Månedlige arkiver: september 2018

Han va lei seg!

Eg las bok i samlingsstunda i dag. 10 ungar som fyller to år frå juni til desember sat med lys i augene og høyrde på boka om «Storemonster gret ikkje». Kjempe moro!

Me har lese masse bøker i leiketiden, men det var første gong eg prøvde å lese bok i samlingsstunda saman med denne gruppa. Eg valgte ei av mine favoritt bøker.

7 bøker til to åringen

Ungane vart kjempe engasjerte, og gjentok; Han va lei seg! Storemonster va lei seg.

Eg er av den oppfatting at du KAN lese bok i samlingsstunda med full gruppe, VISS du gjer det rett. Her får du mine sju tips til spennande lesing. Du må vere litt skodespelar og bruke stemma di for det den er verdt. Tilbake får du stjerner i augene og glede frå ungane!

Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster er fine bøker der ungane får sjå saka får fleire sider. Dei to første i serien, «Nei! sa Veslemonster» og «Storemonster gret ikkje» let oss følgje dei to monstera i kvar si bok. Bøkene handlar litt om det samme, men me får sjå det frå begge si side. Veldig lærerike, sikkert mange vaksne som kunne lært litt om andre sin ståstad av å lese desse….

Ha alltid med deg litt konkretar i samlingsboksen din. Viss du har ein boks med ting du likar, nokre handdokker og elles anna som kan knyttast til sangar og eventyr, slepp du gå tom for idear. I min boks er det sjølvsagt, handdokker av Mikkel Rev, Bamse Brakar og Sjiraffen Laffen (Larven har eigen boks) og dei tre små grisane-fingerdokkene frå nettbutikken

I tillegg har eg for tida, ei handdokke av ein sau og ei av ein krokodille. Eg har handdokker av ekkorn, apekatt, løve og tiger òg, men dei er ikkje i boksen no. Handdokker er eit fantastisk verktøy i samlingsboksen din.

Eg har ein leikebil, ein slange, mange edderkoppar med mykje, mykje meir. Det er aldri ei samlingsstund som er lik, nett slik både eg og ungane likar det.

Facebook

Sjå her for facebook-sida til samlingsboksen og her for facebook-gruppa mi. Gruppa er lukka, og der legg eg av og til ut videoar som eg ikkje postar på den opne sida.

 

Klem

Gudrun

 

 

 

 

Sju av mine favorittsongar

Vel vel, her i Indre Sogn jobbar me i fagnettverk. Nettverket mitt er Kunst, kultur og kreativitet. I dag fekk eg innkalling til nettverksmøte og der står som følgjer; Kvar kommune skal sende inn tre songar/songleikar til nettverksansvarleg.

Jammen, eg har jo ei liste av omlag 734 favorittsongar. Og eg skal velgje tre? Saman med resten av dei som er i nettverket mitt frå Sogndal? Kva gir du meg? Då er det jammen godt at eg har bloggen min! Eg skal vere flink å kutte det ned til mine 7 favorittar. Eller rettare sagt; sju av mine favorittar.

1. Gå ein tur i jungelen/Walking in the jungle

1v:
Gå ein tur i jungelen – Gå ein tur i jungelen.
Kva ser du der? – Kva ser du der?
Viss du høyrer lydar – Viss du høyrer lydar,
kva kan det ver’? – kva kan det ver’?

Eg trur det er ein slange – ssssss
Eg trur det er ein slange – ssssss
Eg trur det er ein slange – ssssss

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.

2v:
Gå ein tur i jungelen osv….

Eg trur det er ein krokodille – klapp – klapp
Eg trur det er ein krokodille – klapp – klapp
Eg trur det er ein krokodille – klapp -klapp

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.

3v:
Gå ein tur i jungelen osv…

Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr
Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr
Eg trur det er ein tiger – grrrr grrrr

som ser etter litt mat – som ser etter litt mat.
Eg håpa’kje det vert meg – Eg håpa’kje det vert meg.

Denne songen har eigne konkretar i samlingsboksen min. Eg lærte den i utgangspunktet på engelsk, og eg brukar den ein del på engelsk dersom eg har ungar som er tospråklege med engelsk som det andre språket. Det er ekstra stas for dei at me syng engelsk, og stor stas for alle ungane at me syng ein song dei kan på engelsk. Det er bevegelsar til heile songen, og ein smart måte å hjelpe ungane til å hugse tekst, er å gjere bevegelsen litt før orda kjem.

