Småbarns boks

No har det gått 2 veker sidan barnehageoppstarten, og det er på tide å innføre sangstund til verdens skjønnaste eit åringar. Og, sjølv om eg allerede har ein (HAHHA; prøv snart 10) boks, så må eg nesten ha ein ny samlingsboks til eitåringane mine.

Hjarteboksen skal få vere med inn på besøk til dei store treåringane som eg hadde i fjor, me må inn til dei å synge litt òg.

No skal du få vere med på reisa det er å lage ein boks. Eg har juksa litt, og funne meg ein ferdig boks. Eg er egentleg stor tilhengar av skoøskje-boksar, for dei er flotte å bruke. Men no har eg fått tak i nokre boksar som er ferdige og fine, utan at eg må gjere noko meir. Så då vert det ein slik boks. Her er bilde av loket, som er av gull <3

Boksen har fine gullstriper på sidene. Som eg skreiv på Facebook sida mi, så såg eg boksar på Søstrene Grene, viss du ikkje vil ta jobben med skoøskje. Og med tanke på prisane det er i den butikken, reknar eg med at det ikkje kosta stort.

Her skal det fyllast inn mykje spennande. Eg veit iallefall at det skal komme oppi ein gris. For eg har tenkt å innføre «Tre små griser» sangen. Eg søkte litt på nettet i går, og fann melodien på youtube. Og edderkoppen får nok, sjølvsagt, fast plass. Eg har funne meg ein liten båt, som skal oppi, og har nokre små venner som allerede ligg og ventar på morgodagen:

Den vesle musa har ei bjølle, som eg ser føre meg vert spennande for dei små.

I tillegg til «Tre små grise», så har me òg ein månadssang me skal bruke litt tid på. Det er «Bringebær-slått». Det er ein «ny» sang for meg, eg kan den, men har aldri brukt den i barnehagen før. Men det er ein passande sang no om hausten, dei andre ungane i barnehagen har plukka masse ville bringebær no i haust. <3

Bringebærslått
Bringebær er gøtt, sann,
rødt og surt og søtt, sann.
Kom skal vi synge ein bærplukkarslått.
Plukke, plukke bær, sann,
laga god dessert, sann.
Skrape av skåla med sleikepott.
Tralla lala la…
Eg kjem attende med fortsettelse av boks-posten. Med bilder av innhald og kvifor det har fått plass. 😉 Har du boks i din barnehage? Kva har du i boksen din? Kor gamle er barna dine? Del med meg i kommentarfeltet eller på Facebook. Post gjerne bilder på Facebooksida! 
Gledar meg til sangstund i morgo, 
klem,
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.