Dramatisering

Bjørnen og Reven som handdokker
Bamse Brakar og Mikkel Rev

Tenkte eg skulle samle mine beste tips til ei vellukka dramatisering.

1. Det enkle er ofte det beste. Utkledninga kan gjerne vere så enkel som mogeleg, berre ein hatt, eller eit teppe over ryggen, nokre enkle øyrer i papp, ein paraply (viss du ikkje er overtruisk som meg, og ikkje tek ein oppslått paraply over hovudet inne ;)) Det treng ikkje vere store greiene, faktisk bør det ikkje vere store greiene. Ungane skal ha muligheit til å kjenne deg att bak kostymet.

2. Det er veldig kjekt å vere to om det. Det vert morsomare for deg, og morsomare for ungane. (Og for dei vaksne som ser på, sjølv om det ikkje er dei du skal underhalde)

3. Bruk store bevegelsar, bruk heile deg, slå deg laus.

4. Rekvesitane kan òg vere enkle, berre for å gi ungane ein peikepinn; t.d. plastdyr, fisk i papp. Du er det viktigaste, det andre er berre med for å understøtte deg.

5. Blikket ditt er eit viktig verktøy, få augekontakt med alle ungane. (Eg er litt beskjeden, så eg unngår som oftast å ha augekontakt med dei vaksne, eg leikar egentleg at dei ikkje er der. Ja, det er sant!! Eg ER faktisk det!!)

6. Stemma di ER heile førestillinga; du kan ikkje dramatisere med ei monotom stemme, du må bruke stemma for å få fram den rette stemninga; i Storetroll og Vesletroll brummar Storetroll med djup, grov stemme, mens det livredde Vesletrollet piper med kjempe lys stemme. Viss du kviskrar høgt, har du ein hemmelegheit med ungane, dei er heilt med!

7. Få gjerne ungane med på ein eller annan måte. T.d. kan dei uuuule saman med reven i Hakkebakkeskogen, skoggele som nabotrolla i Storetroll og Vesletroll, bære mjølk osv. osv.

8. Dess yngre ungane er, dess enklare må du gjere det. Har du små ungar, må du ikkje bruke mykje kostyme.

9. Engasjement!! Du må vere engasjert! Du må leve det! Og du må gløyme dei andre vaksne, slapp av, dei tykkjer det er moro å sjå på deg dei òg.

10. Og eit avsluttingstips, som eg har plukka opp frå Snakkepakken, møt aldri tomhendt til ei samling. Eg drøymer om å lage ei spennande kassa ala Snakkepakken, men med fokus på samlingsstunda og kreativitet. Er godt i gang i mitt eige arbeid, med alle dei flotte boksane mine, men det er noko eg ønskjer å dele med andre òg. Samlingsstunda er den morosamaste tida i barnehagen!

Har du dramatiseringstips? Noko eg har gløymt? Del-del-del! Saman vert me sterke!

-Gudrun-

sjiraffen_laffen_samlingsboksen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.