Denne songen lærte eg på barnehagekonferansen i Loen seint på 90-talet.

2. Sjiraffen Laffen

Sjiraffen Laffen
gir alltid blaffen
i om det er fløyte nok i kaffen.

Sjiraffen Laffen
sa sist eg traff’en
KARAFFEL VAFF

Tjo og hei på deg, gamle venn
tiddeli tuddeli smått om senn.
Rumba – samba og så ein vals
høyr no eg synger av full hals.

Barappardapppa… (improvisasjon)

Det var jo nettopp på grunn av denne songen at handdokka fann vegen til Lauvhaug. Dette er ein av mine signatursongar, det er denne barnehageungane mine hugsar 20 år etter. Den er kjempe fin å danse etter! Og den setter seg lett på hjernen.

Dette er ein av mange songar som musikklæraren min på lærarskulen lærte meg. Takk til Kirsti Ese, som òg har gitt ut ei flott songbok der mange av mine favorittar finst.

3. Ford Escort

Eg er eit lite stykkje tinn
ingen veit kor eg skal inn.
Har fire hjul og køyrer fort,
eg er ein Ford, ja ein Ford Escort.

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk
rasle – rasle – rasle
kresj – tut – tut

Honk – honk – honk – honk – honk

Bevegelsessong igjen. Konkreten til denne er ein heilt alminneleg leikebil. Denne startar i første gir, då går det rimeleg sakte. Og så aukar tempoet etterkvart som me kjem opp i høgare og høgare gir.

Denne songen har eg lært på Knøttekor på Frelsesarmeen.

4.. Tre små griser

Tre små griser – lalu lalu lalu

Dei sang på vegen – lalu lalu lalu

Så kom ulven – lalu lalu lalu

Grisane blei redde – lalu lalu lalu

Kva trur du så dei gjorde – lalu lalu lalu

Dei sprang heim til mamma – haha haha haha

 

Dette er ein ultimat småbarnssong. Eg lærte den av Elisabeth, som var musikklærar på Høgskulen og hadde kurs på barnehagekonferansen seint på 90-talet. Eg dramatiserer denne songen med fingerdokkene. Ungane diggar den, og to åringane syng på den i leiken.

Her er filmen om Tre små griser

5. Kamelen Klara

Ein tiger er for diger,
og ein flodhest er for brei.
Ei mus er for lita,
og ei løve er’kje grei.
Vi har ikkje nok vatn til å kjøpe ein sel,
då veit eg kva vi gjer!
Kva då?
Jo vi kjøper ein kamel.

Så set vi oss og rir på kamelen Klara,
og snart så er vi ved midt i Sahara.
Oh – lakka – lakka – lakka.
Oh – lakka – lakka – lakka.
Jadda – jadda – jadda – jadda.

 

Denne songen er det fleire versjonar av, og eg likar sjølvsagt min versjon best. Det er ikkje min versjon då akkurat, men den versjonen som eg lærte først. Bevegelsessong dette òg.

Lært frå ein vikar som var innom avdelinga mi rundt årtusenskiftet.

6. Oh libala

Oh libala – oh oh
Oh libala – naka songo je je.

Gudrun indie – Karsten indie – Julie indie
naka songo je je.

Dette er ein navnesong frå Zaire. Eg veit ikkje kva det betyr, og veit heller ikkje om songen faktisk er frå Zaire. MEN eg veit at den er veldig fengjande og har fine trommerytmer. Den har eit andre vers, med Oh libala – oh mutema, der mutema er den einaste forskjellen frå første verset. Eg likar egentleg andre verset best, men kutta det ut for nokre år sidan og brukar berre første verset no. Eg trommar rytmen  på låra.

Eg lærte den frå ein vikar med rastafletter for snart 20 år sidan.

7. Apekatten Bongo Bongo

Apekatten Bongo – Bongo,
veit du kva han kan?
Han kan klatre Bongo – Bongo,
heilt til topps han kan.

Apekatten Bongo – Bongo
sitter i eit tre.
Når han ristar Bongo – Bongo,
faller nøtter ned.

aaaauuuu!

Dette er den nyaste av favorittane mine. Lærte den frå ein student som var innom på avdelinga for nokre år sidan. (Takk Lena) Denne er det òg bevegelsar til.

 

Eg har mange fleire favorittsongar. Dei kjem kanskje i eit (eller fleire) anna innlegg. Som du ser, er eg veldig glad i bevegelsessongar – og det er ungane òg.

