Månedlige arkiver: august 2023

Megapakken

Fram til neste torsdag, 31.8., er megapakken på tilbod. Kva er det egentlig inni den?

Hand- og fingerdokker. Rev, Bjørn, Sjiraff, Larven Aldrimett, griser og ulven
Handdokke av Rev, Bjørn, Sjiraff, Larve. Fingerdokker; tre små griser og ulven.

Du får med alle fire handdokkene; Mikkel Rev og Bamse Brakar, Sjiraffen Laffen og Lille Larven Aldrimett Dokkene er super fine teaterdokker som du kan ha masse moro med!

I tillegg får du med pakken med fingerdokker; Dei tre små grisene og ulven.

Alt dette sender eg i posten.

Men du får òg tilgang til mine to onlinekurs;

Sju steg til ei spennande samlingsstund – dette er eit kurs på sju moduler, der eg fortel deg kva som fungerer i ei samlingsstund. Eg har slakta ei samling og delt opp i desse sju læringsmodulane; start, spennande, sjå og smil, saker, song, skodespel, slutt.

Felles opplevelse – dette er eit kortare inspirasjonskurs, der eg tek føre meg samlingsstund som felles opplevelse.

Salet varer til 31. august. God barnehage-oppstart!

Klem Gudrun

Kan du ta med boksen i samling?

«Er du her i morgo?» seier ei fem år gammal jente til meg på turen vår i dag. «Jepp, eg er her kvar dag!» seier eg. «Kan du ta med boksen i samling? Den med gull og kvitt?» er neste spørsmål. «Det lovar eg!» svarar eg.

Ho gleder seg allerede til samling i morgo! Kor kjekt er ikkje det? Eg har sagt det før – eg får energi av å ha samling. Så når eg er sliten, har murrende hovudverk og er lei jobben min, så samlar eg ungane til ei forrykande samlingsstund med masse liv. Og går ut av den med ein litt bedre dag.

Og så gir det meg godfølelse på jobben eg gjer. Det er ikkje til å stikke under ein stol, det er masse krav fra alle kantar mot ein barnehagelærar no om dagen. Og det gir eit psykisk stress og press. Så du føler ikkje alltid at du strekker til, tenkjer av og til at er eg egentlig noko god på dette? Då er det godt med tilbakemeldingar som «Du er jammen god til å ha samling!» Som ein femåring som ikkje var på min avdeling sa til meg etter ei fellessamling ein gong.

Er det vanskeleg?

Tid er berre heilt magisk! Du gir ungane tid til å respondere, og du eig dei! Eg kan bruke mange minuttar på å opne den magiske boksen. Men vert det kjedeleg for det? Nei, eg har ungane i mi hule hand – det er ingen som ikkje følgjer med!

Her er ein kjapp inspirasjonsfilm om konkreter og samlingsboks i samlingsstunda.

Viss eg skal oppsummere

  1. bruk tid!
  2. ha med konkretar.
  3. og sjølvsagt fokus og engasjement.

Hugs – det er sal i nettbutikken! Sjå her på Megapakken, som inneheld omtrent alt eg eig og har. Og her på onlinekurset Sju steg til ei spennande samlingsstund. Salet varer ut august, og er mitt bidrag til eit godt nytt barnehageår. Masse lykke til, det er ikkje vanskeleg å ha gode samlingsstunder. Du trur kanskje at eg alltid har likt å stikke hovudet fram? Men det er laaangt fra sanninga, som sagt tidlegare, så sa eg knapt eit ord høgt i klassen fra 4. klasse. Men eg har lært meg nokre triks og verktøy etter 26 år i barnehage, og dei vil eg lære vidare til deg!

Klem, Gudrun

Kva er det som fungerer?

Eg har som eg kanskje har fortalt, begynt i ein ny barnehage. I den gamle barnehagen min hadde me aldersreine grupper, og oppstarten i fjor var med 12 nye eit åringar, der 8 begynte 15. august. Berre dei som har opplevd det, kan forestille seg det.

I år har eg oppstart på ein stor avdeling, med 18 ungar, i aldersblanda gruppe, der den yngste er 2,5 år og den eldste er 5,5 år. Det er berre tre nye på avdelinga, to fire åringar og pedleiaren. Trur kanskje det er mest utfordrande med pedleiaren.

Men denne omtalte pedleiaren har hatt fleire samlingar med gjengen allerede, mange nok til at dei samlast med forventning. Mitt aller aller beste hjelpemiddel er samlingsboksen. Boksen min er fylt opp med samlingsglede, og har fått ein eigen modul i kurset mitt Sju steg til ei spennande samlingsstund .

Samlingsstund fra tidleg 80-tal

Eg diskuterte samlingsstund med mannen min forrige veke. Eg har jo ein grunntanke om at ungane ikkje skal sitte stille og følgje med for min del. Det er eg som leiar som skal lage ei samling som ungane vil ha med seg. Det er eg som får betalt, og dei som betalar for tilbodet. Magen min vrenger seg når ungar får kjeft for å ikkje følgje med i ei uinspirert samlingsstund.

Sjølvsagt skal ungane lære å sitte stille og følgje med på ting som ikkje er så spennande, men kanskje ikkje samlingsstunda er rette forumet? Eg skreiv om dette tidlegare ein gong, etter ei utviklingssamtale i barnehagen, du kan lese innlegget her. Å ha samlingsstunder med startsett «Hysj!» og «Sit i ro!» er ikkje moro for nokon – ungane vert leie og den som leier samlinga føler seg dårleg.

Men tilbake til diskusjonen med min mann. Hans einaste erfaring med samlingsstunder er frå då han sjølv gjekk i barnehagen. Han hadde eit mål – å lure seg unna samlingsstunda – for det var kjedeleg! Han og kompisen sprang ut og gøymde seg – for då hadde dei vertfall øydelagt den samlinga – eller tok med seg snø inn og kasta rundt. Eg får ein følelse av at samlingene ikkje var så inspirerande. For sjølv om han alltid har vore ein rebell, vil han vere med på kjekke ting.

Fokus – engasjement – tilstadeverelse

Det er sjølvsagt ikkje berre samlingsboksen som er mitt hemmelege våpen – eg har sju hemmelege våpen – som du kan lære om i kurset. Men Fokus – Engasjement – Tilstadeverelse kjem eg ikkje unna. Du må vere med på samlinga sjølv – med hud og hår! Og du må ha det moro! Det smittar! Eg seier alltid: Du kan ikkje tenkje på kva du skal ha til middag når du har samlingsstund, då må du vere akkurat her og akkurat no.

Eg skal spele inn att ei ny samlingsstund om ikkje så brått. Inntil vidare får du kose deg med «Heimebarnehagesamlinga» fra 2020.

Lykke til med barnehageåret 2023-24! La det verte eit år med mange kjekke samlingsstunder!

Klem Gudrun