Månedlige arkiver: september 2014

Eventyr om dei tre små griser.

I går dikta eg eit eventyr for to åringane mine på direkten. Eller å seie at eg dikta heilt på frihand, er vel å overdrive. Eg lot meg inspirere av «Bukkane Bruse» og improviserte vidare på det.

La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.
La meg presentere deg for Dei tre små grisene og Ulven.

Du hugsar kanskje Cola-eventyret frå 80-talet;

Det var tre colaflasker som skulle gå over ei bru. Under den brua budde det ein stor, fæl opptrekkar. Først skulle 0,33-flaska gå over. «No kjem eg og opnar deg!» seie opptrekkaren. «Nei, nei, ikkje ta meg, vent litt, so kjem 0,5. Han er mykje større og søtare enn meg!» «So gå då!».

Så kom 0,5-flaska. «No kjem eg og opnar deg!» sa opptrekkaren. «Nei, nei, ikkje ta meg, vent litt so kjem 1,5-literen. Han er mykje større og søtare enn meg!» Opptrekkaren svarar; «So gå då!»

Tilslutt kjem 1,5 liters flaska. «No kjem eg og opnar deg!» ropar flaskeopptrekkaren. «JAH! Berre kom du, for eg har skurkork!»

(For dei som tenkjer at 0,5 literen òg har skrukork, så hadde han ikkje det på 80 talet, då var det glasflasker med vanlege korkar på.)

Bukkane Bruse og ulven

Vel i går lot eg meg inspirere av Bukkane Bruse til å lage eit nytt eventyr om dei tre små grisene. Pelle Gris framstår igjen som ein helt, akkurat som han gjorde i forrige eventyr, han kjem med konstruktive løysningar. Pelle er rettferdig og løysningsorientert, og eit oppkomme av gode idear. Her er det eit tips til teater-song med ungane, den ultimate småbarnssongen som er grunnen til at eg kjøpte inn fingerdokkene til nettbutikken.

Ungane som såg på, som alle er 2 år, sat som spikra, dei elskar dokketeater. Skal eg fortelje deg ein hemmelegheit? Alle ungar elskar dokketeater! Det som er kjekt med fingerdokkene (som t.d. dei tre små grisene) er at du kan spele teater åleine. Eg tek alle tre grisene på ei hand og Missjø Knit Grybin, ulven, på den andre. Då kan eg ta opp Puslegrisen, den første vesle grisen, når han skal snakke, Sporty Bust når han skal snakke og Pelle Gris når det er hans tur, eller alle tre når dei framtrer som ein gjeng. Mens Pelle og Knit kan krangle mot kvarandre når det er deira tur. Sjå gjerne her på mine beste tips til eit godt dramaforløp.

Fingerdokker Dei tre små griser og ulven

 Du kan det, du òg 

Det er ikkje så vanskeleg å få til eit spennande dramaforløp eller ei kjekk samlingsstund, eg kan fortelje deg at min flotte medarbeidar hadde ei super samling forrige veke, alle, både ho, ungane og eg, storkosa oss og var heilt gale! Eg veit jo at eg jobbar med flinke folk, men eg trur alle kan lære å slå seg laus. Denne veka har eg i all fritid studert rettleiing, fordi eg er byrja å studere att på mine vaksne dagar. Men neste veke skal eg ta tak i mine «Sju Steg til ei Spennande Samlingsstund» som skal vere mitt første forsøk på å skape store omveltningar i samlingsstundene i barnehagen. STAY TUNED!

Mine eventyr om dei tre små grisene og ulven kjem òg i nettbutikken snart, som bonus til hand- og fingerdokkene, eller som e-bok for dei som kun ønskjer eventyret.

Du finne meg på Facebook og viss du likar bloggen, trykk på Like- eller Dele-knappen.

Klem,

-Gudrun-

Kvifor vert det bra?

Samlingsstunda er hovudgrunnen til at eg jobbar i barnehage! Kanskje litt flåsete sagt, men det er dagens høgdepunkt, utan tvil. Eg har skrive mine beste tips til samlingsstunda tidlegare, men tenkjer at ein god ting ikkje kan seiast for ofte.

Du gjer eigne val, du lukkast ikkje utan trua.

Kva med deg?

Det er ikkje alle som gler seg vilt til samlingsstunda. Nokon vert stressa av det, gruer seg til det er sin tur. Kanskje du ikkje finn på noko spennande, kanskje du ikkje får med deg ungane, kanskje du gruer deg for at andre vaksne skal sjå på deg, du føler deg ikkje flink nok. Dette har eg tenkt på i det siste. Og nedanfor skal du få tipsa mine/her skal du få høyra korleis det gjekk.

Kvifor vert det bra? Kva gjer eg rett?

Eg tenkjer tilbake på ei samling eg hadde rett etter ferien. Eg jobbar tre dagar i veka, og dette var første veka tilbake i jobb, det var framleis litt sommarferie. Litt kaotisk, slik det ofte er rett etter ferien. Ferien er slutt, men barnehageåret er ikkje byrja. Kor høyrer eg til no? På avdelinga eg gjekk på før ferien, eller på avdelinga eg skal gå på no når det nye året byrjar? Det trur eg både ungar og vaksne tenkjer.