Eg lagar gjerne video med melodi og bevegelsar dersom det er nokon som ønskjer det. Skriv i tilfelle ein kommentar i kommentarfeltet.

Edit; Har lagt ved to filmar. Det kjem fleire, men for å få med alle, gå inn på Facebook-gruppa.

Klem,

Gudrun.

7 bøker til to åringen

Eit spørsmål som ofte dukkar opp på diverse barnehageforum, er «Har du forslag til bøker som passar til…?»

Etter 21 år som barnehagelærar og mange år på toårsgruppe, skal du no få mine favorittbøker til nettopp toåringen.

1. Lille Larven Aldrimett

Lille Larven Aldrimett. Det er nok ikkje nokon overrasking at dette er ei av mine favorittar. Eg har laga meg ein eigen Larve-samlingsboks til dialogisk lesing av nettopp denne boka. Oppi samlingsboksen har eg konkretar, både treleiker og mat klippa ut i papp. Handdokke, sommarfugl og sommarfuglvinger. Det fine med denne boka, er at den rommar so mykje. Du får inn ernæring, utvikling, tal… osv. Det dukkar opp nye element etterkvart som du bruker boka. Eric Carle har òg fleire andre bøker som passar godt til 2 åringane.

(Den lille larven Aldrimett – Eric Carle)
  2

2. Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster. Dette er ein serie bøker om to monster, i kvar bok føl me det eine monsteret. Dei to første i serien var «Storemonster gret ikkje» og «Nei! sa Veslemonster» Etter desse har det komme fleire andre. Det eg likar med desse bøkene er at me får sjå historiar frå fleire perspektiv. Veslemonster er lei av at Storemonster bestemmer og får Veslemonster med på ting han ikkje vil, men han torer ikkje seie noko, før det plutseleg smeller og han brøler NEI! Og Storemonster kjempar med tårene, fordi Veslemonster får til alt som ikkje Storemonster greier. Men Storemonster gret ikkje. Heilt til Veslemonster ler av pappaen hans. Bøkene byggjer seg opp med ei konflikt, men dei to vert alltid venner tilslutt. Me får òg vere med på ein kjempe krangel i Monsterbråk og treffer sjuke monster i Monsterpest. Og det vert skikkeleg skummelt i Monster i mørket.

(Nei sa veslemonster – Kalle Güettler m.fl.)

3. Besj på hovudet

«Den lille muldvarpen som ville vite». Denne handlar om den vesle moldvarpen som fekk ein besj på hovudet sitt og starta med å jakte på gjerningsdyret. Han treffer mange dyr med forskjelleg besj, før han endeleg finn syndaren og får legge igjen ein besj på hovudet hans. Kjempe moro med tabu.

(Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans – Werner Holzwarth)

4. Monster i Dunderly

Dunderly. Me har ein bokkasse med tre bøker om Moi og dei andre monstera i Dunderly. Moi om morgonen. Moi om kvelden. Moi blir borte bø. Skikkeleg favorittbøker for 2 åringar! Moi prøver på mange stunt, blant anna nektar ho å leggje seg om kvelden. Men det vert skikkeleg skummelt åleine, ein gong ikkje superhelt-drakta virkar.

(t.d. Moi om morgenen – Endre Lund Eriksen)

5. Pål-bøkene

Pål-bøkene. Desse små bøkene med superenkel tekst, er perfekte på småbarnsavdeling. Me får vere med Pål på forskjellege krumspring, t.d. så kranglar han om ein bil i Påls bil. Historiane er lett gjenkjennelege for dei små, og språket er enkelt, som ein toårings språk. Dette er bøker som fengjer to åringen.

(t.d. Påls bamse – Barbro Lindgren og Eva Eriksson)

6. Kai-bøkene

Kai-bøkene. Liknar litt på Pål bøkene. Eg har ikkje brukt desse sjølv, men har fått vere med på samlingsstunder der ein medarbeidar har lest/dramatisert desse. Kjempe moro! Og veldig fengjande. Me får i den eine boka vere med på å finne ut korleis Kai skal få tak i eit eple som heng høgt oppe.

(t.d. Kai sier hei – Mats Leten)

7. Vrimlebøkene

Vrimlebøkene. Dette er bøker som veks med ungen, og med den som leser. Det er ikkje tekst i dei, men store innhaldsrike bilder frå ein by. Kvar bok startar på samme plass og inneheld ei mengd historiar som kjem etter kvart som du vert kjent med bøkene. Eg har brukt vinter, vår, sommar og haust Vrimlebøkene, men det er komme endå fleire i serien. I boka så forflyttar me oss i byen, saman med menneska og dyra, og me endar opp på samme plass. I årstid Vrimlebøkene følgjer me byen eit heilt år og får sjå endringane. Me ser blant anna at ein barnehage vert til.

