Månedlige arkiver: september 2013

Korleis me fekk eit åringane til å digge sangsamling

Sangsamlingane våre er ganske like no i starten, slik at ungane skjønnar kva som skal skje.

I fjor vår, sang me «God morgon, god morgon» som oppstartssang. Grunnen til at me valde denne sangen, var at minsten min ville ha den som godnattsang heime, så det var ein sang som passa for aldersgruppa eg hadde då, og at eg jobba med Gro, som kan teiknspråk. Ho lærte oss teikn til denne sangen.

No, med eit åringar, syng me God morgon alle saman, fordi den er enklare. Enkle, greie teikn har den òg. Me syng den kvar gong før me opnar boksen i samlinga.

Når eg opnar boksen, er det alltid marakassen som kjem først ut. Og den sender me rundt til kvar av ungane, mens me syng «Hei på deg» når dei ristar på marakassen.

Deretter er det litt forskjellig. Me pleier å synge «Røysekatt», «Vesle (og andre) Petter Edderkopp», «Tre små griser», lese litt anten i ei bok eller nokre lesekort som eg har, om følelsar.

Vesle Petter Edderkopp i selskap med ein frosk, to bamsar og ei mus med ei bjelle på, som for tiden fungerar som ein røysekatt.
Nærbilde av Edderkoppen. Den er svær og flott!!

Bilde av båten vår; alle samlingsboksar må ha ein båt. Me skal jo snart introdusere tre vers på Ro ro ro din båt og greier, då må me ha ein båt. Dessutan er det mange flotte båt-sangar.

Sangkort, som eg har laga sjølv, er alltid i boksen!

Avsluttinga er alltid ein ny navnesang (Hei på deg er den første). Då har me sunge anten «Pusekatt, kest laog du i natt» eller «Så fint at du kom». Eller «Tøffe tøffe toget» 😉 (Den brukar dei andre når eg har fri, men i dag hadde eg tjuvlånt Thomastoget til Minsten og lagt toget oppi boksen, så då kom Tøffe toget med i samlinga)

Det med bøker har eg sett har vore diskutert, om det går an å lese bøker i samling med små barn. Mi erfaring er at; Jepp, det funkar fint. MEN du må tilpasse deg tilhøyraren! Du velger ei lett bok med lite tekst, du leser boka VENDT mot ungane, litt dårleg lesestilling for deg, men det er LITE tekst, og du treng ikkje lese det orddrett. Du bør faktisk ikkje lese det ordrett, du må fortelje det, dramatisere det, leve det. Egentleg har du eit lite teater for ungane, viss du les ei bok med monoton stemme, er det ingen som gidd høyre på deg 😉

Korleis har du dine samlingar? Kva fungerer? Har du eit supertips du vil dele med oss andre?

-Gudrun-

Så fint at du kom

Eg har lært ein ny navnesang. Trine, som eg jobbar med, har lært den frå vår tidlegare felles barnehage. Eg har prøvd å google den, men den dukkar ikkje opp i søket mitt, så då skriv eg den ned her, for at andre skal finne den. Den er så fin <3

Så fint
Så fint at du kom,
hei, hei, morn, morn, goddag.
Her sitter du,
her har me deg.
Hei på deg, Gudrun
Hei på deg, Gudrun.
Så fint at du kom,
så fint at du kom, kom, kom, kom, kom.
Me har jo, som før nemt, starta med sangsamling med eit åringane våre. Kvar haust syng eg mange navnesangar i samlinga, viser til postar i fjor haust. No i starten, syng eg alltid navnesangar med eit vers til kvar, slik at barnet får ei bekrefting spesielt på seg. Seinare syng me sangar med mange barn i samme vers.

Facebook er fine greier!! Her fekk eg greie på at denne er ein Forut sang, nærmare bestemt Indrani. Cd’en kostar berre 99,- og er velanvendt pengar! Alle Forut-cd’ane er fine <3

-Gudrun-

Ro ro ro din båt

Som eg skreiv på Facebook så har eg fått vite at det finst fleire vers på Ro, ro, ro din båt. Når eg ser versa, reknar eg med at det er nytildikta vers 😉 Ser føre meg at her er det ein barnehage som har vore kreative, men eg veit ikkje. Ver snill å sei frå viss du veit opphavet!!

Ro din båt
Ro, ro, ro din båt,
ta din åre fatt.
Vuggende, vuggende, vuggende, vuggende
over Kattegatt.
Gyng, gyng, gyng din båt,
nedover ein bekk.
Viss du ser ein krokodille,
skrik og jag den vekk.
Ro, ro, ro din båt,
snart er vi i land.
Viss du ser ei løve,
må du brøle alt du kan.
No er me godt i gang med sangsamling saman med 1 åringane. Skal skrive litt om korleis me gjer det i ein annan post. Men ein ting som iallefall er viktig for meg når me har samling; det skal vere moro og det skal fengje barna. Dei skal sitte og følgje med fordi dei vil det, ikkje fordi me har sett dei i ein stol. (Me sit alle på madrass på golvet, fritt til å reise oss opp og gå)
Her ser du bildet av den fine båten som bur i småbarnsboksen min. Båten fann eg i min mann sin konteiner. Verdens største forundringspakke. For alle som lurer på om det var fleire båtar, så nei, eg fann berre ein. Men det var veldig mange kinadokker 😉

