Nye sangkort

Eg har laga nye sangkort, ved hjelp av word. Skreiv inn teksten, søkte etter passande illustrasjonar på «sett inn» og vidare til «Utklipp»

Så skreiv eg ut dei ut med ein fargeskrivar, klipte dei til A5 storleik og laminerte dei. Sangane som fekk vere med var Vesle Petter Edderkopp, Bringebærslått, Hei på deg og Tre små griser. Neste gong skal eg gjere det endå enklare. Eg bruker liggande papirretning og to kolloner på skrifta, og tek tekst på eine sida (kollona) og illustrasjon på andre, skriv ut, brettar og laminerer. I staden for slik eg gjorde denne gongen, der eg klipte og la på eit anna ark. Ein lærer så lenge ein lever. Lenge leve effektivisering!

Eg fekk lamineringsmaskin hjå mamma og pappa til jul eit år, trur den var kjøpt på Europris, lamineringsarka kjøper eg òg på Europris, meiner dei kostar 1,50 pr ark. Til mitt bruk treng det ikkje vere så veldig fancy, men det er veldig flott å ha det her heime, klar til bruk, når eg vil.

Reknar med det vert mange, flotte sangkort utover dette barnehageåret òg <3 Korleis er det hjå deg? Lagar du sangkort? Trur jammen eg må lage oss nokre sangkort til å ha heime òg. Minstemann på 3 år har fått ein ny favorittsang; "Gå i jungelen" Har sunge den omtreng kvar dag i barnehagen heile året, men han høyrde den for første gong i vår... Har nokre barnehagesangar og nokre heimesangar. Er det slik hjå deg òg? -Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.