Månedlige arkiver: juli 2014

Dumb ways to die

Ungane kjøpte seg iPad før ferien, og ein hit i sommarvarmen har vore eit spel som heiter Dumb ways to die. Eg kjenner spelet kun ved kjenningsmelodien, og kan ikkje uttale meg om kva det går ut på. Men det handlar iallefall om dumme måtar å dø på, reknar eg med.

Dumme måtar å leve på

Kjenningsmelodien på spelet, som eg har høyrt både frå baksetet og inne i campingvogna, får meg til å tenkje på dumme måtar å leve på. (Ja, det er ein svært irriterande song!! ;))

Eg og nokre venninner starta ein boksirkel tidlegare i år, der me les bøker me kan lære noko av. Den første me las, var var «Bli best med mental trening» av Erik Bertrand Larssen. Så du skjønnar sjangeren.

samlingsboksen_bok

No les me Dale Carnegie si bok «Lev livet uten bekymringer», ei bok han gav ut første gong i 1944. Den norske oversettinga er frå 2010, så det er ikkje berre me som les gamle bøker.

Dette er den dagen da jeg vil vere lett å ha med å gjøre. Jeg vil ta meg så godt ut som jeg kan, kle meg skikkelig, snakke lavt, handle høflig, gi rikelig med ros, ikke kritisere noen, ikke finne feil hos noen, ikke søke å rette eller dirigere noen. (s 145)

Boka handlar om å kvitte seg med unødvendige bekymringar, og leve livet på den beste måten uansett kva som hender. Det er aldri for seint å begynne på nytt. Og uansett, så er bekymringar berre eit energisluk som ikkje tjener deg i det heile teke.

Eg treng å lese slikt! Og er trur slett ikkje eg er åleine om å ha unødvendige bekymringar! Til dømes før kvar einaste legetime, trur eg at eg er kjempe sjuk. EG! Eg har knapt hatt feber i vaksen alder og veit ikkje kva influensa er. Og viss gubben er for sein heim frå jobb (noko han har vore kvar einaste dag i snart 20 år), trur eg at han har krasja bilen og er kjempe skada, eller død.

Krasja bilen trur forresten han at eg gjer kvar dag òg. Høyr no her, for 12 år sidan var eg høggravid (veke 36) og førstegongsfødande. Eg var ikkje heime då vatnet gjekk, eg ringer heim til gubben, og hue-gaular i telefonen, sjølvsagt. Og kva spør han meg om; «Har du krasja bilen?» Jepp, bil er det einaste mannfolk bekymrar seg for, heldige som dei er!

Her i vår fekk eg vont i ryggen. Eg gjekk som vanleg inn på Google og søkte «Vont i halebeinet». Og der  dukkar «og kreft» opp som alternativ før eg har tenkt tanken. Så det viser vel at det slett ikkje er berre meg som bekymrar meg i tide og utide? Sidan det er er eit so vanleg søkeord at Google føresler det, meiner eg.

Greit nok at fæle ting kan skje, eg seier ikkje at det er ingen som får kreft, eller at ingen krasjar i trafikken. Men det er mykje sant i uttrykket; «Livet mitt har vore fyllt av tragiske hendingar. Dei aller fleste av dei har ikkje skjedd!»

Og det hjelper meg ikkje å takle fæle ting bedre om eg har bekymra meg aldri så mykje på førehand. Ein er aldri førebudd uansett.

Førebur meg på det verste, då vert eg ikkje så skuffa

Det er dei som trur dei får det bedre med å førebu seg på det verste, for då vert ikkje fallhøgda så stor. Men eg trur ikkje det. Eg ville ikkje fått det bedre viss eg forventa det verste heile tida, då ville eg jo fått det fælt alltid.  Mottoet mitt er; «Eg har det mykje bedre mens eg ventar, viss eg håpar på det beste.»

Viss du førebur deg på at det skal gå bra, sparer du deg for bekymringane i ventetida, om det er ei ventetid du veit om, eller ei ventetid du ikkje er klar over. Då kan du heller ta slaget når det kjem, då har du iallefall ikkje kasta vekk verdifull tid i førekant. Og viss det går bra då, tenk så bortkasta bekymringane har vore!

Vær positivt innstilt og gjør det du skal med godt humør, og du vil føle deg glad.
Dale Carnegie

Dette flotte motivet fann eg i nærområdet mitt, det er enkelt å la seg bryte ned, men du er like vakker uansett.

ikkje la deg knekkeHa ein fortsatt fin sommar. Likar du bloggen, så del den med fleire <3

Klem,
-Gudrun-

 

And the winner is…

Trekningen av Sjiraffen Laffen er gjort, og berre slik at de veit det, det var heilt rettferdig, heilt tilfeldig og alle hadde akkurat like stor sjanse til å vinne.

Eg og sjiraffen smiler søtt framfor vår nyaste bil.
Eg og sjiraffen smiler søtt framfor vår nyaste bil.