Er det nokon som har ein idè til kva eg kan bruke dei til? Dei som kjem med ein god idè, får ei dokke i premie 😉

Eg har òg fått spørsmål om kor eg har funne edderkoppen min, den store som ligg midt på bildet her 😉

Den er det dotter mi som har kjøpt på ein eller annan ferietur. Viss du ser slangen bak edderkoppen, så er den òg hennar… Ho har kjøpt mange forskjellige krypdyr oppgjennom åra. Eg har ein draum om å sette i saman samlingskassar til andre, for eg er veldig glad i ting som kan brukast med ein gong, og som slepp å planleggast så veldig. Eg, og sjefen min, er samlarar, me samlar på alt mogeleg som me kan bruke i samlingsstunder. Då har me alltid eit eller anna klart. Hmmm, spørs om eg skal ta turen inn på alibaba (nettside med alt mogeleg krims) og planlegge kassar… 😉 To be continued 😉

Ønskjer du deg ein boks? Har du laga deg boks? Samlar du? Korleis brukar du boksen? (Eg har sikker ti… den første, som var samlingsboks ala hjarteboksen, ein rimboks, ein auditivboks, ein munnmotorisk boks…etc etc…)

No poppar ideane til nye postar opp..! Har du ønskjer for bloggpostar?

klem, Gudrun

Mitt nye dokketeater

Eg har fått dokketeateret mitt! Her står det på golvet, men det er meininga at det skal stå på eit bord. Det var med 8 fingerdokker òg. Og i tillegg har eg eit relativt breitt utval av finger- og handdokker, så dette skal verte bra!! Genial utforming! Og den grøne plata er tavle, som kan skrivast på, t.d. tittelen på teateret, og klokkeslettet for framsyninga.

Alle tre ungane, 3, 8 og 11, tykte det var kjempe moro! Og det samme tykte eg. Gledar meg til å dikte mange fine historiar, og lage fleire fingerdokker. Trur eg skal utnytte innspurten av 4H-prosjektet til 11 åringen. Viss eg får ho til å lage litt dokker til meg, så vert nok dette bra. Og det er jo vinn-vinn 😉

Kos deg i haustmørke kveldar, har du eit forslag til historiar? Eller idè til ei dokke? Let me know!! Takk <3 -Gudrun-

Vesle Petter Edderkopp

Jepp, takka vera Veronica, så har eg lært ein ny versjon av Vesle Petter Edderkopp, som vist nok er den opprinnelege? I allefall rimar den, og er meir «korrekt» enn den andre versjonen som berre brukar «Hatt» som rimeord.

Vesle Petter Edderkopp,
han klatra på min hatt.
Så begynte det å regne,
og Petter ned han datt.
Så kom sola og skinte på min venn,
då blei det liv i Edderkopp,
som klatra opp igjen.
Fin? Det tykkjer iallefall me, og no brukar me denne versjonen i barnehagen, og sjølvsagt med mange andre slags edderkoppar. Lærlingen vår, Annette, er veldig glad i å synge om Store Petter Edderkopp….
-Gudrun-

Eg har shoppa :D

Litt «feigt» å fortelje dette her, sidan eg har brukt nettverket mitt til å få tak i noko som er utseldt… Men iallefall; eg har kjøpt meg «Dokketeater» *hipp hurra* Det var tidlegare i kolleksjonen til www.sjarmtrollparty.no og ein av forhandlar kollegane mine hadde eit liggande, som eg fekk kjøpe! Hurra!!

Gledar meg til det kjem i posten og eg får teke det i bruk!!

Lovar fristande bilder 😉

-Gudrun-

(OBS; alle treleikene er på veg ut av kolleksjonen vår, dagens reklame-tips)

Å kosa seg på jobb

Me hadde personalmøte med innleigd inspirator forrige veke, og eg tenkte eg kunne skrive ned litt av tipsa ho kom med.

Ho starta med at det var viktig å vere

  • Stolt over seg sjølv, 
viss ikkje du sjølv er stolt, er det ingen andre som vert imponert heller.
  • Bruke det den enkelte er god på,
positivt for alle, viss du kosar deg, utstrålar du det.
  • Bruke ord som gjer at ungane vert interessert,
t.d. «No skal me på skattejakt» istaden for at me skal ned i lavvoen. Ser at skulen kan lære litt her 😉 Matte t.d. kan heite hjernetrim, skriving kan kallas hemmelege tegn, engelsk glosar kan heite super hemmelege ord…
  • Dei vaksne må vere med, på lik linje som ungane, t.d. utkledning, skigåing osv.
  • Vere glad og stolt over jobben sin.
  • Leve litt på sparket, «Den døde mus-pedagogikk», følgje ungane sitt initiativ. 
  • Og; Jobben vert det du gjer den til. Du har ansvaret sjølv, for å ha det kjekt på jobb.
  • Bruke humor, og ikkje ta seg sjølv så høgtidleg.
Så, kos deg på jobb! Be someone you like! (med kryss over with)
-Gudrun-

Prøvde ut den nye måten.. Ei oppskrift på ein superlett måte å lage sangkort på.

