Sosial kompetanse med Mikkel og Bamse

450,00kr

Kategori:

Beskrivelse

Mikkel Rev og Bamse Brakar og 10 små inspirasjonshistoriar som du kan bruke til å dramatisere med.

Eg har teke utgangspunkt i folkeeventyra om Bjørnen og Reven og gitt dei litt ulik personlegheit. Mikkel og Bamse er bestevenner i opplegget mitt, Mikkel er den litt tøffe, litt sjefete, men likevel snill. Mens Bamse er den forsiktige, litt sjenerte og usikre, men som likevel kan gjere ting som sårer Mikkel. Eg har lagt opp til enkle, gjenkjennbare situasjonar for barnehagebarn, med spørsmål til refleksjon i etterkant. Ta gjerne med ei a3-blokk, evt ein flippover, der du skriv ned det ungane seier. Det er spennande å reflektere over fleire sider av same sak. Du treng ikkje ta historiane i rett rekkjefølgje, du treng heller ikkje ta alle historiane. Du kan godt dikte eigne praksisforteljingar ut frå kva som passar i di barnegruppe, gjerne gjenfortelje ei konflikt mellom dine barn med Mikkel og Bamse som aktørar.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Sosial kompetanse med Mikkel og Bamse”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.