Eg føler eg må understreke det, sidan vinnaren drypper litt på meg.

Vinnaren er

Hildegunn Bergheim

Ho skreiv; « Skulle brukt han til å skapa magiske samlingar!;) slik som du er så god på Gudrun!:)» Og det er her dryppinga kjem inn, for me jobbar saman, og då får eg vere med og sjå hennar magiske samlingar!

Gratulerar så mykje!

Klem, Gudrun

Introduksjonstilbod!!

Reprise; Haustferietilbod, varer ut veke 41! Porto vert 150,- med sporing.

Hoppar i det, før eg er klar! Hand- og fingerdokkene mine på pakketilbod, fram til 15. august eller så langt lageret rekker.

samlingsboksen_dokke_collage

prisar og tilbod

samlingsboksen_klassebilde

Pakkepris; Bamse Brakar, Mikkel Rev, Sjiraffen Laffen, Larven Aldrimett, Ulven og dei tre små Griser, inkl korg kr 650,- (enkeltvis kr 975,-)

samlingsboksen_4dokker

Bamse Brakar, Mikkel Rev, Larven Aldrimett, Sjiraffen Laffen inkl korg, kr 550,- (enkeltvis kr 775,-)

samlingsboksen_brakar_mikkel_laffen

Bamse Brakar, Mikkel Rev, Sjiraffen Laffen inkl korg kr 450,- (enkeltvis kr 600,-)

samlingsboksen_mikkel_brakar

Bamse Brakar og Mikkel Rev inkl korg kr 325,- (enkeltvis kr 400,-)

samlingsboksen_aldrimett

Lille Larven Aldrimett inkl korg, kr 200,-

samlingsboksen_laffen

Sjiraffen Laffen inkl korg kr 200,-

Enkelt prisar;

Handdokke eller sett med fingerdokker; kr 175,-

Korg; kr 50,- 75,- el 100,- (alt etter størrelse)

Frakt etter posten sine takstar.

For bestilling send mail til gudrun @ samlingsboksen . no (utan mellomrom) eller ta kontakt på tlf 97170239, helst pr sms eller på ettermiddagstid. Når eg er på jobb, kan eg sjølvsagt ikkje ta telefonen, då er eg oppteken saman med ungane. 😀

Klem Gudrun

Sjiraffen Laffen – gir alltid blaffen

Teaterdokkene til samlingsboksen.no har som sagt endeleg funne vegen til Sogndal. Først ute var ein boks med sjiraffar, endeleg kom Sjiraffen Laffen, det var kjærleik ved første blikk. Så forelska vart eg at eg til og med har lagt ut selfie på instagram, eg som aldri publiserer bilder av meg sjølv.

samlingsboksen_sjiraff_selfie

Sjiraffen Laffen er ein av mine (mange) favorittsongar, så min første tanke når eg fekk sjiraffen i hendene var, sjølvsagt, Sjiraffen Laffen. Første dagen gjekk eg og fire åringen rundt og song heile dagen. Naboen sa at gutungen hadde sunge Sjiraffen Laffen til dei òg, då han var borte og leika med venninna si.

sjiraffen_laffen_samlingsboksen

Så begynte eg å tenkje, det var rimeleg snevert å ha ei teaterdokke kun til Sjiraffen Laffen? Dokka var jo så fin, ho måtte kunne brukast til noko meir. Då fekk eg den geniale idèen å spørje mine følgjarar, her på bloggen, på instagram og på facebook. Og eg fekk mange flotte forslag.

Portveien 2

Alle som vaks opp omtrent samtidig med meg, veit kven Raffen i Portveien 2 er, den gode sjiraffen som gøymde seg for Eli og Jarl, men dukka opp slik at me ungane fekk sjå han. Me som vaks opp med 20-30 minuttar barnetv kl 18 på NRK, hadde litt felles oppdragelse. Dei som veks opp no, har fleire titals kanalar å velje mellom, som sender barneprogram heile døgnet.

Men iallefall, fleire av mine søte hjelparar, ville brukt sjiraffen på samme måte som Raffen i Portveien, ein usynleg, for ho, gjest som dukka opp i samlingsstunder i barnehagen og tøysa bak ryggen hennar.

Sjiraffspråket

Eit anna forslag på korleis sjiraffen skulle brukast, tykte eg var så flott at eg måtte sitere det.

Hadde eg vunne en giraff til meg og mine ville den fungert som informasjonssjef i heimen. Han skulle fortalt om dagens planar og vore lydhøyr for ungane sine ynskjeleg om dagens innhold. Måtte vore ein perfekt måte å starta dagen på etter frukost. Samstundes ville den nok blitt sentral under lese stund og oppsummering av dagen før legge tid med masse kos og klem å gi og få av både meg og ungane.

