Kva er det som fungerer?

Eg har som eg kanskje har fortalt, begynt i ein ny barnehage. I den gamle barnehagen min hadde me aldersreine grupper, og oppstarten i fjor var med 12 nye eit åringar, der 8 begynte 15. august. Berre dei som har opplevd det, kan forestille seg det.

I år har eg oppstart på ein stor avdeling, med 18 ungar, i aldersblanda gruppe, der den yngste er 2,5 år og den eldste er 5,5 år. Det er berre tre nye på avdelinga, to fire åringar og pedleiaren. Trur kanskje det er mest utfordrande med pedleiaren.

Men denne omtalte pedleiaren har hatt fleire samlingar med gjengen allerede, mange nok til at dei samlast med forventning. Mitt aller aller beste hjelpemiddel er samlingsboksen. Boksen min er fylt opp med samlingsglede, og har fått ein eigen modul i kurset mitt Sju steg til ei spennande samlingsstund .

Samlingsstund fra tidleg 80-tal

Eg diskuterte samlingsstund med mannen min forrige veke. Eg har jo ein grunntanke om at ungane ikkje skal sitte stille og følgje med for min del. Det er eg som leiar som skal lage ei samling som ungane vil ha med seg. Det er eg som får betalt, og dei som betalar for tilbodet. Magen min vrenger seg når ungar får kjeft for å ikkje følgje med i ei uinspirert samlingsstund.

Sjølvsagt skal ungane lære å sitte stille og følgje med på ting som ikkje er så spennande, men kanskje ikkje samlingsstunda er rette forumet? Eg skreiv om dette tidlegare ein gong, etter ei utviklingssamtale i barnehagen, du kan lese innlegget her. Å ha samlingsstunder med startsett «Hysj!» og «Sit i ro!» er ikkje moro for nokon – ungane vert leie og den som leier samlinga føler seg dårleg.

Men tilbake til diskusjonen med min mann. Hans einaste erfaring med samlingsstunder er frå då han sjølv gjekk i barnehagen. Han hadde eit mål – å lure seg unna samlingsstunda – for det var kjedeleg! Han og kompisen sprang ut og gøymde seg – for då hadde dei vertfall øydelagt den samlinga – eller tok med seg snø inn og kasta rundt. Eg får ein følelse av at samlingene ikkje var så inspirerande. For sjølv om han alltid har vore ein rebell, vil han vere med på kjekke ting.

Fokus – engasjement – tilstadeverelse

Det er sjølvsagt ikkje berre samlingsboksen som er mitt hemmelege våpen – eg har sju hemmelege våpen – som du kan lære om i kurset. Men Fokus – Engasjement – Tilstadeverelse kjem eg ikkje unna. Du må vere med på samlinga sjølv – med hud og hår! Og du må ha det moro! Det smittar! Eg seier alltid: Du kan ikkje tenkje på kva du skal ha til middag når du har samlingsstund, då må du vere akkurat her og akkurat no.

Eg skal spele inn att ei ny samlingsstund om ikkje så brått. Inntil vidare får du kose deg med «Heimebarnehagesamlinga» fra 2020.

Lykke til med barnehageåret 2023-24! La det verte eit år med mange kjekke samlingsstunder!

Klem Gudrun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.