7 bøker til to åringen

Eit spørsmål som ofte dukkar opp på diverse barnehageforum, er «Har du forslag til bøker som passar til…?»

Etter 21 år som barnehagelærar og mange år på toårsgruppe, skal du no få mine favorittbøker til nettopp toåringen.

1. Lille Larven Aldrimett

Lille Larven Aldrimett. Det er nok ikkje nokon overrasking at dette er ei av mine favorittar. Eg har laga meg ein eigen Larve-samlingsboks til dialogisk lesing av nettopp denne boka. Oppi samlingsboksen har eg konkretar, både treleiker og mat klippa ut i papp. Handdokke, sommarfugl og sommarfuglvinger. Det fine med denne boka, er at den rommar so mykje. Du får inn ernæring, utvikling, tal… osv. Det dukkar opp nye element etterkvart som du bruker boka. Eric Carle har òg fleire andre bøker som passar godt til 2 åringane.

(Den lille larven Aldrimett – Eric Carle)
  2

2. Storemonster og Veslemonster

Storemonster og Veslemonster. Dette er ein serie bøker om to monster, i kvar bok føl me det eine monsteret. Dei to første i serien var «Storemonster gret ikkje» og «Nei! sa Veslemonster» Etter desse har det komme fleire andre. Det eg likar med desse bøkene er at me får sjå historiar frå fleire perspektiv. Veslemonster er lei av at Storemonster bestemmer og får Veslemonster med på ting han ikkje vil, men han torer ikkje seie noko, før det plutseleg smeller og han brøler NEI! Og Storemonster kjempar med tårene, fordi Veslemonster får til alt som ikkje Storemonster greier. Men Storemonster gret ikkje. Heilt til Veslemonster ler av pappaen hans. Bøkene byggjer seg opp med ei konflikt, men dei to vert alltid venner tilslutt. Me får òg vere med på ein kjempe krangel i Monsterbråk og treffer sjuke monster i Monsterpest. Og det vert skikkeleg skummelt i Monster i mørket.

(Nei sa veslemonster – Kalle Güettler m.fl.)

3. Besj på hovudet

«Den lille muldvarpen som ville vite». Denne handlar om den vesle moldvarpen som fekk ein besj på hovudet sitt og starta med å jakte på gjerningsdyret. Han treffer mange dyr med forskjelleg besj, før han endeleg finn syndaren og får legge igjen ein besj på hovudet hans. Kjempe moro med tabu.

(Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans – Werner Holzwarth)

4. Monster i Dunderly

Dunderly. Me har ein bokkasse med tre bøker om Moi og dei andre monstera i Dunderly. Moi om morgonen. Moi om kvelden. Moi blir borte bø. Skikkeleg favorittbøker for 2 åringar! Moi prøver på mange stunt, blant anna nektar ho å leggje seg om kvelden. Men det vert skikkeleg skummelt åleine, ein gong ikkje superhelt-drakta virkar.

(t.d. Moi om morgenen – Endre Lund Eriksen)

5. Pål-bøkene

Pål-bøkene. Desse små bøkene med superenkel tekst, er perfekte på småbarnsavdeling. Me får vere med Pål på forskjellege krumspring, t.d. så kranglar han om ein bil i Påls bil. Historiane er lett gjenkjennelege for dei små, og språket er enkelt, som ein toårings språk. Dette er bøker som fengjer to åringen.

(t.d. Påls bamse – Barbro Lindgren og Eva Eriksson)

6. Kai-bøkene

Kai-bøkene. Liknar litt på Pål bøkene. Eg har ikkje brukt desse sjølv, men har fått vere med på samlingsstunder der ein medarbeidar har lest/dramatisert desse. Kjempe moro! Og veldig fengjande. Me får i den eine boka vere med på å finne ut korleis Kai skal få tak i eit eple som heng høgt oppe.

(t.d. Kai sier hei – Mats Leten)

7. Vrimlebøkene

Vrimlebøkene. Dette er bøker som veks med ungen, og med den som leser. Det er ikkje tekst i dei, men store innhaldsrike bilder frå ein by. Kvar bok startar på samme plass og inneheld ei mengd historiar som kjem etter kvart som du vert kjent med bøkene. Eg har brukt vinter, vår, sommar og haust Vrimlebøkene, men det er komme endå fleire i serien. I boka så forflyttar me oss i byen, saman med menneska og dyra, og me endar opp på samme plass. I årstid Vrimlebøkene følgjer me byen eit heilt år og får sjå endringane. Me ser blant anna at ein barnehage vert til.

(t.d Vinter-vrimlebok – Rotraut Susanne Berner)

 

Sjå her for mine tips til korleis lese bøker litt meir spennande.

Sju steg til spennande lesing

 

Klem

Gudrun

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev
Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.