Måndagen var me mange ungar og mange vaksne på ei avdeling, me gjorde det som var enklast; Me gjekk ut! I staden for å samle ungane til samlingsstund.

Onsdagen kom, eg byrja så smått å få samlingsabstinensar. Eg rota litt rundt i boksen, og me samla dei 35 ungane og alle vaksne, ca 10, sikkert. Inn på fellesrommet og samling vart det.

Og det er moro!!

Eg har stjerner i augo, og i hjarta, når me er ferdige. Ungane er mellom 2 og 6 år, og alle er med i samlinga. Alle sit i ro og har fokus på det eg gjer. Ungane har liksom litt stjerner i augo dei òg.

Så når kvelden kom gjorde eg noko korkje eg eller du gjer for ofte, eg begynte å tenkje på kva er det eg gjer bra? Kvifor vert dette vellykka?

Det var eit ord som blinka seg ut frå starten av

Merksemd!

«Minne-monne-manne-minne-monne-manne-minne-monne-manne-maaaa»

Eg ventar ikkje til det er stille. Eg ventar ikkje til alle etternølarane har sett seg. Eg berre startar.

Denne onsdagen starta eg med oppvarming; «Minne-monne-manne…» Eg brukar stemma mi hardt i samlingsstunda, og er ofte litt sår i halsen etter samling. Så onsdag, for å fange barna (og dei vaksne) si merksemd, byrja eg med ei oppvarmingsregle eg lærte på eit kurs ein gong.

Alle skjønte at no byrjar det, viss eg ikkje vil gå glipp av noko, så må eg sette meg, og ha fokus framover.

Og ein annan hemmelegheit, merksemda må gå begge vegar. Du som er leiar og sit framme og forventar fullt fokus frå ungane, må gi fullt fokus tilbake.

Du må sjå alle ungane, kvar og ein, i augo, heile samlingsstunda.

Viss du ikkje viser at du kosar deg, kosar heller ikkje ungane seg. Sjå på dei, og SMIL, hank ungane inn med blikket ditt, vis at du ser nettopp den ungen, og gi han eller ho eit anerkjennande blikk. Sjå her eit innlegg eg skreiv i vinter om viktigheita av å smile til ungane, og andre.

Eg ser deg!!

Klarar du dette, har du langt på veg ei vellukka samlingsstund. Lukke til, og del gjerne bloggen vidare viss du likar han.

klem,
Gudrun

 

 

 

Kven er eg?

Eg var hjå ein ny frisør ein gong, og dei sender ut ein forhaldsvis hyggeleg sms nokre gonger i året. Relativt hyggeleg, seier eg, og det er fordi min sms alltid startar med; «Hei Gudsun!» Og deira potensielle kunde forsvinner umiddelbart, eg vert irritert og sur fordi dei skriv navnet mitt veldig feil, sjølv om dei berre har bytta ut ein bokstav. Gudrun er eit navn, men eg har aldri høyrt om nokon som heiter Gudsun.

Handdokke sjiraff
Gudrun og Sjiraffen Laffen

Dette fekk meg då til å tenkje på kor mykje navnet vårt betyr for oss. Eg jobbar i år med toåringar, og me har brukt desse første vekene til å pugge navn, kvar einaste samling har me ein til to navnesongar, me har navnelappar ved matbordet og gebursdagslarvene er komne på veggen. Desse er kjekke å gå gjennom ved matbordet, kva heiter dei forskjellege larvene? (Ein av sommarfuglane skal heite Gudrun, så du skjønnar kva larvene heiter. Dei vart veldig søte, klipte ut larver og limte på hovudet til ungane, utruleg fine larver, dei aller finaste!)

Men det er ikkje berre ungane sitt navn som er viktig, foreldra har òg eit navn. Eg trur foreldra føler seg meir sett dersom me brukar deira navn. Her skal du få eit super-duper- tips hjå meg, korleis jukse seg til navnet til foreldra; I garderoben har me hengt opp bilde av ungane på plassen deira, på bildet har me skrive navnet til ungen OG navnet til foreldra. Smart, ikkje sant?

Dale Carnegie, han med Lev livet uten bekymringer-boka, veit du, har skrive fleire bøker. Blant anna klassikaren Hvordan vinne venner. Han skriv dette om navn;

«Hvordan du skal få folk til å like deg.

Prinsipp 3. Husk at en persons navn er for ham eller henne den vakreste lyd i språket.» (s 140)

Då er vel navn viktige, då, ikkje sant?  Tips til oppstarts-navnesongar finn du her. I oppstarten er det fint med eit vers til kvar.

Eg har òg brukt Sjiraffen Laffen no i samlingane, han helser på alle ungane, og dei fleste gir han ein klem. Handdokker er eit flott redskap i samlingsstunda. Ungane henvender seg til dokka og vert meir aktive (på ein positiv måte, altså), dei snakkar til dokka, og høyrer på det dokka seier. Sjiraffen Laffen er jo veldig beskjeden, så han pleier berre å kviskre til meg, men han er glad i kos og klem. Og så syng dei til Laffen kvar gong, kva song dei syng? Sjiraffen Laffen, sjølvsagt.

Hugs at «sharing is caring», likar du bloggen, så del den med andre.

Klem,

-Gudrun-