…for å lage sangkort;

Funka supert!

Dette er Olle Bolle og Grise Fise. Eg laga dei som sagt i word, la sida (Trykk på utskrift, velg der det står papirretning, velg liggande). Trykk på side oppsett, velg to spalter, skriv teksten på den eine spalta, legg til illustrasjon på den andre spalta (sett inn, velg utklipp og søk etter passande illustrasjon).
Skriv det ut, brett dobbelt, legg inni eit lamineringsark, køyr gjennom og del i to. (Lagar to sangkort pr lamineringsark)
Lett som ein plett, og veldig arbeidsbesparande! Lagar du dine eigne sangkort? Moro, sant?
-Gudrun-

Nye sangkort

Eg har laga nye sangkort, ved hjelp av word. Skreiv inn teksten, søkte etter passande illustrasjonar på «sett inn» og vidare til «Utklipp»

Så skreiv eg ut dei ut med ein fargeskrivar, klipte dei til A5 storleik og laminerte dei. Sangane som fekk vere med var Vesle Petter Edderkopp, Bringebærslått, Hei på deg og Tre små griser. Neste gong skal eg gjere det endå enklare. Eg bruker liggande papirretning og to kolloner på skrifta, og tek tekst på eine sida (kollona) og illustrasjon på andre, skriv ut, brettar og laminerer. I staden for slik eg gjorde denne gongen, der eg klipte og la på eit anna ark. Ein lærer så lenge ein lever. Lenge leve effektivisering!

Eg fekk lamineringsmaskin hjå mamma og pappa til jul eit år, trur den var kjøpt på Europris, lamineringsarka kjøper eg òg på Europris, meiner dei kostar 1,50 pr ark. Til mitt bruk treng det ikkje vere så veldig fancy, men det er veldig flott å ha det her heime, klar til bruk, når eg vil.

Reknar med det vert mange, flotte sangkort utover dette barnehageåret òg <3 Korleis er det hjå deg? Lagar du sangkort? Trur jammen eg må lage oss nokre sangkort til å ha heime òg. Minstemann på 3 år har fått ein ny favorittsang; "Gå i jungelen" Har sunge den omtreng kvar dag i barnehagen heile året, men han høyrde den for første gong i vår... Har nokre barnehagesangar og nokre heimesangar. Er det slik hjå deg òg? -Gudrun-

Småbarns boks

No har det gått 2 veker sidan barnehageoppstarten, og det er på tide å innføre sangstund til verdens skjønnaste eit åringar. Og, sjølv om eg allerede har ein (HAHHA; prøv snart 10) boks, så må eg nesten ha ein ny samlingsboks til eitåringane mine.

Hjarteboksen skal få vere med inn på besøk til dei store treåringane som eg hadde i fjor, me må inn til dei å synge litt òg.

No skal du få vere med på reisa det er å lage ein boks. Eg har juksa litt, og funne meg ein ferdig boks. Eg er egentleg stor tilhengar av skoøskje-boksar, for dei er flotte å bruke. Men no har eg fått tak i nokre boksar som er ferdige og fine, utan at eg må gjere noko meir. Så då vert det ein slik boks. Her er bilde av loket, som er av gull <3

Boksen har fine gullstriper på sidene. Som eg skreiv på Facebook sida mi, så såg eg boksar på Søstrene Grene, viss du ikkje vil ta jobben med skoøskje. Og med tanke på prisane det er i den butikken, reknar eg med at det ikkje kosta stort.

Her skal det fyllast inn mykje spennande. Eg veit iallefall at det skal komme oppi ein gris. For eg har tenkt å innføre «Tre små griser» sangen. Eg søkte litt på nettet i går, og fann melodien på youtube. Og edderkoppen får nok, sjølvsagt, fast plass. Eg har funne meg ein liten båt, som skal oppi, og har nokre små venner som allerede ligg og ventar på morgodagen:

Den vesle musa har ei bjølle, som eg ser føre meg vert spennande for dei små.

I tillegg til «Tre små grise», så har me òg ein månadssang me skal bruke litt tid på. Det er «Bringebær-slått». Det er ein «ny» sang for meg, eg kan den, men har aldri brukt den i barnehagen før. Men det er ein passande sang no om hausten, dei andre ungane i barnehagen har plukka masse ville bringebær no i haust. <3

Bringebærslått
Bringebær er gøtt, sann,
rødt og surt og søtt, sann.
Kom skal vi synge ein bærplukkarslått.
Plukke, plukke bær, sann,
laga god dessert, sann.
Skrape av skåla med sleikepott.
Tralla lala la…
Eg kjem attende med fortsettelse av boks-posten. Med bilder av innhald og kvifor det har fått plass. 😉 Har du boks i din barnehage? Kva har du i boksen din? Kor gamle er barna dine? Del med meg i kommentarfeltet eller på Facebook. Post gjerne bilder på Facebooksida! 
Gledar meg til sangstund i morgo, 
klem,
-Gudrun-