Den amerikanske psykologen Marshall R. Rosenberg har utvikla ein kommunikasjonsprosess som me på norsk har kalla sjiraffspråket. Sjiraffen har lang hals, som han får god oversikt med, store øyrer som er gode å lytte med, og eit stort hjarte med plass til mykje empati. Eg har virkeleg tenkt å ta i bruk sjiraffspråket oftare, og verte meir anerkjennande i min måte å kommunisere på. (Spesielt heime….) Eg skal skrive eit innlegg berre om sjiraffspråket ein dag, for å hjelpe meg sjølv til å få det under huda, og inspirere deg til å prøve du òg!

Det høgaste dyret i verda

Sjiraffen er det høgaste dyret i verda, hannane vert omtrent 5 meter høge! Flekkane på pelsen er kamuflasje… Kanskje me kunne prøvd å gøyme Sjiraffen Laffen på avdelinga? Ganske fantastisk at flekkane skal kunne kamuflere eit 5 meter høgt dyr! Mennesket sin hals har sju halsvirvlar, kor mange trur du sjiraffen har? HA!! Han har òg sju, akkurat som meg og deg! Og fordi dei er så store, har dei få fiendar. Når eg tek med meg Sjiraffen Laffen i samlinga, skal eg finne endå meir barnevennleg informasjon om sjiraffen sitt liv. Skal eg dele det med deg?

Magiske samlingsstunder

Og heilt til slutt, må eg fortelle deg kva ei av dei skjønne damene eg jobbar med sa; «Skulle brukt han til å skapa magiske samlingar!;) slik som du er så god på Gudrun!» Kjekt med fine tilbakemeldingar! (Tusen takk Hildegunn!) 

Sjiraffen Laffen er utruleg fin å snakke med, han er skikkeleg uttrykksfull, så eg trur nok du får til magiske samlingsstunder med han!

Likar du bloggen? Fint om du deler den  vidare med andre <3 Viss du skriv i kommentarfeltet kva du vil bruke sjiraffen til, så er du med i trekkinga av ein <3

Klem,
-Gudrun-

Bloggen er to år!

To år går jammen fort, i dag har bloggen gebursdag!

I går henta eg ALLE samlingsboksen-dokkene, og er endeleg klar med trekking av vinnaren av Tre små griser-settet. Og sidan det er gebursdag i dag, trekker eg to vinnarar!

**trommevirvel**

Tone Midttun
Siv Årsvoll Lyngstad

Gratulera!!

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.

Vann du ikkje?? Hugs at du kan vinne ein sjiraff viss du deler korleis du vil bruke han i samlingsstuda! Har du spesielt lyst på fingerdokkene, så kjem dei i nettbutikken snart!

Klem frå super-glad Gudrun som endeleg fekk alle handdokkene sine!

Ikkje for utålmodige pyser!

Som eg så vidt har nemt før, har eg bestilt meg nokre «samlingsboksen.no»-handdokker. Avtala var grei, tidsaspektet såg flott ut. Eg bestilte, førehandsbetalte og begynte å vente. To månadar skulle det gå, ein månad til produksjon og ein månad til transport, frå Kina.

samlingsboksen_no_tagg

Eg bestilte 18. desember. Eg håpte dei skulle komme i februar, men fekk ein heil masse unskyldningar. Eg trudde dei skulle komme i mars, men så var det noko problem med å få sent det. Eg var sikker på at dei kom i april, spesielt sidan eg var på ferie dei siste 14 dagane av april. Stressa litt og håpte dei kom før eg reiste.

Så kom mai, no gjekk forventningane kraftig ned, eg håpte dei skulle komme, men trudde det ikkje. I juni hadde eg egentleg gitt opp håpet og rekna med eg hadde fått meg den dyraste lærepengen eg nokon gong hadde fått. Og ingenting dukka opp i juni heller. Eg lova faktisk mannen min at eg skulle spandere middag ute på han, dersom dei dukka opp.

Så kom juli; og der kom første boks med mine eigne sjiraff-handdokker! Eg held på å gå i dørken! Og dei 17 neste boksane er til fortolling i Oslo! (Ja, 17, jentungen sa òg at eg var sprø!)

sjiraff handdokker frå Samlingsboksen.no

Eg køyrde i gong ein konkurranse på facebook og instagram, der eg trekker ei gratis dokke blant dei som kjem med tips til korleis dei vil bruke sjiraff-handdokka i samlingsstunda, eller andre plassar. Samme konkurransen går til blogglesarane, som ikkje følger på facebook eller instagram. Skriv tipsa dine som ein kommentar under her; Korleis vil du bruke sjiraffen Laffen?

Handdokkene kjem for sal om ikkje så brått, viss du har kjempelyst på ei NOOO!! så ta kontakt, så ordnar me det.

Dei andre dokkene er Reven og Bjørnen, Lille larven Aldrimett og dei Tre Små Griser og ulven, som er fingerdokker. Desse kjem snart, og eg lover å vise dei så snart dei kjem på tunet!

Klem, Gudrun