Honk Honk


Eg har vore på ferie, turnert rundt på Vestlandet, med ein snartur til London og Diggerland i Kent. Utruleg morsom familiepark, som fengja heile familien! Ikkje var det så dyr tur heller, flaug og budde billig. Været var som på Vestlandet, veldig varierande, så det var ikkje så veldig mange i parken den dagen me var der. Bra for oss, for me fekk prøve alle attraksjonane med bortimot null ventetid. Eg kjem ikkje på nokon gravemaskinsang på ståande fot, men eg deler den ultimate bilsangen i dag. Alle ungar elskar denne sangen, og eg har lært den på Armeen, på Knøttekoret 🙂 Det er ein bevegelsessang, som gjer den enkel å lære, dessutan er det 5 vers, men alle versa er like 😉
Honk honk

Eg er eit lite stykkje tinn, («lite» tegn med fingrane)
ingen veit kor eg skal inn (riste på hovudet)
Har fire hjul og køyrer fort (lage sirklar med begge hender)
Eg er ein Ford, ein Ford Escort. («bukseselar»)
Honk honk («kylling»)
rasle rasle rasle («motor»)
kresj (slå mot panna)
tutt-tutt (nasen)
x 3
Honk honk 
honk honk honk.
Synge fortare og fortare gjennom alle 5 gira.
Nokon som kan ein gravemaskinsang? (Kanskje eg skal google «Store maskiner, vi kan…») Del den gjerne i kommentarfeltet <3
-Gudrun-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *