim til mamma, ha ha ha ha ha ha»

Og når me syng den heime, seier minste guten min på tre år alltid; «Og so leste mammao atte døri» (Så låste mamma døra) For å få ein skikkeleg trygg og grei avsluttning på den litt skumle sangen… 😉

Det enkle er ofte det beste! Del gjerne bloggen med andre som kan lære noko av den, eller som kan lære meg noko. Og følg gjerne på Facebook.

I morgo skal eg på sjukehus og operere vekk nokre fuglar på augene, eller det eine iallefall, er veldig spent på resultat, og usikker på korleis det vert framover med 0-syn på eit auge og -4 på eit… Viss det kjem noko merkeleg frå denne kanten dei neste månadane, så veit de kvifor…!!

-Gudrun-

PS: Dette er det hundrede innlegget på bloggen, tykkjer bloggen fortjener gratulasjonar 😉

Én kommentar til “Tre små griser – eit teater.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.