(t.d Vinter-vrimlebok – Rotraut Susanne Berner)

 

Sjå her for mine tips til korleis lese bøker litt meir spennande.

Sju steg til spennande lesing

 

Klem

Gudrun

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev
Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Moro med 20 to-tre åringar

Eg er tilbake med mine kjære to åringar, dei siste 6 åra har eg jobba eit år med eitt åringar og eit år med tre åringar, mens eg har starta på det 5. året med to åringen. Ein finurleg og artig alder.

På tysdag hadde me besøk av ein annan avdeling, ei avdeling med to og tre åringar. 20-25 to-tre åringar var mykje liv og hoi, skal eg seie deg, heilt til me hadde samling.

Eg hadde ikkje planlagt samling, men eg elskar samlingsstund, elskar stjernene i augene, elskar å underhalde desse små, artige menneska. Og me trengde eit sceneskifte. Så samling vart det.

Boksen.

Eg har alltid med meg boksen. Eg kan aldri gå til samling utan samlingsboksen.

Eg hadde med meg ein hjelpesmann, ein liten herremann på to år, som talde til tre kvar gong eg ba han om det. Eg veddar mykje på at eg ikkje hadde fått med meg så mange vaksne til å telje til tre framfor 25 likesinna. Det er artig med dagens unge, dei er vant til å stå framfor andre heilt frå dei er to år som min venn, mens dei snakkar. Kven hugsar vel ikkje med gru særoppgåva? Kvidde seg i fleire veker, for ikkje å snakke om år, heilt frå ein fekk høyre om denne skremmande opplevinga som skulle komme i 9. klasse. Dagens unge har føredrag i hytt og pine, ikkje stressar dei nevneverdig over det heller.

Denne unge mannen har gått i barnehagen vår i snart tre veker og har hatt sin debut framfor alle dei andre.

Tilbake til boksen. Å ha med seg noko inn i samling, er alfa omega. Det er ikkje alltid så mykje som skal til før det vert meir spennande.

Innhaldet

Eg har sjølvsagt mykje kjekt oppi boksen min, konkretar som kan knytast til ein sang, eller vere skodespelarar i eit eventyr, eller brukast til Kims leik osv.

Sjølvsagt er handdokkene frå nettbutikken med. Mikkel Rev fekk komme opp, og me sang «Mikkel Rev» for full hals, før me gjekk over til Hakkebakkeskogen og «Mikkels vise». Og Hakkebakkeskogen hadde to-tre åringane treft på tidlegare, så me fekk repitert opningsscena, og sang «So ro lillemann» før Mikkel måtte oppatt i boksen.

Bamse Brakar dukkar òg ofte opp frå boksen, og då kjem som oftast Bjørnen sover som sangforslag. Me har òg brukt Bamse som konkret i Hakkebakkeskogen, som Bamsefar og Brumlemann. Denne gongen dukka ikkje bjørnen opp av boksen, men me kjem nok til å prøve oss på dette opplegget om sosial kompetanse med Mikkel og Bamse litt seinare i år.

Bamse Brakar og Mikkel Rev i barnehagen.

Sjiraffen Laffen er òg ein fyr som «alltid» dukkar opp av boksen, fordi ungane elskar den sangen. Sjiraffen Laffen, som eg lærte på Høgskulen i Sogn og Fjordane då eg gjekk i 1. klasse på førskulelærarutdanninga i 1994-95, er ein av mine signatursangar. Det er sangen som ei av dei første barnehage-jentene mine nemner; «Eg hugsar Sjiraffen Laffen», sjølv om ho no er over 20 år og utdanna barnehagelærar sjølv.

Elles har eg handdokke av sau og krokodille (kjøpt i anna butikk), edderkoppar i lange baner. Me held oss mest til «Pitte vesle edderkopp» og «Store petter edderkopp» endå, men den sinte og den morosame dukkar nok snart opp dei òg, berre me vert trygge nok.

Mitt tips til deg er å bruke sangar som du likar, bruke masse bevegelsar, bruke blikket, bruke mimikk, og SMILE!

 

Kos deg – nyt samlingsstunda <3 Ha da moro!

 

Klem

  • Gudrun